Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Leddgikt

Leddgikt, eller revmatoid artritt, er ein kronisk leddsjukdom prega av hovne ledd, leddsmerter og stivleik. Det er ein autoimmun sjukdom der immunforsvaret til kroppen går til angrep på eigne celler og lagar betennelse (inflammasjon) i leddhinnene.

Revmatoid artritt (leddgikt) gjør leddene stive, smertefulle og hovne. Behandling kan ikke kurere leddgikten, men kan virke symptomlindrende og beskytte leddene mot skade.

Les meir på helsenorge.no

Utbreiing

I Noreg har cirka 0,5 prosent av befolkninga revmatoid artritt. Sjukdommen er tre–fire gonger hyppigare hos kvinner. Den kan starte i alle aldrar, men oppstår oftast hos personar over 50 år.

Symptom

Hovudsymptoma ved leddgikt er hevelse, smerte og stivleik i fingerledd på grunn av leddbetennelse (artritt). Utan behandling kan sjukdommen føre til leddskade og nedsett funksjon. Påverknad av indre organ er sjeldan, men leddgikt kan gi auka risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose) og hjarte-karsjukdom. Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøyttleik eller utmatting.

Sjukdommen kan arte seg svært ulikt frå person til person. Nokon opplever milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp.

Symptoma varierer over tid. Hos nokon svært få går sjukdommen heilt tilbake utan behandling, medan nokon berre opplever milde symptom. Dei fleste får meir plager etter kvart dersom ein ikkje behander sjukdommen. Det finst i dag effektive medisinar som dempar betennelsen og lindrar plagene.

Tilvising og vurdering

Dersom det er mistanke om at du har leddgikt vil du bli tilvist til revmatolog av fastlegen din. Opplysningane frå fastlegen gir grunnlag for om og kor raskt du vil bli innkalla til vurdering.

Når symptoma er leddsmerter med spørsmål om revmatoid artritt, ber vi om:

  1. Anamnese
    a) varigheit av leddsmerter
    b) morgonstivleik, tilstiving i kvile, rørslelindring?
    c) eventuell effekt av NSAIDS?
    d) tilkomme utfordringar med daglege funksjonar?
    e) eventuelt hereditet og andre sjukdommar

  2. Funn ved undersøking
    a) hevelse i ledd?
    b) ømheit over ledd (utan å vere tilsvarande øm utanfor ledda)?
    c) rørsleinnskrenkingar?

  3. Blodprøver
    a) CRP, Sr
    b) RF, anti-CCP, ANA

  4. Resultat av eventuelle biletundersøkingar
g_351543ce_2afb_4ad5_b273_9386cf9c3189



Utgreiing

Revmatologen vil snakke med deg og undersøkje ledda dine. Beskrivinga di av plagene gir viktig informasjon til legen. Blodprøvar kan vise om betennelsesmarkørane senking og CRP er forhøgde. Blodprøvar vil også vise om du har antistoffa revmatoid faktor (RF) og anti-CCP. Dersom du har leddgikt og desse antistoffa, seier ein at leddgikta er seropositiv.

Dei fleste revmatologer bruker ultralyd som ein viktig del av undersøkinga. Andre biletundersøkingar som røntgen og MR kan brukast for å kartleggje omfanget av leddbetennelse og moglege leddskadar.

Omfang og varigheit av leddbetennelse saman med opplysningane du gir og resultat av andre undersøkingar, avgjer om ein stiller diagnosen leddgikt. Av og til kan diagnosen stillast ved første time, medan andre gonger kan det vere nødvendig med fleire undersøkingar før det blir klart om du har leddgikt eller ikkje.

Behandling

Dersom du har leddgikt vil du starte med behandling når diagnosen er stilt. Når det er igangverande betennelse i ledda er det viktig å komme i gang med behandlinga raskt. Du blir teken med på råd om kva behandling som er best for deg. Når du startar  med medisinar vil du få informasjon om medisinen og om det er behov for blodprøvekontrollar hos fastlege under behandlinga.

Medikamentell behandling

Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD). Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (Paracet) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som f.eks. Naproxen og Ibux).

Dei sjukdomsreduserande medisinane dempar overaktiviteten i immunsystemet og dermed betennelsesprosessen. Dette er viktig for å hindre utvikling av leddskade. Ofte er kortison (Prednisolon) aktuelt i byrjinga for å få rask effekt, anten i tablettform eller som injeksjon i ledd. Det mest aktuelle sjukdomsreduserande legemiddelet er methotrexate (Methotrexate tablettar eller Metex injeksjonar).

