Diagnostiske manøvrer for krystallsyke
Krystallsjuke eller benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV) er ei av dei vanlegaste årsakene til svimmelheit. Sjukdommen er forårsaka av små krystallar av kalkstein i buegangane i det indre øyret. Buegangane har små følerar som registrerer hovudbevegelsar. Når dei blir forstyrra av desse små kalksteinane, blir hjernen lurt til å tru at hovudet dreier rundt. Dette gir korte anfall av svimmelheit ved bestemte hovudbevegelsar.
Diagnosen krystallsjuke blir stilt ved hjelp av hovudmanøvre som utløyser svimmelheit og ufrivillige augebevegelsar (nystagmus). Ut frå hovudmanøvrane og retninga på augebevegelsane er det ofte mogleg å avgjere kva for ein av buegangane som er affisert og i kva øyre.
Tilvising og vurdering
Krystallsjuke kan vanlegvis diagnostiserast og behandlast hos fastlege. Ved vedvarande symptom på krystallsjuke utan effekt av behandlingsmanøvre, kan ein tilvisa vidare for behandling.
Før
Undersøkinga krev inga førebuing.
Under
Undersøkinga kan gjerast av fastlege eller spesialist. Enkelte fysioterapeutar og kiropraktorar har også trenign i å undersøke pasientar for krystallsjuke. Undersøkinga krev ikkje spesialutstyr og kan utførast på ein vanleg undersøkingsbenk, i stol eller seng.
For at det skal bli lettare å sjå augebevegelsane (nystagmus), kan du få på deg spesialbriller eller ei maske med infraraudt kamera.
Diagnostiske manøvrar for krystallsjuke varierer. Den mest vanlege går ut på å legge seg ned med hovudet vendt mot høgre og venstre (Dix-Hallpike-manøver). Ein annan vanleg manøver er å ligge på ryggen og dreie hovudet mot høgre og venstre.
Desse hovudbevegelsane kan ikkje utløyse svimmelheit hos friske, men kan utløyse anfall hos pasientar med krystallsjuke. Det er desse anfalla og karakteristiske ufrivillige augebevegelsane (nystagmus) som saman med andre symptom gjer det mogleg å stille diagnosen krystallsjuke.
Diagnostikk kan også utføres i en spesiell rotasjonsstol (biaksial stol) dersom det er vanskelig å utføre de nødvendige manøvrene på en vanlig undersøkelsesbenk.
Etter
Vi vil gi deg råd om kva du skal gjere etter undersøkinga og behandlinga. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med øvingar du skal gjere heime. Det kan også vere behov for gjentatte behandlingar.
Generelt er det viktig å vere i bevegelse for å trene opp balansen og redusere svimmelheitssymptoma. Ved behov vil ein fysioterapeut kunne gi rettleiing i balansetrening.
Etter undersøkinga kan du vere i aktivitet som vanleg.
Ver merksam
Undersøkinga kan gi forbigåande svimmelheit.
Kontakt
Sentralblokka
Balanselaboratoriet
Oppmøtestad
Når du kommer til Haukeland Universitetssykehus henvender du deg i resepsjonen ved Øre-nese-halspoliklinikken, Klinikk for hode hals, i 2. etasje i Sentralblokken. Du blir der vist vei til riktig venterom.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen