Kvinner med påvist eller sterk mistanke om gynekologisk fistel; passasje mellom urinvegar/vagina/uterus eller tarm/vagina/uterus/perineum bør tilvisast for vurdering og behandling.
Kardinalsymptom er nyoppstått urin- eller avføringslekkasje, evt. luftlekkasje, frå vagina etter operasjon eller fødsel. Fistlar oppstått etter strålebehandling eller som ledd i inflammatorisk tarmsjukdom kan også tilvisast for vurdering. Urinlekkasje eller avføringsinkontinens utan annan påvisbar årsak kan tilvisast for undersøking.
Perianalfistlar (fistlar frå anus til perineum utan forutgåande gynekologisk/obstetrisk sjukdom eller skade) reknast ikkje som gynekologisk fistel og behandlast primært av gastrokirurgar.
Ved påvist gynekologisk fistel vil Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler vurdere kva for ein behandling som tilrådast den enkelte pasient. Kvinner som blir rekna for å ha behov/nytte av vaginal fistelplastikk skal få tilbod om slik behandling ved behandlingstenesta, medan evt. støttande/supplerande behandling ( som f. eks. enterostomi, kateterdrenasje, medikamentell behandling) blir gitt i samarbeid med heimesjukehus. Abdominal fistelprosedyre (reinplantasjon av ureter eller fistel frå høge tarmavsnitt) vil vanlegvis bli operert ved urologisk eller gastrokirurgisk avdeling.
Ved urinveisfistel diagnostisert kort tid (<14 dagar) etter operasjon; ring og diskuter moglegheit for umiddelbar innlegging, legg inn blærekateter ved hevertprinsipp (kateterpose alltid lavere enn blærenivå, dvs festes på leggen om dagen, nedenfor sengemadrassnivå om natten.)
Ved tarmfistel diagnostisert kort tid (<14 dagar) etter fødsel/operasjon; ring og diskuter moglegheit for umiddelbar innlegging, alternativt enterostomi ved primærsjukehus.
Sjekkliste for tilvising:
- Kva slags symptom har kvinna; lekkasje av urin eller avføring?
- Kor tid starta symptoma?
- Kva er mogeleg årsak til fistelen; inflammasjon, operasjon/fødsel eller strålebehandling?
Send med evt operasjonsnotat, kopi av tidlegare utgreiing og behandling. - Kva finn du ved gynekologisk undersøking?
- Ved urinlekkasje utan at fistel frå blæra er sett; ver vennleg å bestille og sende med resultat av CT-urinvegar med kontrast.
- Har kvinna andre sjukdommar som har innverknad på undersøking i narkose / operasjon?
- Legg ved kopi av medikamentliste.