Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin Floen

Rusmedisin Floen tilbyr medisinfri og relasjonsbasert rusbehandling til personar i aldersgruppa 18-40 år. Behandlingstilbodet er delt inn i fire fasar og er basert på ein terapeutisk samfunnsmodell, der ein kan seie at ein nyttar fellesskapet som metode.

Floen Manger (Floenkollektivet) blei oppretta i 1985 med 10 plassar, og tok imot den første eleven i 1986. Etter kvart blei talet på plassar auka til 12 og seinare til 14. Det blei også oppretta kontor og vidareføringsbustad i Bergen. 

I 2004 blei drifta av Floenkollektivet overført frå Hordaland fylkeskommune til Helse Bergen, og fram til 2009 var Floenkollektivet den einaste offentlege rusinstitusjonen i Hordaland. Floenkollektivet starta då opp med poliklinikk og dagbehandling, og i 2010 blei Floenkollektivet overført frå Psykiatrisk divisjon til Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen. Floenkollektivet har 15 elevplassar i avdeling Manger og 9 i avdeling Bergen.

I Floenkollektivet tilbyr vi traumebevisst omsorg ut frå tanken om at kvar einaste rusmisbrukar er unik og skal bli tilbydd individuell behandling. Behandlinga skal heile tida justerast i takt med elevens utvikling.

Les meir om terapeutisk samfunn og behandling

Avdeling Floen Bergen er Floenkollektivet sin vidareføringsfase (fase 3). Avdelinga har plass til 8 elevar og er døgnbemanna. 6 tilsette bur ved avdelinga etter «medleverturnus».

Leiar

 

Dagtilbod

I fase 3 skal alle ha eit dagtilbod, eller jobbe aktivt kvar dag for å få dette på plass saman med «Jobb først».

Ansvar innan trygge rammer

Ein har ansvar for eige hushald både praktisk og økonomisk. Men stadig innan dei trygge rammene døgnbemanna avdeling tilbyr.
Gruppe- og individualbehandling har fokus på korleis bli integrert i storsamfunnet. I Floen Bergen blir det sett større krav til den enkelte om å delta på ulike aktivitetar, jobbe aktivt med å bygge opp eit godt sosialt nettverk utanfor Floen, samtidig som ein bruker fellesskapet som reiskap for å gje nødvendig tryggleik til å meistre utfordringane den enkelte står ovanfor.
Varigheit: Ca. 10-14 månader. Inkluderer ofte ein overgangsfase med treningsturar til eiga leilighet.

Floen Manger utgjer fase 2 av behandlinga ved Floenkollektivet. Floen Manger er eit terapeutisk samfunn som tilbyr relasjonsbasert rusbehandling til personar mellom 18 og 40 år.
Floen Manger har 21 tilsette. Av desse bur 15 saman med elevane når dei er på vakt (medleverturnus). Avdelinga har 12 elevplassar.

Besøksadresse

Toskavegen 400, 5936 Manger

Telefon

55 95 89 00

Dagleg struktur

I fase 2 er det ein dagleg struktur frå kl. 07.30 – 15.00 (09.00 – 12.00 laurdagar) kor elevane deltek innan arbeidsfelta hushaldning og drift.

Gruppetilbod

Elevane deltek også i ulike grupper: fleire prosessgrupper, kvinne- og mannsgruppe og Storgruppe. I tillegg er det samlingar ved behov. Elevane har også kvelds- og helgeansvar for hus og gard.

Aktivitetstilbod

Trening, kano, turar (fisketurar, båtturar og gåturar), kunstterapi og musikk er døme på andre aktivitetstilbod.

Butrening

I fase 2 er det også treningsturar til Bergen i fase 3- bustadane.

Seksjonsleiar

Aase Turid E. Frammarsvik

Kontakt

Telefon

Sentralbord Avdeling for rusmedisin

55 97 01 00

AFR Floen

55 95 89 00

Inntakstelefon og henvisninger

55 97 81 74
Mobil 95 82 79 17. Inntakstelefon og henvisninger, uke 26 - 28: 55 95 89 08 / 979 62 666 | uke 29: 55 95 89 00

Slik finn du fram

floen

Floen, Manger, Nordhordland

Toskavegen 400

5936 Manger

Floenundersøkinga: Verkar behandlinga?

Floenundersøkinga 2004 – 2014 hadde som mål å kartlegge dei som har vore lagt inn i døgnbehandling ved Seksjon Floen etter at behandlingseininga vart overført frå Hordaland fylkeskommune til Helse Bergen i 2004. Med utgangspunkt i data frå Floenundersøkinga vart Floenrapporten utarbeidd i perioden oktober 2015 til september 2016. Resultata tyder på at Floen i stor grad klarer å gje pasientane den behandlinga dei har som mål å tilby.
Last ned: Rapporten Floenundersøkinga 2004 - 2014 (PDF)
Hovedhuset Manger

Vårt behandlingstilbod

Floenkollektivet er eit demokratisk terapeutisk samfunn, kor ein nyttar fellesskapet som metode. Floenkollektivet er eit medisinfritt og relasjonsbasert behandlingstilbod til personar i aldersgruppa 18-33 år.
Les meir om vårt behandlingstilbod
utsikt over uteområde med gress og vann

Pårørandegrupper

Rusmedisin Floen gjer dei pårørande tilbod om å delta i eigne pårørandegrupper.
Les meir om pårørandegrupper
Et rom med stoler og et bord