Andre alternativ er sulfasalzin (Salazopyrin) og leflunomid (Arava). Det tek ofte 3–4 månadar før desse medikamenta har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i ledda i denne tida før DMARDS har effekt. Av og til vil kortisoninjeksjonar i ledda vere nødvendig og effektivt.

Dersom ein ikkje får tilstrekkeleg effekt av desse tradisjonelle, åleine eller i kombinasjon, kan det bli aktuelt med biologiske legemiddel. Dette er medisinar som er laga for å verke på spesifikke delar av betennelsesprosessen. Dei biologiske medikamenta har best effekt når dei blir kombinerte med methotrexate. Dei biologiske legemidla blir gitt direkte i blodet (intravenøs infusjon) eller som sprøyte/penn som blir sett under huda.

Anna behandling

Trening og øvingar kan gjere at du blir mindre stiv, får betre funksjon og kan halde rørsle ved like, i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Mange med revmatoid artritt får rettleiing frå fysioterapeut om dette i starten av diagnosen, i periodar kan det også vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gi råd og rettleiing, særleg ved funksjonstap i hender.

Svangerskap

Ein kan få barn sjølv om ein har leddgikt, men det er ønskjeleg at svangerskapa blir planlagde til ein periode der leddgikta er lite aktiv. Det er viktig at ein tek opp ønske om barn på kontrollar fordi det kan vere behov for å endre behandling, til dømes må metotreksat avsluttast og eventuelt erstattast av anna behandling 3 månader før ein prøver å bli gravid. Det er ikkje auka førekomst av misdanningar hos barnet til kvinner med leddgikt.

Oppfølging

Behandling av revmatoid artritt går over mange år. Oppfølginga vil vere eit samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling.

Det vil vere tette kontrollar når du får diagnosen og ved periodar med aktivitet i sjukdommen. Mange sjukehus har laga pasientforløp der det inngår kontrollar hos sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i tillegg til lege det første året. Når sjukdommen er fredeleg, kan du ha færre kontrollar og ein del sjukehus har då behovsstyrt oppfølging der du sjølv tek kontakt når du treng kontroll på sjukehuset.

Du må sjølv avtale kontrollar hos fastlegen

  • Du har éin kontrolltime i året hos fastlege, der mellom anna risiko for hjarte- og karsjukdom og beinskjørheit blir vurdert.
  • Dersom du bruker DMARDS, må du avtale blodprøvetaking regelmessig, vanlegvis 4 gonger i året. Dette er for å sjekke at behandlinga ikkje har utilsikta biverknadar.
  • Dersom du bruker DMARDS og/eller er >65 år, bør du vaksinere deg mot influensa- og koronavirus om hausten og pneumokokkvaksine kvart 6. år. Ved nokon DMARDS er det tilrådd vaksine mot herpes zoster (Shingrix) i tillegg.

DMARDS dempar immunsystemet noko. Dersom du bruker biologisk DMARD og får infeksjon som gjer at du treng antibiotika eller må leggjast inn på sjukehus, bør du ta pause frå biologisk behandling til infeksjonen er under kontroll. Dersom du skal opererast, er det viktig at du seier frå på førehand dersom du bruker biologisk behandling, det vil ofte bli tilrådd å ta pause frå biologisk behandling i forkant og dei første 2 vekene etter ein operasjon.

Å leve godt med kronisk leddsjukdom

Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.

God kunnskap om sjukdommen er viktig. Det gir deg grunnlag for å meistre din situasjon, og å ta gode val for deg og helsa di. Mange erfarer at det er nyttig å møte andre som har liknande helseutfordringar. Mange sjukehus arrangerer lærings- og meistringskurs med tanke på dette.

Livsstilen ein har, kan påverke sjukdomsforløpet ved leddsjukdom. Det blir tilrådd å ha eit sunt kosthald og å trene regelmessig, både styrke og kondisjonstrening. Tilrådingane for fysisk aktivitet og kosthald for menneske med leddsjukdom er i prinsippet lik tilrådingane for heile befolkninga.

Tilrådingar om fysisk aktivitet (helsenorge.no)

Tobakk blir frårådd fordi det aukar risikoen for høg sjukdomsaktivitet (i tillegg til andre uheldige effektar).

Dersom du har utfordringar med fysisk aktivitet eller utføring av aktivitetar i kvardagen, kan vurdering hos fysioterapeut og ergoterapeut vere nyttig. Dette kan du snakke med behandlaren din om.

Sjå video - Handtrening for personar med leddgikt

 

Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Kurs

  • Leddgikt - RA
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Leddgikt - RA
    27.
    januar
    2025
    Fleire datoar