Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising

Tilvising til Rusmedisin AFR

Avdeling for rusmedisin tek imot og behandlar alle tilvisingar til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Ei god tilvising er viktig for å kunne gjere ei rask og god vurdering.For allmennlegane kan det vere viktig å merke seg at tilvisinga ofte blir meir utfyllande, dersom den blir skriven i samarbeid med sosialkontoret eller NAV. Eit lokalt samarbeid mellom NAV og fastlege vil også vere ein god start på førebuing av tiltak etter at pasienten har vore til behandling i spesialisthelsetenesta.

Formålet med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er å bidra til at opioidavhengige skal få auka livskvalitet, og at dei får bistand til å endre livssituasjonen sin gjennom betring av det optimale meistrings- og funksjonsnivået sitt. Formålet er også å redusere skadane av opioidavhengnad og faren for overdosedødsfall.

Ved tilvising til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) vert det anbefalt at det er kontakt og samarbeid mellom fastlege og sosialtenesta, både når det gjeld skriving av tilvisinga og når det gjeld den vidare oppfølginga og behandlinga av pasienten. 

Det som skiljer tilvisingar til LAR fra andre tilvisingar er kravet til dokumentasjon av langvarig og omfattande opioidavhengigheit.

i ei tilvising til legemiddelassistert rehabilitering - LAR må ein dokumentere langvarig og omfattande opioidavhengigheit.Generelt gjeld at det må stillast diagnose på opioidavhengigheit for at LAR skal vere eit behandlingsalternativ..Tilvisingar til LAR må derfor synleggjere om og kor lenge ulike vilkår har vore til stades. Ein treng historikk på rusmiddelbruk,og opplysningar om sosiale og familiemessige forhold, om kronisk sjukdom og behandling, medikamentliste, og erfaringar med eventuell tidlegare behandling i TSB.

Alle seksjonar i Avdeling for rusmedisin og avdelingar i Helse Bergen kan tilvise ein pasient til Ambulant seksjon.

Somatiske avdelingar i Helse Bergen kan be om rustilsyn frå Ambulant seksjon: Rusmedisinsk konsultasjon og tilsyn på somatiske og psykiatriske sengeposter (helse-bergen.no)

Behandlinga som blir gitt i Ambulant seksjon skal vere i tråd med nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblem og avhengigheit.

Behandlarane i seksjonen har ikkje akuttfunksjon, men jobbar måndag til fredag kl. 08-15.30, og gjennomfører behandlinga i avtalte møte med pasientane. I tillegg kan pasienten få tilbod om telefonkontakt utanom avtalte møte.

 

Her finn du meir informasjon om både vurdering- og behandlingsfrist hos Avdeling for rusmedisin.

 
Dersom det ikkje er mogleg med elektronisk tilvising så kan tilvisingar på papir sendast til:Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen, postboks 1400, 5021 Bergen.

Sending av tilvising

Det er ønskjeleg at tilvisingar blir sendt elektronisk om det er moglegheit for det. Med elektronisk tilvising unngår me tida for vanleg postgang, og me reduserer samtidig risikoen for å gjere feil. 

Vi tar kun imot elektronisk tilvisning på pasienter som har fullt fødselsnummer eller D-nummer. 

Elektronisk tilvising skal KUN brukas til å tilvise pasientar. For annan kommunikasjon om pasientar, bruk dialogmeldingar

 

 

OBS! Ved Ø- hjelp må ein kontakte:

Akuttposten, Mottaksklinikken - Helse Bergen HF, tel:55971850

 

Mottak av tilvising

Elektroniske tilvisingar går direkte til Avdelinga. Postmottaket ved Haukeland universitetssjukehus tar imot tilvisingar på papir og mottaksdato blir registrert når tilvisinga blir lagt inn i det elektroniske pasientjournalsystemet.Tilvisingar vert tildelt vurderingsteam ved Avdeling for rusmedisin (AFR). 

Når tilvising mottas- Helsedirektoratet

 

 

Sist oppdatert 11.10.2024