Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En by med en elv og fjell i bakgrunnen

Rusmedisin Poliklinikk Murhjørnet

AFR poliklinikk Murhjørnet tilbyr utgreiing, vurdering og behandling av avhengigheits- og/ eller rusrelaterte problem utan innlegging i institusjon. Vurderingsteam tek imot og vurderer alle tilvisingar til rus- og avhengnadsbehandling. Oppgåva er å finna eigna behandlingstilbod for pasientar som har rett til nødvendig helsehjelp.

Poliklinisk behandling er den vanlegaste behandlingsforma innan rus- og avhengigheitsbehandling. Dersom innlegging er rett og nødvendig, vil dette alltid bli vurdert som ein del av pasientforløpet.
 
Avdeling for rusmedisin sin faglege praksis er at alle behandlingsløp skal forankrast poliklinisk. Dette betyr at poliklinikken samarbeider tett med døgnbaserte tenester, og vi arbeider for kontinuitet i behandlinga mellom poliklinikk og innlegging.
AFR poliklinikk har tilbod for pasientar yngre og eldre enn 18 år. 
 
Pasientar i poliklinikken vil følge forløp i tråd med pasientforløp i tverrfaglig spesialisert rusbehandling. Å vere ein del av eit pasientforløp psykisk helse og rus vil seie at du som pasient får eit utgreiings- og behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid.

Pasientforløp inneber at du som pasient skal få vite kva som skal skje, når det skal skje og kven som har ansvaret. 

 
 
 
 
 
 

Kontakt

Telefon

Telefon

55970100
Mandag til fredag 08:00-15:30

Forløpskoordinator psykisk helse og rus

91302030
Mandag-fredag 0800-1500

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ekspedisjon i 4. etasje. 

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Nærmaste parkering er i Klostergarasjen

Våre tilbod