Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rett til nødvendig helsehjelp

Pasientar som blir tilvist til planlagt behandling i spesialisthelsetenesta, skal få brev frå sjukehuset der det framgår om dei har fått rett til nødvendig helsehjelp.

Dei som har slik rett, får ein frist (dato) for når utgreiinga (uavklart tilstand) eller behandlinga (avklart tilstand) seinast skal starte. I mange tilfelle vil pasienten i tillegg få innkalling til første time.

Fristen blir gitt ut i frå ei individuell medisinsk-fagleg vurdering av kor alvorleg tilstanden er og kor mykje det hastar å få helsehjelpa.

Psykiatri og rus

Barn og unge under 23 år som har ei psykisk liding og/eller er rusavhengige, skal uansett ikkje ha lenger frist enn 65 virkedagar for oppstart av utgreiing eller behandling.​

Eksempel på kva helsehjelp i spesialisthelsetenesta kan vere:

  • Kirurgiske inngrep
  • Medisinske utgreiingar
  • Behandling ved psykiatrisk poliklinikk
  • Behandling ved rusinstitusjon

Dersom du er uenig i vurderinga eller fristdatoen du har fått frå spesialisthelsetenesta, kan du be om at tilvisinga di blir vurdert på nytt (fornya vurdering).

Les meir om din rett til helsehjelp (helsenorge.no)

Les meir om dine rettar ved fristbrot (helsenorge.no)

Sist oppdatert 21.11.2022