Førebuingar før operasjonen
Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.
Fjern eventuell naglelakk, smykke, ringar og piercingar.
- Ta med deg eventuelle faste medisinar. Legen vurderer om det er nokon av dei faste medisinane som du skal ta på operasjonsdagen.
- Du må faste før operasjon.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker:: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Operasjonsdagen
Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som klargjer deg til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å liggje i medan du ventar på å bli kjørt til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjort riktig. Du vil bli kjørt i seng til operasjonsavdelinga. Avhengig av kva slags operasjon du skal gjennom vil du få narkose eller ryggbedøving (spinal anestesi) før operasjonen begynner.
Under operasjonen
Kikholsoperasjon (laparoskopi)
Ein fordel med kikholsoperasjon er at du vil komme deg mykje fortare etter operasjonen, enn om det blir gjort med open kirurgi. Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumentar på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Kirurgen opererer muskelknuten/-ane laus frå livmora og gjennom ei av dei små opninga i huda. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1-2 timar. Det er vanleg å reise heim same dag, eller dagen etter operasjonen.
Open kirurgi (laparostomi)
Ved open kirurgi blir det enten laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Kirurgen som opererer deg løyser muskelknuten/-ane frå livmora, og fjernar han gjennom snittet på magen. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1-2 timar. Det er vanleg å bli på sjukehuset i om lag 3 dagar etter operasjonen.
Reduksjon av livmorslimhinna (endometriereseksjon)
Inngrepet blir utført via eit instrument som førast inn i livmora via skjeden, og så blir muskelknuten/-ane fjerna eller brent bort. Om ein berre fjernar ein muskelknute, vil du fortsatt ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Om heile livmorslimhinna blir fjerna, er moglegheita for å bli gravid sterkt redusert. Operasjonen blir enten utført i full narkose eller med ryggbedøving, og inngrepet tar 5-15 minutt. Reduksjon av livmorslimhinna blir oftast utført som dagkirurgi. Det vil seie at du kan reise heim same dag som operasjonen.
Embolisering
Dette er eit inngrep som blir utført på Radiologisk avdeling. Små partiklar blir injisert i blodkar som forsyner muskelknuten/-ane i livmora, og lagar ein kunstig blodpropp. Knutane får ikkje blodtilførsel og vil krympe. Inngrepet blir utført med bedøving og smertestillande. Smertane kan variere i styrke i etterkant av inngrepet.
Etter operasjonen
Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka og narkosen eller ryggbedøvinga har gått ut, blir du enten flytta over til sengepost eller kan reise heim avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov.
Det er viktig å komme seg raskt på beina igjen etter ein operasjon. Du bør ha følge første gang du skal opp av senga etter operasjonen. Dette kan sjukepleiarane hjelpe deg med.
Etter kikholsoperasjon og open kirurgi vil det bli lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etter.
Komplikasjonar
Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men det kan skje:
- Bløding under eller etter inngrepet
- Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
- Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
- Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
- Blodpropp (sjeldan)
- Problem med bedøving (svært sjeldan)