HELSENORGE

Mal for tilvising

Ei god tilvising er viktig for å kunne gjere ei rask og god vurdering.

Eit minimum av informasjon er:

  • Rusanamnese:
    • Kor tid begynte pasienten si ruskarriere?
    • Kor lenge har aktuell rusperiode gått føre seg?
    • Kva typar rusmiddel bruker pasienten og i kva mengd?
  • Har pasienten tidligare hatt opphald i rusinstitusjon? Når og kvar? Nytte av behandlinga?
  • Sosiale tilhøve
  • Positivt nettverk

Aktuelle kartleggingsskjema som kan leggast ved  tilvisinga er:

For allmennlegane kan det vere viktig å merke seg at tilvisinga ofte blir meir utfyllande, dersom den blir skriven i samarbeid med sosialkontoret eller NAV. 

Eit slikt lokalt samarbeid mellom NAV og fastlege vil også vere ein god start på førebuing av tiltak etter at pasienten har vore til behandling i spesialisthelsetenesta.

Fann du det du leita etter?