Rotator Cuff Ruptur
Skulder – rift/avrivning i muskelsene
Spesielt fire musklar samarbeider om å skape stabilitet og gode plassforhold i skuldra; musklane supraspinatus, subscapularis, infraspinatus og teres minor. Musklane blir kalla samla rotatorcuffen. Desse musklane ligg som ein samanfletta «kappe» eller «mansjett» rundt skulderleddet og stabiliserer skuldra når armen blir bevega i ulike retningar. Musklane smalnar og blir til ei sene som blir festa til overarmsbeinet.
Symptom
Skade eller overbelastning i ein eller fleire av senene kan gi rift i eller total avriving av sena. Dette kan føre til smerte, kraftsvikt og problem med å bruke armen i det daglege.
Mange pasientar vil ha god effekt av treningsterapi og blir viste til fysioterapeut. Du får sjølv ansvar for å bestille time ved eit fysioterapiinstitutt. Andre bør visast direkte til ortoped for vurdering av operasjon. Fastlege gjer ofte denne vurderinga. Manuellterapeut og kiropraktor kan også vise til vurdering av operasjon.
Tilvising og vurdering
Når du har blitt tilvist på grunn av skadd muskelsene i skuldra, vil du bli kalla inn til undersøking hos ortoped.
Utgreiing
Hos ortoped vil du gå gjennom ei grundig undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale vil de bli samde om vidare behandlingsplan.
Les om
Dersom du blir tilrådd operasjon kan det vere ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du held fram behandlinga hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga er å hindre stivleik i skuldra, redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.
I forkant av operasjonen vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.
Behandling
Operasjonen går skjer med kikhòlskirurgi. Betent vev og bein som lagar dårlege plassforhold i leddet kan fjernast. Rifter i senevev blir sydde saman. Avrivne sener blir festa tilbake på overarmsbeinet. Det finst ulike måtar å feste senene på. Operasjonen tek vanlegvis omtrent 1 time.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Somme pasientar blir skrivne ut operasjonsdagen, andre treng å bli ein dag eller to.
Behov for fatle blir avgjort av ortoped i kvart enkelt tilfelle. Somme pasientar får i tillegg beskjed om å unngå visse rørsler og aktiv bruk av armen ein periode etter operasjonen. Beskjedar givne i beskrivinga av operasjonen, skal alltid følgjast.
Er du på sjukehuset dagen etter operasjonen, kjem fysioterapeut til deg og går gjennom informasjon, øvingar og bruk av fatle.
Vi tilrår at du startar opptrening hos fysioterapeut 1-2 veker etter heimreise. Opptrening og behandling skjer gradvis og i samsvar med operasjonsbeskrivinga. I byrjinga er fokuset å redusere smerte og auke rørsle i skuldra. Etter kvart skal du gradvis trene opp styrke og stabilitet.
Fysioterapi og eigentrening er heilt nødvendig for å få eit godt resultat etter operasjonen.
Ved behov vil du få resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.
Lengd på sjukmeldinga avheng av mellom anna av restriksjonar gjevne i operasjonsbeskrivinga, arbeidssituasjon og omfang av plager. Vanlegvis skriv ortopeden ut den første sjukmeldinga og fastlegen kan forlengje denne ved behov.
Etter operasjonen blir du innkalla til kontroll.
Ver merksam
Sårinfeksjon er ein sjeldan komplikasjon etter operasjon.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du opplever følgjande symptom:
- feber
- frostanfall
- at du blir raud eller får puss frå såra
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk klinikk
Ventetid: 4 - 68 uker
Ventetid: 4 - 68 uker
Kontakt Ortopedisk klinikkOppmøtestad
Behandlinga blir utført ved fleire ulike avdelingar under Ortopedisk klinikk; Ortopedisk avdeling Haukeland, Kysthospitalet i Hagevik og Voss sjukehus. Sjå klinikkens nettside for kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Kysthospitalet i Hagevik
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss