Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin Tertnes

Seksjon Tertnes ligg idyllisk til på Tertnes. Her finn du både Familieambulatoriet (FA) og Kvinneposten. Seksjonen er ein tverrfagleg arbeidsplass der miljøpersonell med variert helse- og sosialfagleg bakgrunn samarbeider tett med behandlargruppa

Familieambulatoriet og Kvinneposten er samlokaliserte, noko som gjer at ein samlar den faglege spisskompetansen på kvinner og familiar i same seksjon.

Seksjon Tertnes Kvinneposten tilbyr frivillig behandling til rusmiddelavhengige kvinner og er samlokalisert med Familieambulatoriet.

Seksjon Tertnes er i dag ein tverrfagleg arbeidsplass der miljøpersonell med ulik helse- og sosialfagleg bakgrunn samhandlar tett med behandlargruppa. Med Familieambulatoriet og Kvinneposten på same stad samlar ein den faglege spisskompetansen på kvinner og familiar i same seksjon.

Familieambulatoriet tilbyr langsiktig oppfølging av familiar med barn eksponert for rusmiddel eller avhengigheitsskapande legemiddel under graviditeten. Ambulatoriet har også ein sengepost for frivillig behandling av rusmiddelavhengige gravide og foreldre med barn, samt ei brukarstyrt seng. Eit ambulerande familieteam er knytt til posten.

  • Pasientane får undervisning frå tverrfagleg team kvar veke. Vi tar opp emne som individuell plan, rusens funksjon, motivasjon, sjølvtillit, nettverk, ernæring og fysisk trening relatert til mental helse.
  • Vi underviser i hjarte-lunge-redning og gir informasjon om overdosefare.
  • Vi gir undervisning i Nalokson nasespray
  • Fysisk trening i gymsal og treningsrom. Symjehall i nærleiken.
  • Vi har verkstad for maling, handarbeid, strikking, toving og keramikk.
  • Kortspel, matlaging og andre aktivitetar relatert til vanleg daglegliv.
  • Turar i nærområdet med følgje.


Kvinneposten er ein post med 15 døgnplassar som tilbyr frivillig behandling til rusmiddelavhengige kvinner.

 
Familieambulatoriet tilbyr langsiktig oppfølging av familiar med barn som har vore eksponert for rusmiddel eller avhengigheitsskapande legemiddel under graviditeten. I tillegg er det ein sengepost for frivillig behandling av rusmiddelavhengige gravide og mødrer/fedre med barn.

Kontakt

Telefon

Familieambulatoriet vaktrom

55 95 73 50

Kvinneposten vaktrom

55 95 73 66

Seksjonsleiar Trude Larsen

55 95 73 10

Telefaks

55 95 73 19

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bygg D
Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

      Kvinneposten

      Kvinneposten tilbyr frivillig behandling til rusmiddelavhengige kvinner. Kvinneposten er samlokalisert med Familieambulatoriet, og samlar den faglege spisskompetanse på kvinner og familiar på same stad.
      Les meir om Kvinneposten
      drivhus hage

      Familieambulatoriet

      Familieambulatoriet tilbyr langsiktig oppfølging av familiar med barn som har vore eksponert for rusmiddel eller avhengigheitsskapande legemiddel under graviditeten. I tillegg er det ein sengepost for frivillig behandling av rusmiddelavhengige gravide og mødrer/fedre med barn. Familieambulatoriet er samlokalisert med Kvinneposten.
      Les meir om Familieambulatoriet
      Epletre