Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hovedhuset Manger

Døgnavdeling Floen

Døgnavdeling Floen tilbyr medisinfri og relasjonsbasert rusbehandling til personar i aldersgruppa 18-40 år. Behandlingstilbodet er basert på ein terapeutisk samfunnsmodell, der ein kan seie at ein nyttar fellesskapet som metode.

Døgnavdeling Floen har 30 års erfaring i medikamentfri langtidsbehandling av rusavhengige og består av døgnpost Floen Manger og døgnpost Floen Bergen.

Me tilbyr relasjonsbasert rusbehandling, basert på ein demokratisk, terapeutisk samfunnsmodell. Modellen har viktige verdiar som omsorg, engasjement for andre i fellesskapen og balansen mellom ansvar og tillit i eiga behandling.

Floen si målgruppe er rusavhengige av begge kjønn, i alderen 18-40 år, som ønskjer behandling utan bruk av medikament.

Målet med behandlinga er rusfridom, førebygging av tilbakefall og endring av ein uønskt  livsstil.

Behandlinga ved Døgnavdeling Floen er medikamentfri. Dette er i tråd med at det i alle helseregionar skal vera eit medisinfritt tilbod, slik at dei som ønskjer det, har ei reell valmoglegheit. Det blir ikkje tilbode A og B preparat, ADHD medisin eller LAR. Det blir gitt medikament for somatiske diagnosar.

Dersom det via utgreiing eller på annan måte blir vurdert at medikament er nødvendig, vil me samarbeida med pasienten om overføring til behandlingsstad og følgja opp over tid.

Kontakt

Telefon

Sentralbord Rus- og avhengigheitsklinikken

55 97 01 00

Døgnavdeling Floen

55 95 89 00

Inntakstelefon og henvisninger

55 97 81 74

Slik finn du fram

floen

Floen, Manger, Nordhordland

Toskavegen 400

5936 Manger