Pårørandegrupper

Floenkollektivet ved Avdeling for rusmedisin, gjer dei pårørande tilbod om å delta i eigne pårørandegrupper.

samtalerom floen.foto
 
​​Pårørande får tilbod om å delta på samlingar ein gong kvar sjette veke i pårørandegrupper. Gruppene er meint som arena for meinings- og erfaringsutveksling, både mellom pårørande, men også mellom pårørande og verksemda. 

På samlingane får ein informasjon om behandlingstilbodet og undervisning i relevante tema som pårørande er opptekne av. Som til dømes aktuelle lovverk, pasientrettar, personvern og teieplikt.  

Alle pasientar får tilbod om par- og pårørandesamtalar. Dette tilbodet er ein viktig del av behandlinga. Pårørande får tilsendt skriftleg innkalling til gruppemøta.  

Ansvarleg for pårørandegruppa er: 

Mona Engeberg, familieterapeut
Tormod Fridell, psykolog

For meir informasjon kontakt oss på:

Telefon 55 97 01 00 (ekspedisjon) / 906 42 599