Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin Tertnes, Familieambulatoriet

Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod om behandling og oppfølging av gravide og familiar med barn i alderen 0-6 år der éin eller begge foreldra har rusmiddelrelaterte vanskar. Familieambulatoriet er ein brubyggar mellom dei tilboda som alt eksisterer, og vil samarbeide både tverrfagleg og tverretatleg for å bistå til ei heilskapleg og langsiktig oppfølging av familien til barnet når skulealder.

På Familieambulatoriet arbeider det miljøpersonale med ulike utdanningar som vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar m.m. I tillegg er det lege, psykolog, fysioterapeut, sosionom, musikkpedagog og kunstterapeut knytt til posten. Same team som driftar sengeposten sørgjer også for ambulant oppfølging av familiar heime hos dei eller andre stader.

Hovudfokuset vårt er recovery-orientert rusbehandling.

Tilbodet for innlagte pasientar består av tre hovudelement:


1. Terapi i form av samtalar hos poliklinisk behandlar internt i AFR eller eksternt, i tillegg til gruppesamtalar og samtalar med primærkontakt
2. Struktur og planlegging (meistring av ADL-ferdigheiter, døgnrytme, kosthald mv.)
3. Logistikk og koordinering, kople på og/eller styrke nettverk (familie, rusfritt nettverk, hjelpeapparat mv.)

Vi tilbyr COS-Parenting-kurs for våre pasientar, dette vil du få nærmare informasjon om. Vi legg også vekt på fysisk aktivitet, med moglegheit for å delta på kvinnepostens aktivitetsprogram. Vi har svømmehall og treningssenter i nærleiken av posten.


Å vere i fysisk aktivitet er terapeutisk både for kropp og sjel. Det dempar uro, abstinenssymptom, angst og depresjon. Det blir forventa at du deltar i aktivitetar, og om du treng særleg tilrettelegging vil du kunne få kontakt med seksjonens fysioterapeut som vil hjelpe deg å delta på ditt nivå.

Uttrykksterapi

Vi har også tilbud om individuell rettleiing/undervisning i forskjellige kunstteknikkar og musikk.

Kontakt

Telefon

Telefaks

55 95 73 19

Seksjonsleiar Trude Larsen

55 95 73 10

Teamkoordinator Astrid Bragstad

958 90 640

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin Rusmedisin Tertnes / familieambulatoriet
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bygg D
Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

​​​Det er gratis parkering for pasientar, pårørande og tilsette like ved lokala våre på Tertnes. Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.