I utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Alder, symptom og kliniske funn vil påverke kva undersøkingar som er nødvendige. Det kan bli aktuelt med trippeldiagnostikk (tre undersøkingar):
- Mammografi og/eller ultralydundersøking
- Klinisk undersøking av brysta
- Nålebiopsi. Det vil seie at vi bruker ein nål for å ta prøver av brystet. Dette gjer vi for å avdekke om forandringa er ein kreftsvulst eller ein ufarleg kul.
Det kan vere nødvendig med fleire undersøkingar. Dette får du informasjon om undervegs. Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje.
Pasientinformasjon - utgreiing ved mistanke om brystkreft (helsedirektoratet.no)
Aktivitet etter undersøking av brystet
Etter undersøkinga kan du vere i normal aktivitet, og du kan vere i arbeid.
Resultat av utgreiinga
Dersom det er nødvendig å ta biopsi, eller det er behov for fleire undersøkingar, kan det ta 1-3 veker å få resultatet. Dersom det ikkje er behov for biopsi og ein ikkje finn noko å undersøke vidare, får du svaret same dag som du har time ved BDS. Resultatet av undersøkingane vil vere førande for planen vidare.
Pakkeforløp heim for kreft skal sørge for at du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga. Dette tilbodet er ikkje på plass for alle kreftdiagnosar riktig enda.



