Du vaknar etter operasjonen på Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO) i sentralblokka. Her ligg du på eit overvakingsrom med fleire sengeplassar, og er tilkobla mykje utstyr. I denne første fasen er det helsepersonell rundt deg heile tida som passar på deg.
Vanlegvis blir du til neste dag. Du kjem sansynlegvis ikkje til å hugse noko særleg frå denne tida på grunn av narkosen og andre smertestillande medisinar.
Dei fleste pasientar blir blir flytta til hjarteavdelinga post 4 dagen etter operasjonen. På sengeposten blir du liggande på eit overvakingsrom det første døgeret. Etterpå blir du flytta til vanleg sengerom.
Besøk etter operasjonen
Det er ikkje vanleg at pårørande kjem på besøk til TIO. Næraste familie kan ringje dit for å høyre korleis pasienten har det. Dei første dagane treng du mykje ro og berre nokre få personar bør kome på besøk.
Tilstander som kan oppstå
- Det er vanlig med blødning det første døgeret etter operasjonen. Nokre pasientar må gjennom ei kirurgisk opning av operasjonssåret for å stoppe blødninga.
- Det kan oppstå infeksjon etter operasjonen.
- Det kan oppstå mindre forstyrringar i hjarterytmen i form av atrieflimmer. Det brukar å normalisere seg etter behandling.
- Ved hjartekirurgi kan leidningssystemet i hjartet bli skadd. Det kan vereforbigåande, men hos enkelte kan det være nødvendig å legge inn ein permanent pacemaker.
- Ein kan oppleve psykiske problem av ulik karakter og eventuelt akutt forvirring (eldre er meir utsettt enn yngre pasientar) problema er som regel forbigåande.
Tidleg aktivitet
Etter operasjonen er det viktig å komme i aktivitet. Din eigeninnsats er veldig viktig for vellykka rehabilitering etter hjarteoperasjonen. Ved hjelp av enkle øvingar kan du redusere faren for komplikasjonar. Fysioterapeuten vil informere deg om øvingane før operasjonen.
Øvingar som betrar blodsirkulasjonen og minskar faren for blodpropp:
- Bøy og strekk begge anklar 10 - 20 gonger
- Bøy og strekk ett bein om gongen, 10 gonger med kvart bein
- Stram og slapp av setemusklar og lår 10 gonger
Øvingar som betrar lungefunksjonen og gjer det lettare å hoste opp slim:
- Strekk armane over hovudet, og ta dei ned igjen 10 gonger. Ta gjerne ein arm i gongen.
- Legg hendene på magen. Pust så djupt inn at magen hevar seg og slapp deretter av. Gjenta 5 gonger.
- Du vil få eit munnstykke (PEP-ventil) som gir motstand når du pustar ut slik at dei små luftvegane blir utvida. Når du brukar PEP-ventil vil du lettare hoste opp slim som kan ha samla seg i luftvegane. Blås om lag 10 gonger, gjenta øvinga to til tre gonger med ein liten pause mellom kvar runde. Når du kjenner du må hoste kan du støtte ei pute mot brystet, då gjer det mindre vondt når du hostar.
Den første dagen etter operasjonen vil du få hjelp til å komme opp på sengekanten og trakke nokre skritt ved senga. Treninga blir tilpassa den enkelte for kvar dag. Vi set opp ein plan for kor mykje du skal vere oppe dei første dagane etter operasjonen.
Her er ser du eit vanleg aktivitetsprogram for mange av våre pasientar:
- Dag 1: Sitte i stol minst ½ time ved kvart måltid. Bruke pep-ventil/pustehjelpemiddel minst 10 blås om lag kvar time.
- Dag 2: Sitte i stol minst 1 time ved kvert måltid. Gå på rommet eller i korridoren med følgje. Bruke PEP-ventil minst 10 blås om lag kvar time.
- Frå dag 3: Vere mest mogleg oppe, kvile ved behov. Gå turar i korridoren. Bruke pep-ventil minst 10 blås om lag kvar time.
