Om Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
MBF har rundt 350 tilsette. Det er for det meste bioingeniørar som er tilsett på laboratoriet, men også andre yrkesgrupper som legar, helsesekretærar, kjemikarar og molekylærbiologar.
MBF utfører årleg over 10 millionar analysar for spesialist- og primærhelsetenesta. Hovudtyngda av analysane er
elektronisk rekvirert. Det finnast og
rekvisisjonsskjema i papir for dei som ikkje har moglegheit for elektronisk rekvirering.
Vi har sterkt fokus på riktig bruk av laboratorieanalysar og kva klinisk betyding eit analysesvar har for sjukdom og behandling. MBF styrkar kunnskapen gjennom forsking og undervising på høgt internasjonalt nivå. I legegruppa er det spesialistar i medisinsk biokjemi og i klinisk farmakologi som yter rådgiving til helsepersonell i diagnostikk og behandling av sjukdom.
Laboratoriet er delt inn i ulike driftsseksjonar avhengig av fagområde og/eller lokalisasjon. Store delar av laboratoriet har døgndrift.
Akkreditering
MBF er akkreditert etter ISO-standard 15189:2012. Det betyr at avdelinga sine tenester må oppfylle definerte krav til kvalitet og at det er etablert eit system for å dokumentere at krava blir følgt.
Poliklinikk for prøvetaking
Prosjektsamarbeid, forsking og biobankar
MBF bidrar med rettleiing, prøvetaking, prøvebehandling og analysearbeid til ei rekkje kliniske prosjekt som er initiert og styrt av kliniske avdelingar og eksterne institusjonar.
Etablere nye analysar (for forskingsprosjekt og/eller rutine)
MBF vil kunne etablere metodar for ulike biomarkørar som vi i dag ikkje har i analyserepertoaret, men som kan vere nyttige i forskingssamanheng og/eller rutine. Det analytiske arbeidet vil utførast til kostpris.
Pasientnært utstyr
Søk jobb hos oss
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein arbeidsstad der medarbeidarane trivst godt. Vi arbeider målretta for å halde oppe trivselen. Kvardagane er prega av høgt tempo, og det er nødvendig med godt samarbeid og lagånd.
Våre tilsette har ulik fagleg bakgrunn og utdanning. Her er bioingeniørar, helsesekretærar, legar, kjemikarar og molekylærbiologar. Vi legg til rette for at dei tilsette skal få utvikle seg både personleg og fagleg.
Dei fleste bioingeniørane, men og kjemikarane, er involverte i analysearbeid og systematisk kvalitetsarbeid ved
dei 12 analytiske og 2 ikkje-analytiske seksjonane. Seksjonsleiarane og anna driftspersonell ved dei enkelte seksjonane samarbeider med lege om å kvalitetssikre og vidareutvikle analysetilbodet og, om nødvendig, sørgje for at personalet får fagleg oppdatering.
Les meir om korleis du søkjer jobb i Helse Bergen
Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon for spesialistkandidatar innanfor medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi.
Nyttige lenkar
Analyseoversikten – våre laboratorieanalysar, Lab-info og bestilling av prøvetakingsmateriell
Fagleg rettleiing - bruk og tolking av laboratorieanalysar, kliniske problemstillingar og diagnostikk
Laboratorietenester – samla oversikt for laboratorietenester i Laboratorieklinikken og praktisk informasjon for helsepersonell, pasientar og blodgivarar.