Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Røntgenundersøking skjelett ved Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Røntgen av skjelettet gir oss bilete av ein eller fleire knoklar eller ledd. Vi tar skjelettundersøkingar for å avklare om det er skade eller sjukdom i og/eller rundt beinvev. Skjelettundersøkingar er også ofte kontrollar på innopererte protesar, gamle brudd eller tidlegare forandringar.

 


 


Innleiing

Tilvising og vurdering

Tilvising av lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Før

Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling eller gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

Under

Under sjølve bilettakinga er det viktig å holde deg heilt i ro. Enkelte ganger skal du holde pusten. Undersøkinga varer frå 3 til 20 minutt.

Etter

Inneliggande pasientar kan gå attende til avdelinga med det same.
Andre pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelle andre avtalar på sjukehuset.

Resultat av undersøkinga

Etter at undersøkinga er ferdig, blir bildene vurdert av ein lege. 

Tilvisande lege får svar frå radiologisk avdeling.  Du får vite resultatet av undersøkinga frå legen din etter avtale.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Bil

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til rundkøyringa ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun).
  • Ta første avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta andre avkøyring i første rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem).
  • Følg vegen 4,4 km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Praktisk informasjon

Informasjon om prøvesvar

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

Informasjonsbrev til pasientar

Kantine

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. 

Mobiltelefon

Mobiltelefon er tillat utanom på oppvakningsavdelinga.  Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Oppmøte

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem, og gå deretter opp til venterommet i 2. etasje. 

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?