Arbeidsmedisinsk poliklinikk har brei tverrfagleg kompetanse. Ulike legespesialistar, kliniske psykologspesialistar, sertifiserte yrkeshygienikere og psykomotorisk fysioterapeut samarbeider i pasientutgreiingar.
Vi driv også med rådgjeving, informasjonsformidling og forskning.
Pasientinformasjon
Tilvising til yrkesmedisinsk utgreiing
Tilvisinga må innehalde ei spesifisering av problemstillinga; løysemiddelskade, lungesjukdom, allergi eller anna.
Arbeidshistorie
Ei oversikt over aktuelle arbeidsforhold. Spesielt viktig er tidlegare og noverande eksponeringar og varigheit av desse. Er pasienten framleis eksponert for mogelege helseskadelege stoff?
Symptom og symptomutvikling
Kva mistenkte arbeidsrelaterte symptom har pasienten? Det er viktig å beskrive kor tid symptoma debuterte og korleis dei har utvikla seg.
Tidlegare sjukdommar
Kva for undersøkingar er gjort av pasienten? Epikriser fra relevante undersøkingar må leggast ved tilvisninga.
Det er viktig at pasientens navn, adresse, telefonnummer (gjerne mobil) og fødselsnummer er korrekt oppgitt. Ved spørsmål om tilvisingar til Yrkesmedisinsk avdeling, kan du ringe 55 97 38 75.
Tilvisinga sendast til:
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Yrkesmedisinsk avdeling
Postboks 1400
5021 Bergen
Behandlingstilbod
På Yrkesmedisinsk avdeling har vi ein rekke tilbod for pasientar med arbeidsrelaterte sjukdommar og / eller skadar.
Arbeidsmedisin
Utgreiing av enkeltpersonar med mistenkt skade eller sjukdom som følge av påverknad av fysiske, kjemiske eller biologiske faktorar i arbeidssituasjonen, og ofte kan fleire yrkesgrupper og spesialistar samarbeide om utgreiingane.
Yrkesdermatolog
Dette inneber identifisering av allergen og hudirriterande stoff. Dette gjer det mogeleg å anbefale tiltak som kan førebygge hudsjukdommer. Dette inneber også at eininga er involvert i rehabilitering. Den medisinske behandlinga blir gjennomført i samarbeid med Hudavdelinga.
Lungemedisin
Hovudgrupper av problemstillingar i samband med lungesjukdommar som kan vere forårsaka av arbeidsmiljøet er følgande:
- Astma bronkiale og luftveisallergi
- Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS)
- Interstitielle lungesjukdommar (støvlungesjukdom)
- Yrkesbetinga lungekreft og mesoteliom
Yrkesrelatert nevrologi
Vi utgreiiar pasientar med yrkesbetinga skade eller sjukdom i nervesystemet. Dei fleste tilvisingane gjeld mogeleg løysemiddelskade.
Vi utgreiiar også pasientar med spørsmål om langtidseffektar av dykking, pasientar med perifer nerveskade etter lang tids bruk av vibrerande verktøy og pasientar utsette for tungmetall. Pasientar med spørsmål om skade etter høgspent strømgjennomgang utgjer ei mindre gruppe.
Vi har eit nært samarbeid med Nevrologisk avdeling ved vurdering av dykkere med mogeleg trykkfallsjuke.
Nevropsykologi
Den nevropsykologiske undersøkinga er av avgjerande betydning i diagnostisering f.eks. av kronisk toksisk encefalopati, men krev spesialistkompetanse og er svært tidkrevjande. Pasienten bør derfor på førehand vere grundig utgreia med tanke på eksponering.
Tilvisingane gjeld for det meste toksiske skadar, anoxiske skadar, strømskadar, langtidseffektar av dykking. Tilvising til nevropsykolog skjer i hovudsak internt ved avdelinga.
Statistikk og epidemiologi
Det er ansatt ein statistikar ved avdelinga. Hovudarbeidsoppgåva er å bistå i planlegginga av nye forskingsprosjekt, etablere databasar, analysere data og delta i publisering og presentasjon av prosjekt.
Yrkeshygiene
Hovudarbeidsoppgåva vår er å utføre eksponeringsvurderingar i knytta til pasientutgreiingar, samt å gjere arbeidsplassvurderingar i forhold til gravide arbeidstakarar.
I den grad vi har kapasitet, utfører vi også fagleg bistand innan yrkeshygiene for bedriftshelsetenester og bedrifter elles.
Spesialisterklæring
Det er vanleg å be om ei spesialisterklæring i samband med yrkessjukdom, som skal sendast til NAV eller forsikringsselskap. Som regel er det ein lege som er spesialist i arbeidsmedisin, nevrologi, allergi eller lungesjukdommar som skriv spesialisterklæring.
I ei slik erklæring tek legen med alle resultat frå alle undersøkingar, kva for diagnoser som er stilt og kva invaliditetsgrad pasienten har. Det krev stor grad av nøyaktigheit å skrive slike erklæringar, og det kan krevje mange undersøkingar og gå lang tid før alt er klart. Det er difor vanskeleg å seie på førehand kor lang tid det kan ta.
Nøytralitet og objektivitet
Når Yrkesmedinsk avdeling utgreier pasientar for mogeleg yrkesskade, er vi sakkunnig. Det er derfor stilt
krav til oss om:
- saklegheit
- nøyaktigheit
- objektivitet
Samtidig har du rett på omsorgsfull behandling, og
rett til å bli tatt på alvor. For å få eit gyldig resultat er det ein føresetnad at pasienten gir korrekte opplysningar og at ein samarbeider under undersøkingane.
Invaliditetsgrad
I dei tilfella der undersøkingane konkluderer med at det er ein skade eller sjukdom, blir det sett ei invaliditetsgrad etter gjeldande invaliditetstabell. Invaliditetsgrad skal vere eit nøytralt mål på skaden. Det seier ikkje nødvendigvis noko om uførheit, og må ikkje forvekslast med grad av uførheit. Ein kan til dømes ha lav invaliditetsgrad og likevel ha høg uføregrad.
Medisinsk invaliditet blir gjerne definert som eit mål på ein persons samla ressurser til å utføre eit ubestemt register av gjeremål. Du kan lese meir om skilnaden mellom medisinsk invaliditet og uførheit på nettsidene til Justisdepartementet.
Brukarorganisasjonar
Arbeidsmedisinske miljø i Noreg
Foreiningar
Regelverk