Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leppe-kjeve-ganespalte (LKG)

Leppe-kjeve og/eller ganespalte er ei medfødd misdanning der barnet har ei spalte i leppe/kjeve og/eller gane i varierande grad. Grada av spalte kan vere alt frå ein liten ujamnskap til totalt gjennomgåande spalte i leppe, kjeve og gane på begge sider.

Leppe-kjeve-ganespalte er ein medfødd tilstand som rammar overleppa, kjevekammen og/eller ganen i varierande grad.

Les meir på helsenorge.no

Mating og amming

Informasjon og film 

Amming og mating av barn med leppe-kjeve-ganespalte
En baby som blir matet melk
  • Leppe-kjeve-ganespalte er den vanlegaste medfødde misdanninga i hovud- og halsregionen.
  • 2 av 1000 levande fødde barn i Noreg er fødde med leppe-kjeve-ganespalte.
  • Operasjonstidspunkt og talet på operasjonar blir bestemte av spaltetype, veksten til barnet og generelle utvikling.

Tverrfagleg behandlingsteam

Barn som er fødde med leppe-kjeve-ganespalte blir viste til behandlingsteamet etter fødsel. Barnet og foreldra blir kalla inn til eit informasjonsmøte innan dei første to levemånadene. Leppe-kjeve-ganespalte blir korrigert av eit tverrfagleg behandlingsteam frå nyfødd til vaksen alder.

All behandling blir koordinert av eit tverrfagleg behandlingsteam som består av plastikkirurg, kjeveortoped, øyre-nase-hals-lege, logoped, sjukepleiar og psykolog. Av og til er spesialistar i medisinsk genetikk, røntgen og kjevekirurgi involvert. Desse faggruppene utarbeider individuelle behandlingsplanar for kvart barn.

For å sikre god kvalitet og einsarta behandlingstilbod, er tenesta sentralisert og organisert som ei fleirregional behandlingsteneste, lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus. Behandlinga er organisert i tverrfaglege team som følger internasjonalt anerkjente behandlingsprotokollar.  

Tilvising og vurdering

Behandlingsteama ønsker at kvinner frå alle helseregionar blir tilviste tidleg i svangerskapet når det er mistanke om eller bekrefta at barnet har leppe-kjeve-ganespalte.

Ved ultralydundersøking av gravide kvinner, kan ein oppdage om det ufødde barnet har leppespalte. Om barnet også har kjeve- og/eller ganespalte, kan ikkje avklarast sikkert ved ultralydundersøking.

Når ultralydundersøkinga gir mistanke om leppe-kjeve-ganespalte, kan gynekologen vise til Haukeland universitetssjukehus eller Oslo universitetssykehus dersom kvinna ønsker det. Ein sjukepleiar eller lege ved behandlingsteamet vil da opprette kontakt med den gravide.

Det er også mogleg å ta direkte kontakt med spalteteamet, utan tilvising frå lege.

Dersom dette gjeld ditt barn, er du velkommen til å kontakte spalteteamet for meir informasjon. Behandlingsteamet ønsker at blivande foreldre får svar på spørsmåla sine for å vere godt førebudde på tida etter fødselen.

Dersom diagnosen blir stilt etter fødselen, vil fødselslege/barnelege vise til spalteteamet for vidare oppfølging av barnet. Lege eller sjukepleiar i behandlingsteamet skal ta kontakt med mor til barnet innan eit par dagar, for å gi råd om mating og stell.

Dersom du synest det tar for lang tid før sjukepleiar/lege i behandlingsteamet kontaktar deg, kan du ta direkte kontakt med koordinator for spalteteamet som de får tildelt, høvesvis ved Haukeland universitetssjukehus eller Oslo universitetssykehus.

