Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Amming og mating av barn med leppe-kjeve-ganespalte

En baby som blir matet melk

Korleis barn med leppe kjeve ganespalte blir amma og mata  på, kjem an på kva spaltetype barnet har. 

Dei fleste mødre til barn fødd med leppespalte opplever sjeldan problem med amminga på grunn av spalten. Nokre mødre har erfart at det kan hjelpe barnet å få betre tak i brystet om mor dekker spalten med brystet.

Barn med isolert ganespalte eller leppe-kjeve- ganespalte har ofte store vanskar med å få i seg nok melk frå brystet. Det er fordi dei ikkje klarar å lage vakuum eller lukke leppene rundt brysvorta.Mange av barna kan likevel ha glede av å få noko morsmelk frå brystet og resten av måltidet frå flaske.

Om det ikkje er mogleg å amme eller vanskeleg , kan mor pumpe ut mjølka med ei brystpumpe. Noko mange har gjort dette med godt resultat.

Dei fleste mødre ønsker å gi barnet sitt morsmjølk, men pumping kan vere vanskeleg for nokre mødre. Det er ikkje alle som får ut tilstrekkeleg med mjølk ved hjelp av pumpa. Da kan ein gi morsmjølkerstatning med flaske.

tåteflasken
Tåteflaske eigna for barn med leppe-kjeve-ganesplte

 

 

Flaskemating

Barnet får mjølka frå ei mjuk flaske der hola i smokken må tilpassast barnet. Når ein mater barnet klemmer ein  lett og støtvis på flaska slik at slik at barnet får drikke passanse mengder i passande tempo. Det er utvikla ei tåteflaske som er tilpassa barn som av ulike årsakar ikkje er i stand til å skape vakuum når dei drikk. (SpesialNeeds). 

 

 

 

Film om flaskemating

 

 

Andre utfordringar

Ved mating hender det ofte at mjølk kjem ut av nasa under og etter måltida. Dette er heilt ufarleg og har ein naturleg årsak.

Nokre barn kan vere plaga av tørrleik og skorpar på spaltestaden ved leppespaltar. Ein feit krem eller vaselin kan hjelpe mot det.

 

Tilbake til behandlingsteksten for leppe-kjeve-ganespalte

Sist oppdatert 30.11.2023