HELSENORGE
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk polikllinikk Voss

Menstruasjonsblødingar, Voss

Kraftige, uregelmessige menstruasjonsblødingar kan vere ein belastning i dagleglivet. Situasjonen kan bli betre med oppfølging frå lege eller gynekolog. Det finnes fleire typer behandlingar dersom du har kraftige menstruasjonsblødingar.

Innleiing

Ventetider på Velg behandlingssted (helsenorge.no)

Sjølv om dei fleste kvinner i vaksen alder har regelmessige menstruasjonsblødingar, er mellombelse endringar i blødingsmønsteret ganske vanleg og som oftast ufarleg. I fasen ved start av menstruasjon (tidleg i tenåra) og ved start av overgangsalderen er uregelmessige blødingar svært vanlege.

Andre årsaker til kraftige uregelmessige blødingar

  • Muskelknutar på livmora
  • Polypp (utvekst på livmortappen eller livmorslimhinna)
  • Bløding etter at menstruasjonen er stoppa for godt (overgangsalder / menopause), skal alltid undersøkast! Sjølv om dette som oftast skuldast godarta endringar, kan det vere eit mogleg symptom på kreft og dette krev utgreiing.
  • Endometriose - ein tilstand der vev av same type som slimhinna i livmora (endometrium) finst utanfor livmora. For eksempel på innsida av eggleiar eller på eggstokkar, bukhinne, tarmar eller urinblæra.

 

Tilvising og vurdering

Fastlege kan som oftast behandle kraftige og uregelmessige menstruasjonsblødingar. Om dei ikkje kan tilby behandling, kan dei sende ei tilvising til sjukehuset.

 

Utgreiing

Før du kjem til sjukehuset, er det nokre spørsmål som er viktige at du kan svare på når du kjem:

  • Er menstruasjonen regelmessig (han kjem med same mellomrom rekna frå 1. dag i menstruasjonen) eller uregelmessig (han kjem med ulike tidsintervall)?
  • Blør du i perioden mellom det du reknar som menstruasjon? Kor lenge har du hatt unormale blødingar? Kan du få blødingar under samleie?
  • Det er nyttig om du fører ein blødingskalender, det vil seie at du kryssar av i ein kalender for dagar du har bløding - markér gjerne med eit stort kryss for kraftig bløding og eit lite kryss ved liten bløding.
  • Er menstruasjonen unormalt kraftig? Kor mange bind / tampongar må du skifte i løpet av ein dag / natt? Blir du blodfattig? (Har legen din målt blodprosenten / jernlageret?)
  • Kan du vere gravid? Bruker du prevensjon? Eventuelt: Prøver du å bli gravid? Dette kan ha mykje å seie for behandlinga.
  • Har du fått behandling mot blødingsforstyrringar tidlegare? Kva har vore prøvd?
  • Tar du medisinar? Nokon medisinar som er blodfortynnande kan gi auka risiko for bløding.
  • Har du andre sjukdommar som du får behandling for eller går til kontroll for? 

Under utgreiinga kan det vere nødvendig å gjere en gynekologisk undersøking. Kor lang tid utgreiinga tar, vil variere frå pasient til pasient. Det vil også variere kva slags undersøkingar du må gjennom. Det kan vere fleire årsakar til kraftige og uregelmessige menstruasjonsblødingar.  Etter utgreiinga er over, vil legen kunne seie noke om kva som er årsaka til dine menstruasjonsplagar, og dette vil vere med på å bestemme kva for behandling som er best for deg.

Les meir om Gynekologisk undersøking

Gynekologisk undersøking

 

Gynekologisk undersøking (GU) er ei undersøking av underlivet hos kvinner. Det blir brukt ved utgreiing av gynekologiske lidingar. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan.

  1. Før

    Du må vere avkledd nedantil like før undersøkinga. Du kan ikkje ta livmorhalsprøve/ celleprøve dersom du har menstruasjon.

  2. Under

    Vanlegvis ligg du på ein benk med beina opp, hvilande i ein beinhaldar. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam.

    Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.

    I nokre tilfeller må gynekologen gjere ein generell undersøking, og vil ta både røntgen og blodprøvar.

    Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Ved mykje luft i tarmen kan ein likevel oppleve luftsmerter i samband med undersøkinga. Full urinblære kan også gi ubehag ved undersøkinga.

  3. Etter

    Når undersøkinga er ferdig kan du reise heim. Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser.

    Resultat av undersøkinga

    I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.

    Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Gå til Gynekologisk undersøking

 

 

Behandling

Medisinar som behandling

Nokon gonger kan hyppige og sterke menstruasjonsblødingar skuldast hormonforstyrringar, og ein vil kunne regulere plagane med medisinar. Ofte er det fornuftig å prøve ut ulike medisinar for å se om det kan hjelpe før operasjon blir eit alternativ. Det er din behandlande lege som avgjer dette.

Operasjon som behandling

I nokre tilfelle der medisinar ikkje lindrar plagane, kan det vere aktuelt med operasjon. Kva slags operasjon som er aktuell for deg, blir bestemt ut i frå årsaken til dine plagar. Nokon operasjonar blir utført som dagbehandling og du kan reise heim same dag. Andre operasjonar krev at du overnattar på sjukehus i 1-3 dagar etter operasjonen.

 

Behandlingen eller undersøkelsen gjøres flere steder

Fjerning av livmor, ikkje kreft

Oppfølging

Det må ofte gå litt tid etter ei behandling er sett i gang, før ein kan seie om behandlinga er effektiv eller ikkje. Om du får medikamentell behandling, vil behandlingslengde vere avhengig av kva for medisin du får. Etter kirurgisk behandling ved operasjon vil du enten kunne reise heim etter nokon timar (dagkirurgi) eller du er innlagt på sjukehus i 1-3 dagar. Etter operasjon er det vanleg med sjukmelding. Varigheit på sjukmeldinga varierer etter kva slags operasjon som er utført.

Det kan vere aktuelt å komme til kontroll på sjukehuset, eller avtale kontroll hos fastlegen eller din eigen private gynekolog. Dette blir du einig med legen om. På ein slik kontroll er det viktig å kunne seie noko om du opplever at behandlinga har vore effektiv eller ikkje. Skriv gjerne ein slags dagbok over korleis menstruasjonsblødinga har vore etter at du har starta med behandlinga, og om du har smerter. Det vil då vere lettare å sjå effekten av behandlinga.

Dei fleste pasientane som har fjerna livmora og ikkje livmorhalsen (cervix), vil ikkje lengre ha menstruasjonsblødingar, og treng sjeldan kontroll.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?