Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
hybridstue.foto

Radiologisk avdeling, Intervensjon

Radiologisk avdeling, Intervensjon heldt til i 1. etasje i Sentralblokka. På seksjonen vår utfører me primært ulike behandlingar (intervensjonar), men også noko biletediagnostikk. Røntgen, ultralyd og kontrastmiddel vert nytta som hjelpemiddel.

Intervensjon er eit omgrep nytta for ulike behandlingar i menneskekroppen. Det dei har til felles er at operatøren ikkje kan sjå operasjonsfeltet direkte, ultralyd eller røntgen vert nytta som vegleiing. Det er ein skånsom, kateterbasert metode, der tilgong til det aktuelle området er gjennom eit tynt kateter/nål gjennom huda.

Denne metoden vert nytta til alt frå å stoppe blødningar ved coiling (hovud/mage), stentgraftinnlegging ved aneurismer i aorta (utposing på hovudpulsåra), til mindre inngrep som abscessdrenasjer, biopsi og innlegging av dren for avlastning av nyre- og gallesystemet.

Angiografi

Vi undersøker alle blodkar i kroppen med unntak av hjartet. Direkte omsett betyr angiografi "teikning av blodårer". Metoden er den mest nøyaktige for undersøking av blodårene i kroppen. Denne undersøkinga er også kateterbasert, og som regeler vert det tynne kateteret lagt inn i hovudpulsåra via lysken. Kontrastmiddel vert sett inn gjennom kateteret i det aktuelle området. Slik får ein framstilt blodårene, som elles ikkje ville vore synlege på røntgen. Programvara i røntgenapparatet gjer det mogeleg å fjerne all anatomi, slik at kun blodåresystemet er synleg.

I dag er pasientane som oftast utreia på førehand, og ei angiografiundersøking hjå oss endar ofte med behandling (intervensjon) som blokking, stenting eller coiling.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi heldt til i 1. etasje i Sentralblokka på Haukelandsområdet.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen