HELSENORGE
Innlegging, skifte og fjerning av pyelostomikateter / Intervensjon

Pyelostomi

Pyelostomi er ei behandling der eit tynt kateter vert lagd inn i nyra for å avlaste. Ved hjelp av pyelostomikateteret vert urinen drenert ut av kroppen og samla opp i ein pose.

Innleiing

Det er ulike medisinske årsaker som kan krevje innlegging av pyelostomikateter. Felles er at det er avløpshinder mellom nyre og blære som fører til oppsamling av urin i nyra (hydronefrose).

Ofte vert kateteret lagd inn som akutt avlastning, og fjerna att når avløpshindringa er behandla. Hjå enkelte er derimot avløpshindringa langvarig eller permanent. Ved behov for avlasting over lengre tid lyt ein byte kateteret kvar tredje månad. Skifte av kateter vert utført i røntgengjennomlysing ved Radiologisk avdeling.

Det nye kateteret vert lagd i same innstikkstad som det gamle kateteret har ligge i, normalt er difor skifte av kateter ein enklare prosedyre enn ved første innlegging.

Før

Før du kjem til oss


Pasientar til pyelostomiinnlegging  har vore til forundersøking hjå lege og vert lagd inn på sengepost i forkant av behandlinga. Du skal ha fått informasjon om den planlagde prosedyra før du kjem til oss på radiologisk avdeling.

  • Du må vera fastande, det vil bli  lagd inn veneflon i armen og aktuelle blodprøvar vert tekne.
  • Du vert køyrd i seng til undersøkingsrommet på Radiologisk avdeling.
  • Hugs å ta med deg ei liste over faste medisinar som du brukar.
  • Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.
  • Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan, Xarelto, Pradaxa eller Eliquis.

Under

På Radiologisk avdeling vil du bli møtt av to radiografar. Kateteret vert lagd inn av lege med spesialisering innan røntgen og intervensjon (intervensjonsradiolog).

Før undersøkinga er det ein del førebuingar, og radiografen vil stille deg nokre spørsmål. Du må liggje på magen, huda vert desinfisert på ryggen kring innstikkstaden, og du får eit operasjonsdekke over deg.

Før kateteret vert lagd inn vil radiologen starte med å gje deg lokalbedøving.

Du vil vera vaken under inngrepet, men vil få avslappande og smertelindrande medikament etter behov. Blodtrykk og puls vert måla.

Sjølve inngrepet tek normalt 1/2- 1 time.

Fjerning av pyelostomi

Dersom seinare undersøking viser normal passasje av urin, kan kateretet fjernast. Gjennomlysing er ikkje naudsynt for å fjerne kateteret, det kan ansvarleg avdeling utføre.

Etter

Etter undersøking

Etter behandlinga må du observerast ei tid på sengepost. Normalt er det sengeleie 3- 4 timar ved innlegging av nytt kateter. Ved ukomplisert skifte av kateter er observasjonstida noko redusert, til omlag ein time. Vanlegvis vil det koma noko blod i urinposen etter inngrepet. Dette er normalt, men om det skulle vedvare bør du ta kontakt med ansvarleg avdeling, fastlege eller heimesjukepleiar.

Ver merksam

Pass godt på kateteret!
Det er lett å få drag i posen og slik dra kateteret ut.

Handtering av kateter, skifte av bandasje og pose:

Sjå anbefaling frå Kirurgisk klinikk (pdf)

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?