Når du har blitt tilvist på grunn av frosen skulder, blir du innkalt til undersøking hos ortoped.
Hos ortopeden går du gjennom ei grundig klinisk undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som for eksempel røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale, vil de bli einige om vidare behandlingsplan.
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader
Dersom ortopeden anbefaler operasjon kan det vere ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du fortset behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand, men unngå smertefulle tøyingar. Føremålet med behandlinga er å redusere smerte, vedlikehalde rørsle og førebue deg til operasjon.
Så snart du har fått dato for operasjon, bør du bestille time hos fysioterapeut slik at du har ein timeavtale dei første dagane etter heimreise.