Ein vil ikkje miste funksjon som tilhøyrer den fungerande muskelen (kalla donormuskel) då andre musklar vil ivareta bevegelsen. Ein kan rekonstruere både passive og aktive grep avhengig av tal på tilgjengelege donormusklar. Til dømes er brachioradialis ein av dei vanlegaste musklane vi nyttar som donormuskel.
Det er ein føresetnad at ein har stabilitet og kontroll over albogen for å kunne nytte seg av eit funksjonelt grep. Dersom ein ikkje har stabilitet og kontroll over albogen er det ein føresetnad at ein gjennomfører tricepsrekonstruksjon fyrst. Det er ikkje ein føresetnad å ha gjennomført nervetransferering på førehand.
Målet med grepsrekonstruksjon er å oppnå eit funksjonelt grep. Eit betre grep kan bidra til auka sjølvstende i ei rekke daglegdagse aktivitetar, til dømes: påkledning, personleg stell, måltidssituasjonar , bruk av pc / mobil etc.