HELSENORGE
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk polikllinikk Voss

Gynekologiske fistlar, Voss

Gynekologiske fistlar er ei unormal opning frå blære eller tarm til underlivet; skjede, livmor eller perineum (hudområdet mellom skjedeopninga og endetarmsopninga). Ein skil utgreiing etter kor fistelen kjem frå; urinvegsfistlar eller tarmfistlar. Behandling skil seg oftast etter årsak; betennelsesfistlar krev medisinsk behandling, mens fistlar etter akutt skade (fødsel/operasjon) kan oftast opererast.

Innleiing

Underlivsfistel er ein relativt sjeldan sjukdom og kan vera vanskeleg å påvise og behandle. Kvinner med mistanke om slik sjukdom kan søkast til Nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar er ein nasjonal teneste ved Gynekologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Her vil du få gjennomført undersøking, og dersom fistel blir påvist vil du få tilbod om behandling.

Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler

Tilvising og vurdering

Din fastlege eller annen lege som mistenkjer at du har ein fistel sender tilvising. Vi treng med informasjon om kva som eventuelt er årsaka til fistelen:

  • Operasjon eller fødsel
  • Tarmbetennelsessjukdom
  • Strålebehandling

Utgreiing

Ved underlivsundersøking (gynekologisk undersøking, GU) ser ein om det renn urin eller kjem ut mørk væske frå opning i skjeden eller huda utanfor. Fordi opningane er små, vil det ofte vere nødvendig med undersøking i narkose. Då kan ein samstundes lyse inn i blæra (cystoskopi) eller endetarmen (rektoskopi).

Følgande enkeltbehandlingar / undersøkingar kan vere aktuelle som del av utgreiinga:

  • Gynekologisk undersøking i narkose
  • Ved urinvegsfistlar: Cystoskopi, eventuelt CT urinvegar
  • Ved tarmfistlar: Rektoskopi, eventuelt MR bekken m/ kontrast
  • Ved mistanke om betennelse i tarmen, eventuelt koloskopi (for å lyse høgare opp i tarmen enn endetarmen

Kor lang tid tar normalt utredningsfasen?

Pasientar som blir søkt til utgreiing vil normalt få tid til undersøking ved Haukeland universitetssjukehus innan 6-8 veker. Dersom det skal gjerast andre undersøkingar (røntgen / koloskopi) vil det ofte bli gjort ved ditt lokale sjukehus dersom du ikkje bur i Bergen. Ventetida ved lokalt sjukehus kjem i tillegg.

 

Behandling

Fistel etter operasjon / fødsel

Ved fistel som følge av fødsel eller operasjon, kan vi oftast operere og lukke fistelen. Fistel frå endetarm / blære / urinrør til skjeden kan vi operere gjennom skjeden (vaginalt). Er fistelen frå urinleiar eller høgare delar enn endetarm, må det oftast opererast gjennom opereres som åpen bukoperasjon (laparotomi) eller kikkehullsoperasjon (laparoskopi) 

Om ein mistenkjer fistel raskt (få dagar) etter operasjon / fødsel, vil kateter til urinblæra kunne få fistelen til å gro utan operasjon. Om fistel kjem frå tarm, kan enterostomi («pose på magen») få ein nyleg oppstått fistel til å gro.

Betennelsesfistlar

Skuldast fistelen inflammatorisk tarmsjukdom (Crohns sjukdom eller Ulcerøs kolitt), er medisinar første steg i behandlinga. Får ein betennelsen i ro, kan fistelen opererast. Den underliggande tarmsjukdommen er ikkje borte. Det er en langvarig og nærast kronisk tilstand. Ved oppblussing av betennelse vil ein ha stor risiko for å få nye fistlar.

Strålefistlar

Strålefistlar er dei vanskelegaste å behandle. Vevet som har blitt stråla har dårleg groevne. Dersom vi syr att ein fistel er det stor risiko for at han opnar seg igjen, kanskje som eit enda større hol. Den mest realistiske behandlinga for strålefistlar, er permanent ureterostomi eller enterostomi («pose på magen»).

Ved stråleskade som fistel er det ofte andre symptom i tillegg (smerter/diarre/blæreirritasjon) og nokre gonger kan dette bli behandla med hyperbar oksygenering («trykktankbehandling»). Det er nasjonal behandlingstjeneste for hyperbarmedisin ved Haukeland Universitetssjukehus som det kan søkjast behandling hos.

Enkeltbehandlingar / metodar som inngår i behandlinga

  • Urinvegsfistlar:
    • Kateterdrenasje  (ved urinvegsfistlar oppstått etter annen operasjon)
    • Fisteloperasjon (oftast via skjeden) dersom ikkje kateterdrenasje er nok
  • Tarmfistlar:
    • Medikament ved  inflammatorisk tarmsjukdom
  • Operasjon:
    • Enterostomi (tarmen leiast ut til «pose på magen»)
    • Fisteloperasjon (oftast via skjeden)

Kor lang tid tar normalt behandlinga?

  • Fistel som følge av tidlegare skade(fødsel eller operasjon) kan gro ved kateter eller enterostomibehandling i inntil 8 veker.
  • Urinvegsfistlar får kateter 1-2 veker etter operasjon, så avsluttande kontroll.
  • Etter tarmfisteloperasjon har ein ny undersøking etter 2-3 månader. Eventuell enterostomi («pose på magen») kan så leggjast attende dersom fistelen er grodd.
  • Inflammatoriske fistlar kan krevje langvarig medisinsk behandling (månader/år).
  • Ved sjølve fisteloperasjonen er ein innlagd 2-3 dagar.

Oppfølging

Sjukemelding

Etter operasjon blir ein sjukemeld i om lag 4 veker.

Kontroll

Kontroll vil bli sett opp 2 veker etter urinvegsfisteloperasjon, og ca. 2-3 månader etter tarmfisteloperasjon.

Medisinar

  • Lokal østrogentablett i skjeden vert tilrådd etter operasjon.
  • Ved kateterbehandling får alle Hiprex tabletter.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?