Subacromial impingement
Skulder, inneklemmingssyndrom
Ved inneklemmingssyndrom er det liten plass mellom sjølve skulderkula (det vil seie øvre del av overarmen) og beina over (som er ein del av skulderbladet). Dette kan føre til smerte og problem med å bruke armen i det daglege.
Fysikalsk behandling
Dei fleste pasientar vil ha god effekt av fysikalsk behandling. Fastlegen skriv ut ei tilvising og du får sjølv ansvar for å bestille time hos ein fysioterapeut. Dersom du har prøvd tilstrekkeleg behandling i 3–6 månader utan betring av symptoma dine kan du ha behov for operasjon. Fastlege, manuell terapeut og kiropraktor kan sende ei tilvising til ortoped.
Tilvising og vurdering
Når du har vorte vist på grunn av inneklemmingssyndrom, vil du bli innkalla til undersøking hos ortoped.
Før
Hos ortoped vil du gå gjennom ei grundig klinisk undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale vil de bli samde om vidare behandlingsplan.
Ultralyd
Dersom du blir tilrådd operasjon, kan det vere ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du held fram behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga er å hindre stivleik i skuldra, redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.
I forkant av operasjonen vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.
Etter
Det finst ikkje absolutte restriksjonar etter denne typen operasjon, men beskjedar gitt i operasjonsbeskrivinga skal alltid følgjast. Arbeid med armen i eller over skuldernivå, einsidig og/eller tungt arbeid blir ikkje tilrådd dei første 10–12 vekene. Dei fleste pasientar skal ikkje bruke fatle, men ein enkel fatle kan brukast ved behov i nokre dagar om du har mykje smerte.
Er du på sjukehuset dagen etter operasjonen,vil ein fysioterapeut gi deg informasjon og gå gjennom øvingar saman med deg. Vi tilrår at du startar opptrening hos fysioterapeut 1–2 veker etter heimreise. Fysioterapi og eigentrening er heilt nødvendig for å få eit godt resultat etter operasjon.
Ved behov vil du få resept på smertestillande når du reiser frå sjukehuset.
Lengd på sjukmelding vil bestemmast av mellom anna arbeidssituasjon og omfang av plager. Vanlegvis skriv ortoped ut den første sjukmeldinga og fastlege kan forlengje denne ved behov.
Etter operasjonen vil du bli innkalla til kontroll.
Ver merksam
Sårinfeksjon er ein sjeldan komplikasjon etter operasjon.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du opplever følgjande symptom:
- feber
- frostanfall
- raudheit eller puss frå såra
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk klinikk
Oppmøtestad
Behandlinga blir utført ved fleire ulike avdelingar under Ortopedisk klinikk; Ortopedisk avdeling Haukeland, Kysthospitalet i Hagevik og Voss sjukehus. Sjå klinikkens nettside for kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Kysthospitalet i Hagevik
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss