Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meir hudplager under Covid-19 pandemien

Helsepersonell i verneutstyr i garasjeanlegg. Foto
Foto: Haukeland universitetssjukehus

Ein artikkel om handhygiene, bruk av beskyttelsesutstyr og hudplager blant personell ved legevakter og sjukehus er nyleg publisert i samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og NKLM.

Bakgrunnen for studien var søkelyset på handhygiene og bruk av beskyttelsesutstyr under Covid-19 pandemien. I ein spørreundersøking deltok 602 tilsette frå Helse Bergen og legevakter i Bergensområdet. Blant deltakarane var helsepersonell, reinhaldarar og barnehagepersonell.

Målet var å undersøke om endringar i prosedyrar med meir handhygiene og bruk av personleg beskyttelsesutstyr auke førekomsten av hudsymptom.

Studien viste at auka hyppigheit av handvask, bruk av handdesinfeksjonsmiddel og hanskar hadde samanheng med meir hudsymptom frå hand, handledd og underarmar. Hyppigare bruk av munnbind/andedragsvern ga auka risiko for hudplager i ansiktet. 

Les heile artikkelen: ​

Changes in Infection Prevention Practices and Occurrence of Skin Symptoms among Healthcare Workers, Cleaners and Day-care Workers in Norway during the Covid-19 Pandemic

Les meir om prosjektet på nettsida til Alrek helseklynge: 

Helseeffekter knyttet til håndhygiene og bruk av verneutstyr i helsetjenesten under Covid-19 pandemien (COV-HygPro)

Sist oppdatert 03.10.2023