  • Kva form for spalte dreier det seg om?
  • Kva svangerskapsveke er barnet fødd i?
  • Andre tilstandar/misdanning
  • Hvilken form for spalte dreier det seg om
  • Hvilken svangerskapsuke er barnet født i
  • Andre tilstander / misdannelse

Utgreiing

Etter fødselen får foreldre og barn innkalling til eit heildags informasjonsmøte med det tverrfaglege behandlingsteamet.

Under dette møtet får foreldra informasjon om behandlingsforløpet frå plastikkirurg, kjeveortoped (reguleringstannlege), logoped, øyre-nase-hals-lege, sosionom, psykolog og sjukepleiar.

Alle barna blir også undersøkte av plastikkirurg, og foreldra blir informerte om behandlingsplanen, ein individuell plan tilpassa kvart enkelt barn. Dersom barnet har andre medfødde misdanningar enn spalta eller ein mistenker sjukdom, blir barnelege involvert. Det kan vere aktuelt å tilvise til avdeling for medisinsk genetikk for utgreiing og prøvetaking.

I etterkant av informasjonsmøtet, vil utgreiinga for dei fleste barna vere ferdig og dato for start av behandling vil ofte vere sett. Foreldre, tilvisande lege og fastlege får i etterkant tilsendt skriftleg informasjon om resultat av undersøkinga og behandlinga som er planlagd.

Behandling

Behandling er individuelt tilpassa, men her følger ei generell beskriving av behandlingsforløpet.

Kirurgiske behandlingar som kan vere aktuelle

 

Operasjon av leppespalta blir gjennomført ved 4-månedersalderen. Barnet blir lagt inn på sjukehuset dagen før operasjonen og blir sett til av kirurg og anestesilege. Ein får informasjon om rutinar for fasting og anna førebuing. Tida på sjukehus er berekna til 5–7 dagar.

Operasjon av ganespalta blir gjennomført ved 1-årsalderen. Barnet kjem på sjukehuset dagen før operasjonen for å bli sett til av kirurg og anestesilege. Ein får informasjon om rutinar for fasting og anna førebuing. Barn og foreldre reiser heim eller overnattar på pasienthotellet natt til operasjonsdagen. Tida på sjukehus varierer frå 2–5 dagar.

Barn som har spalte i kjevekammen må få gjort beintransplantasjon til kjevespalta. Dette fordi tennene skal ha bein å bryte fram i og tannrøtene skal få feste. Kjeveortopedane bestemmer tidspunktet for operasjonen, og det er frambrotet til tennene som avgjer når dette ideelt sett skal gjerast. Vanlegvis når barnet er 8–11 år.

Barnet kjem på sjukehuset dagen før operasjonen for å bli sett til av kirurg og anestesilege. Barn og foreldre reiser heim eller overnattar på pasienthotellet natt til operasjonsdagen. Tida på sjukehuset varierer frå 2–5 dagar.

Nokre barn som er opererte for ganespalte kan få problem med lekkasje av luft mellom munn og nase når dei snakkar. Talen kan da bli utydeleg og ha ein nasal klang. Det kan i så fall vere aktuelt med ein ny ganeoperasjon, ein «svelglapp»- eller ein «kinnlapp»-operasjon.

Formålet er å korrigere forholdet mellom gane og svelgvegg, slik at det ikkje blir lekkasje av luft til nasen under tale. Logoped og plastikkirurg i behandlingsteamet vil gi råd om det bør gjerast undersøkingar med tanke på luftlekkasje og operasjon. Taleforbetrande operasjon blir oftast gjord før skolestart.

Ved 16-årsalderen nærmar ungdommen seg utvakse og saman gjer vi ei vurdering av funksjon og estetikk. Det kan da eventuelt planleggast operasjon for å korrigere nase og/eller leppe.

  • Det er viktig for barnet å vere førebudd på at det skal til operasjon eller undersøking. Ut frå alder og forståing må foreldra og behandlar vurdere i kva omfang desse førebuingane bør vere.
  • Barnet må vere friskt når det skal opererast. Det vil seie at han/ho kan ikkje vere forkjølt, ha feber eller liknande.
  • Det er også viktig at barnet ikkje får vaksinar to veker før eller to veker etter operasjonen. Dette grunna eventuelle vaksinereaksjonar.

Narkose

Alle operasjonar på barn blir gjorde i narkose. Narkosen blir utført av spesialistar innanfor barneanestesi.

Viktige førebuingar før operasjonen

  • Kvelden før operasjonen skal du dusje
  • Faste startar som avtalt med avdelinga

Operasjonsdagen

  • Du må vere fastande som avtalt.
  • EMLA-krem eller plaster blir lagt på handbakane ein time før oppmøte på operasjonsdagen. Det er lokalbedøvande middel og blir brukt for å hindre smerter ved blodprøvetaking og innlegging av eit tynt plastrøyr i ei blodåre i armen (venekanyle).

Følge av foreldre og føresette

Begge foreldra får følge barnet til operasjonsavdelinga, men berre éin forelder kan vere med barnet inn på operasjonsstua og vere der til barnet er lagd i narkose. Når barnet har sovna, må foreldra forlate operasjonsavdelinga.

Når operasjonen er ferdig vil foreldra bli kontakta, og tilvist til oppvakningsavdelinga. Foreldra blir verande på oppvakningsavdelinga saman med barnet i nokre timar, før det blir overflytta tilbake til sengepost.

Andre behandlingar som blir følgde opp av det tverrfaglege teamet

 

Tannregulering

Etter beintransplantasjon til spalta i kjevekammen omkring 7-årsalderen, vil barna trenge vanleg tannregulering eit par år. I dag er det sjeldan nødvendig å sette inn kunstige tenner hos pasientar med spalte.

I 6-7-årsalderen vil nokre pasientar ha utvikla underbit og smal overkjeve, og vil ha behov for kjeveortopedisk behandling. Målet er å føre dei nye blivande fortennene i overkjeven i rett stilling. Om det er behov for kjeveortopedisk behandling, blir vurdert av kjeveortoped i behandlingsteamet.

Det er særleg viktig at tennene, både mjølketenner og dei blivande, blir tatte godt vare på. Foreldre må passe på at tennene blir haldne reine, og tannpuss er derfor viktig. Bruk fluor, og unngå eting mellom måltida.

Barna bør undersøkast regelmessig hos «skoletannlegen» frå dei er to år gamle.

Den kirurgiske og kjeveortopediske behandlinga er med på å legge grunnlaget for god tale. Logopedane i teamet gir informasjon og råd til foreldre etter kvart som behandlinga skrir fram. Dei er med på å organisere tiltak for å fremje språk og tale.

Kontakt mellom logoped og foreldre blir etablert under informasjonsmøtet i nyføddperioden. Kontakten vil fortsette etter ganeoperasjonen i eittårsalderen.

Alle barn med ganespalte blir undersøkte av øre-nase-hals-lege før ganelukkingsoperasjonen. Det har lett for å samle seg væske i mellomøyret hos barn med ganespalte og høyrselen kan bli svekt. Små ventilasjonsrøyr gjennom trommehinna (dren) kan sikre luft i mellomøyre og god høyrsel. Barn som er fødde med ganespalte skal derfor undersøkast av øyre-nase-halsspesialist to gonger i året. Det er faste øyre-nase-halslegar i det tverrfaglege teamet som undersøker barnet ved framtidige kontrollar.

Oppfølging

Barn fødde med leppe-kjeve-ganespalte vil bli følgde tett av ganespalteteamet. Det er faste kontrollar ved 4-, 6-, og 16-årsalderen. Det blir sendt ut skriftleg informasjon om kor og korleis kontrollane vil bli gjennomførte.

 

Ved 4-årsalderen blir alle som har ganespalte kalla inn til vurdering av språk og tale. Samtidig blir ganefunksjonen undersøkt og om det er tendens til nasal tale (luftlekkasje til nasen). I samråd med resten av teamet blir det lagt plan for eventuell vidare taletrening.

Nødvendig logopedisk behandling og andre spesialpedagogiske tiltak blir planlagde saman med lokal logoped og pedagogisk psykologisk teneste (PPT). Barna blir innkalla etter behov til Statped (statleg pedagogisk teneste) for nye kontrollar og behandling.

For nokre (cirka 15–20 prosent) av barna som har hatt ganespalte, er nasal tale (nasalering) eit problem som ikkje lèt seg trene bort. For desse kan det vere aktuelt med taleforbetrande operasjon.

Ved 6-årsalderen har alle barn med leppe-kjeve-gane-spalte ein kontroll i det tverrfaglege behandlingsteamet. I samråd med resten av teamet blir det lagt ein plan for eventuell vidare taletrening.

For nokre (cirka 15–20 prosent) av barna som har hatt ganespalte, er nasal tale (nasalering) eit problem som ikkje lèt seg trene bort. For desse kan det vere aktuelt med taleforbetrande operasjon.

Ved 10-årsalderen blir alle barn med leppe-/kjeve- og ganespalte innkalla til kjeveortoped og logoped i behandlingsteamet. Kjeveortopedisk behandling (tannregulering) og logopedisk oppfølging skjer gjennom skolealderen, hovudsakleg på heimstaden under rettleiing av spesialistane i behandlingsteamet.

Logo LKG

Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte (LKG-registeret) er et nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som ble opprettet i 2009 på oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet for å sikre dokumentasjon av behandlingsresultat. 

 

Kontakt

  • Kontakt Barnekirurgen

    Oppmøtestad

    Vi held til i blokk 6, 3 etasje i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.  

    Alle pasientar som skal leggast inn på Barnekirurgen blir tatt imot i kirurgisk mottak for barn i blokk 6, etasje U1 i Glasblokkene. 


    Barn og unge som blir innlagt kan vere knytt til ulike kirurgiske spesialitetar. Har du spørsmål om kommande innlegging eller poliklinikk kan du kontakte sentralbordet på telefon 55 97 50 00 og be om å bli sett over til: 

    • Øyre-nase-hals poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Kirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Plastikkirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Kjevekirurgisk poliklinikk eller innleggingskontor  
    • Ortopedisk poliklinikk eller innleggingskontor   
    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    ​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

    Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

    Les meir om gåver og donasjonar

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

    Måltida i spisestoven blir servert: 

    Frokost: 08.00-09-00

    Lunsj: 11.30-12.30

    Middag: 15.00-16.00

    Kvelds: 19.00-20.00

    Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

     

    Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

    Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

    For mor og far: dersom du er usikker på korleis du skal forhalde deg; ta kontakt med sjukeplear for avklaring. 

    For andre besøkande - dersom du er sjuk – hald deg heime!

    Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til å ha nakne armer under albuen. Altså oppbretta genser, av med ringer, klokker eller lange negler.

    For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du spørje først. Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp. 


    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

    Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:
    Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

    Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:
    Ring 55 97 33 93

    Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
    Ring 113

    Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs ring 41701556 (intern 509544) til BUK Ansvarsvakt Mottak.

     
  • Kontakt Plastikkirurgi og brannskade

    Oppmøtestad

    Du finn oss i Sentralblokka.

    • Telefon - ekspedisjon: 55 97 28 42
    • Brannskadeavsnittet: 55 97 35 60
    • Post 4: 55 97 35 50
    • Poliklinikk operativ enhet: 55 97 28 05, telefontid Kl. 09.00-11.00 og 13.00-14.30, måndag, onsdag og fredag
    • Leppe-kjeve-gane spalte teamet: 55 97 62 86, telefontid Kl. 09.30-11.00 og 13.00-14.30, måndag, onsdag og fredag
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

    Les meir om stilleromma

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.