På Radiologisk avdeling vil du bli møtt av to radiografar. Drenet vert lagt inn av lege med spesialisering innan røntgen og intervensjon (intervensjonsradiolog). Før undersøkinga er det ein del førebuingar, og radiografen vil stille deg nokre spørsmål.
Du må ligge slik at det aktuelle området er tilgjengeleg for oss. Huda blir så vaska med eit desinfiserande middel rundt stikkstaden, og du vil få eit operasjonsdekke over deg. Før kateteret vert lagt inn vil radiologen starte med å gje deg lokalbedøving.
Du vil vera vaken under inngrepet, men får avslappande og smertelindrande medikament etter behov. Blodtrykk og puls vert måla. Sjølve inngrepet tek normalt 1/2-1 time.

Perkutan transhepatisk drenasje (PTD) med kontrastfylte gallegangar
Fjerning av dren
Røntgengjennomlysning er ikkje naudsynt for å fjerne kateteret, det kan ansvarleg avdeling utføre.