Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vurderingsteam

Vurderingsteamet har ansvar for å vurdere rett til behandling i Tverrfagleg Spesialisert Rusbehandling (TSB) i heile Helse Bergen sitt opptaksområde.  Teamet gir også råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarer om tilvising og behandlingstilbod.

Vurderingsteam

55 97 01 00

Vurderingsteamet kan gje råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar om tilvising og behandlingstilbod

Alvorlegheit, nytte og kostnad

Vurderingsteama skal vurdere om pasientane oppfyller dei tre vilkåra for "rett til nødvendig helsehjelp" frå spesialisthelsetenesta (sjukehus) i Pasient- og brukarrettigheitslova og i Prioriteringsforskrifta.

Det er utarbeidd ein prioriteringsrettleiar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) som blir nytta i vurderingsarbeidet. 

Dei tre vilkåra for "rett til nødvendig helsehjelp" er: 

  • pasienten har eit visst prognosetap med omsyn til levetid eller ikkje ubetydeleg nedsett livskvalitet dersom helsehjelpa vert utsett (alvorlegheitskriteriet)
  • pasienten kan ha forventa nytte av helsehjelpa (nyttekriteriet)
  • dei forventa kostnadene står i eit rimeleg forhald til tiltaket sin effekt (kostnadskriteriet)

Moglege resultat av rettigheitsvurderinga

Det er to moglege resultat av rettigheitsvurderinga: ​​

Ein pasient som har fått innvilga rett til nøvdvendig (prioritert) helsehjelp får ein juridisk bindande frist for når behandlinga skal vere starta.
​​​​​​Vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig (prioritert) helsehjelp baserer seg på opplysningar som blir innhenta gjennom tilvisinga eller til dømes gjennom samtalar med tilvisar eller pasienten.  

​Om desse opplysningane tilseier at pasienten sitt rus- og avhengigheitsproblem er så alvorleg at det er nødvendig med behandling i spesialisthelsetenesta (sjukehus), at pasienten vil kunne nyttiggjere seg av behandlinga og at kostnaden ved behandlinga står i forhold til nytta av behandlinga, vil pasienten få rett til nødvendig (prioritert) helsehjelp.

Frist for start av helsehjelp (behandlingsfrist)
Det blir sett ein juridisk bindande frist for når helsehjelpa (behandlinga) seinast skal vere starta. Dersom Avde​ling for rusmedisin ikkje kan tilby behandling innan behandlingsfristen, har pasienten rett til å få behandling gjennom HELFO pasientformidling.​

I nokre tilfelle har ikkje pasienten behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta i form av rus- og avhengigheitsbehandling. Pasienten kan likevel ha behov for behandling, omsorg og oppfølging frå helse- og sosialtenestene i sin kommune i forhold til rusproblemet sitt.
Når det vert vurdert at pasienten ikkje har behov for helsehjelp i spesialisthelsetenesta, blir tilbakemelding til pasient og tilvisande instans gitt. 

I denne tilbakemeldinga vert det gitt grunngjeving for avslaget, og det vert om mogleg gitt råd og rettleiing for andre behandlingstiltak i førstelinjetenesta. ​


Viktig med ei god tilvising

​I utarbeiding av ei tilvisng til rus- og avhengigheitsbehandling tilrår me at de nyttar mal for tilvising.

Dersom tilvisinga ikkje inneheld nok informasjon for å kunne gjere ei god og riktig vurdering av pasientens situasjon og behov for behandling, vil dette medføre at vurderinga tek lengre tid. ​​

Sist oppdatert 15.01.2024