Vi hjelper deg med det du måtte trenge for å gjennomføre aktivitetane. På slutten av opphaldet er det viktig å bli meir sjølvhjelpen for å gjere overgangen til heimesituasjonen lettare. Du må ikkje forlate avdelinga utan å gi beskjed til oss.
Puls
Dei første dagane etter operasjonen har du på deg berbart overvakingsutstyr (telemetriapparat). På vaktrommet kan vi følgje med på hjarterytmen din. Mange får uregelmessig eller hurtig puls i periodar. Det kan kjennast ut som hjartebank. Som oftast er det forbigåande og ufarleg. Det kan bli behandla med rytmeregulerande medisin.
Dersom du får uregelmessig puls etter utreise skal du finne ei god kvilestilling. Du skal ha det mest mogleg komfortabelt til pulsen blir rolegare. Det kan også hjelpe å ta ein smertestillande tablett. Uregelmessig puls glir oftast over av seg sjølv og du kan då vere aktiv som normalt. Får du langvarig hurtig puls eller hjartebank og føler deg tungpusta, ta kontakt med lege.
Smerter
Du kan forvente å trenge smertestillande medisin regelmessig den føste tida. God smertebehandling vil både gjere det lettare å vere i aktivitet og å få hosta opp slim. I tillegg til smertene i brystet vil mange oppleve stivheit i nakke og skuldrer.
Her er nokre øvingar som hjelper mot stiv nakke og skuldrer
Hovudet skal ikkje bøyast bakover når du gjer desse øvingane. Gjer øvingane 5-10 gonger.
- Løft skuldrene opp mot hovudet og slipp dei roleg ned igjen.
- Legg fingertuppane på skuldrene. Lag store sirklar med olbogane.
- Plasser hendene i nakken, før olbogane bakover medan du held ryggen rett. Hold stillinga og slapp så av.
- Drei hovudet rolig til sida og hold eit augeblikk. Sjå rett fram. Drei hovudet til den andre sida.
- Bøy hovudet roleg til sida og hold nokre sekund. Rett hovudet opp og bøy til andre sida. Desse øvingane kan du fint fortsette med når du er komen heim.
Pust
Etter operasjonen er lungene «stivare» enn tidlegare, og du kan bli meir kortpusta enn du er vant til. Det kan ta opp til eit par månader før lungefunksjonen blir normal. Å være oppe og i aktivitet er viktig for rask bedring.
Temperatur
Det er normalt med litt høgare kroppstemperatur enn elles dei første dagane etter operasjonen.
Blodprosent
Ein hjarteoperasjon krev normalt ingan behandling med jarntilskot. Det er som regel tilstrekkeleg å ete sunn og variert mat.
Blodtrykk
Dersom blodtrykket ditt har vore høgt før operasjonen, er det sannsynleg at det kjem tilbake til dei same verdiane nokre månader etter operasjonen. Vanlegvis held du fram med blodtrykksmedisin og du skal oppretthalde kontrollar hos fastlegen din.
Væske i kroppen
Det er normalt med opphoping av væske i kroppen den første tida. Dei første dagane får du derfor medisin som driv vatnet ut av kroppen igjen. Det tar litt tid før blodsirkulasjonen i beina normaliserer seg etter operasjonen. Beina hovnar lett opp så du får elastiske strømper som du skal bruke i 1-2 månader. Hevelsen vil gå ned etter kvart.
Dren
Det blir lagt inn minst to dren under operasjonen for å drenere sårvæske. Drena blir fjerna etter 1-2 dagar og huda blir lukka med eit sting eller tape. Stinga skal sitje på 12-14 dagar etter operasjonen.
Pacemaker
Under operasjonen legg kirurgen inn to eller fleire tynne leidningar til hjartet. Leidningane kan koplast til ein pacemaker ved enkelte typar hjarterytmeforstyrring. Pacemakerleidningane blir fjerna før du reiser heim.
Operasjonssåret
For å operere i hjartet er det vanleg å opne brystbeinet på langs. Det blir sydd saman igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd med innvendige sting som ikkje skal fjernast. Du må rekne med nedsett følelse i huda og ubehag ei tid framover. Dersom det er brukt ei blodåre frå brystveggen, er det gjerne huda til venstre for brystbeinet som kan ha redusert følelse. Årsaka er at nokre nervar i huda er blitt skadd. Du kan også få blåmerke i huda, dei forsvinne gradvis.
Det er vanleg med litt hevelse i området rundt operasjonssåret og at det blir litt raudt. Dette brukar vanlegvis å gå fort tilbake. Dersom det kjem væske frå såra etter at du er komen heim må du straks ta kontakt med fastlegen din. Har såra på beina ikkje grodd etter to til tre veker, eller viser teikn til infeksjon må du også ta kontakt med fastlegen.
Hygiene
Du kan dusje få dagar etter operasjonen. Ein sjukepleiar vil vise deg korleis du skal gå fram. Det er viktig å skylje operasjonssåra fri for såperestar.
Soling
Så lenge arra er raudleg og ikkje kvite skal du smøre på solkrem med høg solfaktor når du er barhuda i fint ver og sol.
Fordøying
Dei fleste får problem med treg mage på grunn av nedsatt aktivitet og medisinbruk den første tida. Ved behov gir vi eit lett flytande avføringsmiddel. Det er viktig at du drikk rikeleg. Fysisk aktivitet stimulerer fordøyinga. Magen vil begynne å fungere som tidlegare når du kjem tilbake til eigne faste rutinar.
Medisinar etter operasjonen
Pasientar som er bypassoperert får Albyl-E ein gong dagleg. Denne medisinen reduserer risikoen for at dei nye årene skal gå tett. Dersom du nyleg har hatt magesår skal du ikkje bruke Albyl-E. Dette vurderer legen saman med deg. Dei fleste held fram med, eller startar med, kolesterolsenkande medisin.
Søvn og kvile
Du kan forvente at nattesøvnen blir forstyrra i ein periode etter operasjonen. Nokre er i tillegg plaga av hallusinasjonar, som er ein etterverknad av narkosen. Derfor er vi restriktive med å gi sovemedisin til alle nyopererte. Vi anbefaler deg etterkvart å halde deg vaken på dagtid (middagskvil er lov) for å betre kvaliteten på natte- søvnen.
Humør og konsentrasjon
Det er vanleg med humørsvigningar etter operasjonen, også for personar som normalt er rolege og har godt humør. Mange kan kjenne seg deprimert, blir lettare irritert og tar til tårene utan grunn. Det er også vanleg å oppleve ein viss grad av svikt i hukommelsen og konsentrasjonsvanskar. Dette er som regel førebels, og vil gradvis normalisere seg.
Råd for å unngå ny hjartesjukdom
Fysisk aktivitet
Når du kjem heim er det viktig å vere i aktivitet og kome i best mogleg fysisk form. Å gå ein tur er glimrande trening. Du kan gå i trapper eller sykle på ergometersykkel dersom du har det. Hugs at du skal føledeg vel etter trening: Varm, sliten, litt andpusten, men ikkje utsliten. Når du startar ein aktivitet/trening er det viktig at du aukar tempoet gradvis og forsiktig. Likeeins roer du gradvis ned når du skal avslutte. Etterpå tøyer du ut musklane.
Brystbeinet treng ca. 8 veker for å gro saman igjen. Unngå å løfte eller bere meir enn eit par kilo i denne perioden. Her er nokre aktivitetar du ikkje skal gjere i denne perioden: støvsuge, vaske golv, hogge ved, lufte store hundar, måke snø, løfte små barn, sykle på vanleg sykkel eller ro.
Du kan ta opp at seksuell aktivitet når du måtte ønske. Dei første 8 vekene er det viktig at du unngår stillingar som gir stor belastning på armane, sidan det også gir stor belastning på brystbeinet.
Gruppetrening
Fysioterapiavdelinga har tilbod om gruppetrening på Haukeland. Det har også andre lokalsjukehus og ulike pasientorganisasjonar. For å søke om plass på treningstilbod kan du kontakte oss på avdelinga før du blir utskriven frå sjukehuset. LHL klinikkane Bergen og LHL klinikkane Nærland har kurs i rehabilitering for hjarteopererte i Hordaland og Rogaland. Pasientar frå andre fylke kan delta på dette. Det er særleg aktuelt for dei som har gjennomgått bypassoperasjon.
Kosthald
I vekene før og etter operasjoner det viktig å ete godt og drikke rikeleg. Vi anbefaler at du drikk minst 2 liter væske kvar dag og gjerne væske rik på energi. Energi- og proteinrik kost er viktig for at sår skal gro og at muskulaturen skal bli sterk.
Riktig og sunn kost gjer at du raskare kjem til hektene igjen. I tida på sjukehuset anbefaler vi tre til fire måltid. Sidan appetitten din kan vere mindre etter operasjonen tilbyr vi mat på sjukehuset med høgare innhald av fett og protein enn du får til vanleg. Det er også viktig med god tannhygiene.
Mat som gjer godt for hjarte
Når du kjem heim anbefaler vi at du etter 14 dagar går over til hjartevennlig kost. Hugs å handle riktig mat når du er i butikken. Det er lettare å ete hjartevennleg når kjøleskapet inneheld den rette maten.
Her er nokre gode val:
- Meir fisk, frukt, grønsaker og grove kornprodukter
- Magre meieri- og kjøtprodukt
- Oljer, mjuk margarin, nøtter avokado og oliven som gir umetta feitt
- Ver forsiktig med sukker og alkohol. Dette er ekstra viktig dersom du er overvektig, har diabetes eller har høge verdiar av triglycerid (feittstoff) i blodet.
Alkohol
Du er meir følsam og toler mindre alkohol enn vanleg i rekonvalesensperioden. Dersom du bruker Marevan, kan INR-verdien din bli påverka av alkohol. Eit dagleg alkohol forbruk på over 1-2 glas vin eller tilsvarande er uheldig for menn, og 1 glas vin eller tilsvarande for kvinner.
Tobakk
Røyking er ein risikofaktor for tiltetting av blodårene, og er svært uheldig for hjerte og lunger. Derfor er det svært viktig å la være.
Opphald og heimreise
Vanleg liggetid er 4-8 dagar etter operasjonen. For deg som har anna lokalsjukehus er det vanleg å bli flytta over dit etter 3-7 dagar. Transporten kan gå føre seg med drosje, helsebuss, ambulanse, rutefly eller ambulansefly.
Resept
Dersom du reiser direkte heim frå Haukeland universitetsjukehus, skriv lege på Hjarteavdelinga ut reseptar til deg. Blir du flytta til eit lokalsjukehus vil legane der skrive ut reseptar.
Sjukmelding
Alle som er hjarteopererte må rekne med 2 - 3 månaders sjukemelding, avhengig av yrke. Dersom du har eit fysisk lett arbeid og ønskjer å starte tidlegare, kan du snakke om dette med legen.
Bilkøyring
Du bør ikkje køyre bil dei første 5-6 vekene etter operasjonen. Grunnen er faren for uregelmessig puls og moglege konsentrasjonsproblem som kan ha innverknad på køyre- og vurderingsevna di. Du må bruke bilbelte sjølv om det kan vere litt ubehageleg den første tida.
Tankar og refleksjonar
Ein del av pasientane våre opplever å gå gjennom ei krise. Sjukdommen, ventetida, operasjonen og rekonvalesensperioden kan påverke deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du går gjennom og treng tid for å normalisere seg. I rekonvalesensperioden er det lurt å bearbeide reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Snakk gjerne med andre.
Rehabilitering
Dersom du trur det kan bli vanskeleg å kome rett heim frå sjukehuset, kan du ta dette opp med personalet same dag du blir lagt inn. Vi kan formidle kontakt og sende søknad for deg til rehabilitering. I Hordaland er det to rehabiliteringstilbod for hjartepasientar:
- Ravneberghaugen opptreningssenter, 5217 Hagavik, tlf: 56 57 04 00
- Åstveit Helsesenter AS, 5083 Øvre Ervik, tlf: 55 53 97 00
Du kan også ringje informasjonstelefonen for Rehabilitering: 800 300 61.
Treng du informasjon og råd i høve til økonomi og trygderettar kan vår avdeling sette deg i kontakt med ein av våre sosionomar.