Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Blodprøve hos barn

Ved blodprøve tappar vi litt blod frå barnet og undersøkjer det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen. Det kan vi sjå ved å studere talet på blodceller og samansetningar av ulike biokjemiske stoff. Ein blodprøve blir teken for å finne normale eller sjuklege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøven til å sjå om barnet har fått i seg legemiddel eller giftstoff.
Blodprøveglass på blå bakgrunn

Vi har flinke og erfarne prøvetakarar med gode prosedyrar for blodprøvetaking på barn. Saman med oss kan du vere med på å gjere opplevinga av blodprøve så god som mogleg for ditt barn. At barnet får ei god oppleving med blodprøvetaking, har også betydning for barnet ved framtidige møte med helsetenesta.

Førebuing er viktig

Den viktigaste jobben du som pårørande kan gjere er å vere godt førebudd sjølv, førebu barnet og vere ei god støtte under sjølve prøvetakinga. På denne sida finst nyttig informasjon og verktøy som du kan bruke til førebuing.

Fire enkle trinn for å førebu blodprøvetaking:

  • Sett av god tid, gjerne ein time, til heile besøket på sjukehuset.
  • Førebu barnet ved å fortelje kva som skal skje med nøytrale ord, sjå under korleis det kan gjerast.
  • Vurder å bruke lokal smertelindring i olbogegropa der blodprøva blir teken. Lokal smertelindring finst som bedøvingskrem eller -plaster og de kjøper det sjølv på apoteket.
  • Dersom du sjølv er redd for å ta blodprøvar, kan det vere lurt at nokre andre følgjer barnet. Barnet vil merke om du er redd eller stressa, og kan dermed bli redd sjølv.

 

 

Tilvising og vurdering

 

 

Før

Førebu barnet på blodprøvetaking

Barn som er godt førebudde, blir mindre engstelege og stressa. Ved å gi informasjon tilpassa alderen kan barn oppleve tryggleik og meistring når dei kjem til blodprøvetaking.

For barn frå rundt eitt til fem år kan det å lese ei barnebok eller sjå ein film med forteljing om blodprøve vere ein god måte å førebu barnet på.

For barn frå seks år og oppover, som kjenner til “å hoppe paradis”, kan det vere ein leiken måte å forklare korleis blodprøvetaking går føre seg. De kan «hoppe» dykk igjennom stega saman.

  1. Reise til sjukehuset og ta på bedøvingskrem/plastar.
  2. Innsjekk og kø-system.
  3. Vente på venterom (førebu seg og leke). Ta av bedøvingskrem/plaster.
  4. Gå til prøvetakingsrom – oppgi fullt namn og fødselsnummer til prøvetakar
  5. Sitje i stol. Vaske arm. Strikk rundt armen.
  6. Nål blir ført inn – halde armen i ro – små røyr blir fylte.
  7. Fjerne nål og ta på plaster.
  8. Ferdig! Få premie.
  9. Reise heim og vente på resultatet.
Paradis man kan hoppe på som er tegnet samme med emojis.

Ved førebuingar til blodprøve kan de vere merksame på korleis de snakkar om blodprøvar.

  • Snakk heime om korleis ei blodprøve blir teken. Svar på barnet spørsmål, og ver ærleg.
  • Bruk gjerne oppmuntrande og nøytrale ord – sjå denne tabellen (lenkje) for gode tips til kva ein kan seie.
  • Si gjerne «å lage ei blodprøve» i staden for «å ta ei blodprøve» bokmål istedenfor
  • Dersom du sjølv er usikker og redd, så kan kjenslene smitte over på barnet. Unngå til dømes å seie «Eg liker heller ikkje blodprøvar».
  • Fortel barnet at det er viktig å ta blodprøva, at barnet gjer ein viktig jobb for kroppen sin.

Les meir om førebuingar og korleis du snakkar med barn (helse-bergen.no)

Arm med emla-plaster

 

 

Bruk gjerne oppmuntrande og nøytrale ord – sjå denne tabellen for gode tips til kva ein kan seie.

Emla-krem

Mange barn på sjukehus vil i ein lengre eller kortare periode trenge ei perifer venekanyle ofte kalla venflon. Den blir brukt til å gi intravenøs væske, smertestillande eller andre medisinar.
Emla-krem
Sykepleier og jente på trehjulsykkel. Foto

Under

De møter éin bioingeniør eller helsesekretær som skal ta blodprøva. Av og til kan det vere to personar – ein som støttar armen og ein som tek blodprøva. Ha det fulle namnet og fødselsnummeret til barnet klart, dette må de gi til prøvetakar. Hugs at de må ha ein rekvisisjon frå lege for å ta blodprøva. Rekvisisjonen kan vere på papir eller bestilt elektronisk.

Fortel gjerne prøvetakar om de har nokre tidlegare opplevingar med blodprøvetaking.

Små barn vil gjerne sitje på fanget, medan eldre barn gjerne vil sitje i stolen og heller halde pårørande i handa. Fysisk kontakt gir meir tryggleik. Prøvetakar vil føreslå kva som passar best. Nokre barn vil gjerne sjå på blodprøvetakinga, medan andre gjerne vil sjå vekk eller på noko anna.

Ha tillit til at ditt barn kan klare det saman med deg. Unngå å fokusere på at det skal skje noko farleg – anerkjenn heller kjenslene til barnet ved å til dømes seie «Eg ser at du er redd, men eg er med deg og vi skal klare det saman». Ver merksam på ditt eige kroppsspråk, då barnet vil sjå på deg og vurdere situasjonen.

Dersom barnet ditt kjenner seg utrygg i situasjonen kan det hjelpe å flytte merksemda over på noko anna – til dømes ved å syngje ein song eller sjå ein teiknefilm på mobilen. Å bruke avleiing er veldig effektivt. Dersom det ikkje lykkast med å få teke blodprøve, kan det vere lurt å ta ein pause. Ein pause kan innebere at barnet og pårørande går seg ein runde og snakkar saman, eller at barnet og pårørande blir samde om å komme tilbake ein annan dag. Fokuser uansett på det positive, og kva de har klart å meistre.

Mor og sønn som sitter på et venterom på sykehuset

 

Etter

Ros barnet for å ha gjort ein god jobb for kroppen sin. Dersom barnet ditt har behov for det, kan de snakke om opplevinga. For små barn kan det å leike igjennom opplevinga etterpå vere ein god måte å omarbeide kva som har skjedd.

Å gi ei påskjønning for ein vel utført jobb er ofte ein god ting, til dømes å gjere noko gøy saman, eller noko anna kjekt. Det kan også hjelpe på som motivasjon for å gjennomføre sjølve blodprøva.

Ha alltid fokus på meistring – kva de har klart å gjere – uavhengig av om prøvetaking blei gjennomført eller ikkje.

Nokre barn kan lure på kva som skjer i kroppen når blodet er teke ut. Då kan det vere lurt å fortelje at kroppen er smart, at han lagar nytt blod igjen.

Resultatet får du som pårørande – via Helsenorge eller fastlegen.

Gutt som velger en leke på et bord.

 

Kontakt

Glasblokkene Poliklinikk for blodprøvetaking

Kontakt Poliklinikk for blodprøvetaking

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.