Hallux Valgus, fot
Hallux valgus blir òg ofte kalla skeiv stortå. Stortåa legg seg utover (vinkla i retning vesletå) og kan ligge over tå nummer to. Tilstanden er svært vanleg, og operativ behandling er oftast ikkje nødvendig.
Årsakar og symptom
Hallux valgus er svært vanleg. Opp mot 50 % av befolkninga kan ha tilstanden i vaksen alder, og den er vanlegare hos kvinner enn hos menn. Årsaka er uklar. Etter kvart som tilstanden utviklar seg, vil det oppstå ein ubalanse i musklar og sener som er festa til stortåa. Dette kan bidra til ytterlegare forverring av tilstanden. Sidan tåa blir vinkla utover, vil knoken ved grunnleddet til stortåa stikke ut og skape trykkproblem i skotøy, og i verste fall sårproblem. Mange vil derfor oppleve problem med å finne gode sko. Dei fleste har likevel ingen eller få plager av tilstanden.Avlastande tiltak
Avlastande tiltak (konservativ behandling) inneber å prøve ut ulike typar sko og anna støtte for foten. Det er viktig å finne sko med låg hæl, brei framfot og god høgde for tærne. Dersom du har ømme punkt på foten, kan du med fordel polstre desse. Prøv òg å bruke innleggssolar i skoa. Det kan gi tåa ei betre stilling i skoen. Innleggssolar kan du kjøpe i bandasjistforretning.
Å tøye tærne kan verke positivt fordi du held ved lag bevegelegheit i leddet. Ein fotterapeut kan òg hjelpe deg med dette. Du kan òg ha nytte av smertestillande tablettar som paracetamol i periodar med smerter i tåa. Fastlegen kan òg tilvise deg til ortopediingeniør som kan vurdere om du har behov for innleggssolar, fotseng eller spesialsko.
Tilvising og vurdering
Har du problem med Hallux valgus må du i første omgang oppsøke fastlege for vidare råd. Mange kan òg få god hjelp og råd hos fotterapeut.
Før
Det er i stor grad fastlegen som står for utgreiing av tilstanden, og før fastlegen tilviser deg til spesialist, må du ta røntgenbilder av føtene. I tillegg må du prøve konservativ behandling.
Utgreiing på sjukehuset består stort sett av ei undersøking ved Ortopedisk poliklinikk. Spesialisten vil undersøke foten og saman med deg gå gjennom symptom og den utgreiinga som allereie er gjort. Du vil få informasjon om den operasjonen som kan vere aktuell for deg, og kva komplikasjonar som kan oppstå etter operasjon. Saman bestemmer de så om operasjon eller fortsatt konservativ behandling er det beste.
Under
Operasjon
Det er få pasientar med Hallux valgus som gjennomgår kirurgisk behandling. Resultatet av kirurgi er ikkje alltid som forventa, og det kan oppstå uønskte komplikasjonar. Dersom du opplever store smerter og redusert livsutfolding, og du ikkje har fått hjelp gjennom konservativ behandling, kan operasjon vere aktuelt.
Dersom du skal bli operert for Hallux valgus, blir den gjort dagkirurgisk. Det betyr at du møter på sjukehuset og reiser heim same dag som operasjonen blir utført. Operasjonen går føre seg enten i lokalbedøving eller i narkose. Behandlinga av Hallux valgus vil avhenge av grad av sjukdom og av om det er andre lidingar i området.
Etter
Etter operasjonen vil du vere til observasjon 1–2 timar. Det er viktig at du har nokon som hentar deg etter operasjonen, og som kan følge deg heim. Du må òg ha nokon som kan bu med deg det første døgnet etter operasjonen.
Etter operasjonen vil du vanlegvis få ein spesialsko med stiv såle. I denne skoen kan du belaste foten med ein gong. Du vil få oppfølging ved ortopedisk poliklinikk etter to til seks veker. Sting fjernar du hos fastlegen to veker etter operasjonen.
Det er viktig å vere klar over at det kan vere lang rekonvalesenstid etter operasjonen, ofte opp mot eit halvt år.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk klinikk
Ventetid: 24 - 78 uker
Sentralblokka
Ortopedisk klinikk
Ventetid: 24 - 78 uker
Ventetid: 24 - 78 uker
Kontakt Ortopedisk klinikkOppmøtestad
Klinikkleiinga held til i etasje U i Armauer Hansens hus, sør for Sentralblokka på Haukeland.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen