Reduksjon av livmorslimhinnen, Voss
Dette er ei behandling (operasjon) mot kraftige vaginalblødingar der anna behandling ikkje har vore tilstrekkeleg.
Om operasjonen
Reduksjon av livmorslimhinna er ein operasjon som ofte viser til gode resultat. Dei fleste blir godt nøgde med operasjonen. Etter operasjonen mistar om lag 40 prosent menstruasjonen, medan opp mot 50 prosent får redusert menstruasjonsbløding. Mellom 10 og 20 prosent er framleis plaga med kraftige menstruasjonar eller har fått auka menstruasjonssmerter. I slike tilfelle kan inngrepet gjentakast, eller det kan bli aktuelt å fjerne livmora.
Dersom det berre blir fjerna ein muskelknute vil du framleis ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Er heile slimhinna fjerna er moglegheita for å bli gravid sterkt redusert. Dersom du ikkje får menstruasjonar i det heile, er inngrepet å betrakte som sterilisering. Har du framleis blødingar, må du vurdere behov for prevensjon. Fordi livmorhòla er skrumpa, kan spiral vere ueigna. Dette kan du diskutere med din eigen lege eller gynekolog.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller den private gynekologen din som viser til sjukehuset for å få utført ein reduksjon av livmorslimhinna. I nokre tilfelle blir du først vist til sjukehuset for utgreiing, og ut i frå utgreiinga blir det bestemt om du skal få utført ein reduksjon av livmorslimhinna.
Før
Førebuingar heime før operasjonen
- Du skal ikkje barbere deg nedantil, 6 veker før operasjon. Dette er for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Du må dusje før du dreg heimanfrå (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Vask gjerne håret, men du må møte opp med tørt hår, så du ikkje frys.
- Ikkje ta på deg bodylotion/hudkrem eller sminke etter du har dusja.
- Du må møte utan naglelakk, smykkar, ringjer og piercingar.
- Ta med deg eventuelle faste medisinar. Legen vurderer kva medisinar du skal ta på operasjonsdagen.
- Du skal faste før operasjonen.
På sjukehuset før operasjonen
Når du kjem på operasjonsdagen blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får pasienttøy som du skal kle på deg, og ei seng du kan liggje i medan du ventar på å bli køyrd til operasjon. Vi fjernar kjønnshåra med ei maskin, slik at det ikkje er nokre hår i operasjonsområdet. Vidare vil vi også stille deg nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjorde rett.
Du blir følgd til operasjonsavdelinga når dei er klare til å ta imot deg. Der blir du møtt av operasjons- og anestesisjukepleiarar som gjer deg klar for operasjonen og skal vere med deg medan du blir operert.
Under
Operasjonen blir utført via eit instrument som blir ført inn i livmora via skjeden. Vi fjernar eller brenner bort livmorslimhinna, muskelknutar eller andre mindre forandringar som til dømes polyppar. Inngrepet blir vanlegvis utført i narkose eller med ryggbedøving (spinal eller epiduralanestesi).
Reduksjon av livmorslimhinna blir utført som regel som dagkirurgi. Det vil seie at du kan reise heim same dag som operasjonen.
Komplikasjonar
Ein sjeldan gong kan det oppstå hol i livmora under operasjonen. Dersom dette blør, kan det bli nødvendig med operasjon for å stanse blødinga.
Infeksjon er uvanleg, men ved nokre typar inngrep blir det gitt antibiotika før inngrepet for å redusere infeksjonsfaren.
Etter
Det er vanlegvis lite smerter etter inngrepet. Du må likevel ha Paracetamol, Naproxen eller Ibuprofen (Ibux) heime, slik at du har smertestillande tilgjengeleg ved behov etter operasjonen. Dette får du kjøpt utan resept på apoteket.
Andre forhold
- Du kan få litt feber den første kvelden og natta etter inngrepet.
- Bløding minkar mykje dei para første døgn. Det er vanleg med utflod, som kan vare i 4-6 veker. Utfloda er brunleg på farge og kan lukte litt.
- Unngå samleie, karbad, basseng eller bruk av tampong i 4-6 veker etter inngrepet, eller til utfloda er normal.
Ver merksam
Ta kontakt med lege dersom du får utflod, kombinert med aukande smerter og feber over 38 grader i meir enn 2 dagar. Dette kan vere eit teikn på infeksjon.
Kontakt
Voss sjukehus
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.
Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss