Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barnepost

Barneposten er ein femdøgns sengepost for utgreiing og behandling av barn frå 0-13 år med psykiske utfordringar. Eit tverrfagleg team rettleier barn og foreldre til å mestre utfordringane. Det er dei lokale barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkane (BUP) som søker om innlegging i samarbeid med foreldra og barnet.

Kontakt

Ekspedisjon

Pårørande kan ta kontakt heile døgnet.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Barnepost held til i Glasblokkene, Blokk 4, 2. etasje i Haukelandsbakken 15.
Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

Praktisk informasjon

​Barna deltar på ulike aktiviteter på og utenfor posten på ettermiddagstid. De ulike aktivitetene vil bli avtalt i samarbeid mellom dere og miljøterapeutene i forhold til hvilke situasjoner vi ønsker å se barnet i. Aktiviteter kan være: Lekeplasser, fotball, sykling, Fysak (aktivitetshall). I tillegg vil det være bruk av Energisenteret for Barn og Unge, som blant annet inneholder gymsal, flere basseng og klatrevegg.  

Barnet får eige rom, og føresette bur som oftast saman med barnet. Under opphaldet kan det hende at de må byte rom. ​

​Barna er forsikra under opphaldet på Barneposten. Forsikringa dekker all aktivitet på og utanfor posten når barnet er saman med personalet. ​

Føresette ansvaret for henting og bringing måndag morgon, og fredag ettermiddag, om ikkje anna er avtalt. Tilsvarande gjeld ved heilagdagar og feriar. ​

Ta med klede for ei veke. Hugs klede til uteaktivitetar (til dømes regntøy, støvlar med meir.). Badetøy/ gymtøy og innesko til skuleundervisning. Eventuelt innesko som du kan ha på posten. Barnet kan også ta med seg leiker. Dette er på eige ansvar (om noko skulle bli øydelagt/komma bort). Miljøterapeutane lagar avtale med føresette i forhold til dataspeling. Barna kan ha ulike avtalar i forhold til dette, og det er viktig å snakke med barnet om dette på førehand. ​

Barneposten er underlagd offentlege lovar. Særleg vil Pasientrettighetsloven regulere mange av rettane dine som føresett for barn i behandling. Psykisk helsevernslova, Spesialisthelsetjenesteloven og Helsepersonellova er også viktige lover for reguleringa av arbeidet med barn og familiar på Barneposten.   

Viss ein ikkje får den hjelpa ein har krav på, er det gjennom Pasientrettighetsloven, Helsetilsynet i fylket som er rette klageinstans. Sjå informasjon over frå Helse Bergen om pasientrettar og klageinstansar.  

Pasientombudet for psykiatri  

Pasientombudet for psykiatri skal jobbe for å hindre urett mot pasientar i psykiatrien. Dersom du meiner det er gjort urett mot deg eller barnet ditt, kan du få gratis hjelp ved:  
Pasient- og brukarombudet i Hordaland 
Vaskerelven 39  
5014 Bergen  
Tlf. 55 21 80 90   

Kontrollkommisjonen  
Innan psykisk helsevern er det eigne kontrollkommisjonar. Kontrollkommisjonen fører tilsyn med Barneposten. Kommisjonen blir leidd av ein jurist, og består ellers av ein lege og to andre medlemmer. 

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre kvar enkelt pasients rettstryggleik i møte med psykisk helsevern. Kommisjonen held mellom anna tilsyn med posten sin bruk av halding av barn i utageringssituasjonar gjennom melde og umelde besøk. Barna og omsorgspersonane får høve til å prate med medlemmer i kommisjonen.   

Du finn oversikt over kontrollkommisjonane i landet på helsedirektoratet.no 

Barn og føresette kan bruke mobil og pc på rommet sitt, men ikkje i fellesområdet (som til dømes stove og hobbyrom). Mobil og liknande skal ikkje vere med på skulen eller på turar. Teamet rundt kvart enkelt barn kan gjere individuelle avtalar, men hovudregelen er der for tryggleiken til barna. ​

Personalet lagar til alle måltid. Før måltidet vaskar alle hendene. Barn og føresette ryddar sjølv av bordet etter seg og plasserer det på ei tralle. Det er du som foresatt som sit grenser for barnet ditt under måltidet, det er naturleg at enkelte barn vil meine ulike reglar er urettferdig. ​

​Posten har tre felles stuer. Der finnes også en rekke spill, bøker og leker. Det er toalett og dusj/bad på alle pasientrom. Vi har en uteplass til ballspill, sykling og andre uteaktiviteter. Vi har også hobbyrom (tegning/maling) og aktivitetsarealer (biljard/bordtennis, playstation). Barn og voksne er sammen om å holde posten ryddig og trivelig.

Besøk og permisjon avtaler du på førehand med din behandlar eller miljøkontakt, slik at vi har best mogleg grunnlag for å planlegge ettermiddagen og veka. Nokre barn får tilbod om å ha heimeskule ein dag i veka. I så fall avtalar vi nærmare (med barn, føresatte og skule) korleis dette skal gjennomførast i praksis. ​

Før opphaldet på sjukehuset må du gje beskjed om kva medisinar du brukar. Dersom de er innkalt til forvernsmøte er dette ein del av informasjonen du gir. Under opphaldet skal all privat medisin, helsekost, fluortablettar og lignende låsast inn i skap på rommet. All medisin blir delt ut av personalet og dersom du skal på permison under opphaldet vil du få med deg dosett med medisinar.  ​

Dersom barn er til fare for seg sjølv eller andre, kan miljøterapeutane nytte fysiske teknikkar i form av halding. Halding går føre seg etter retningslinjer og blir berre utført av personell som er trent i denne typen haldeteknikk. Det blir skrive tvangsvedtak som føresette får etter ei hending. Slike hendingar vert ofte bearbeida med barna gjennom samtale i ettertid. ​

Videoopptak kan bli brukt som eit ledd i behandlinga. Slike opptak blir lagra på sikre områder og sletting av opptak skjer etter gjeldande lover og forskrifter. Før bruk av video-opptak vil vi be om skriftleg samtykke.  

Det er ikkje lov å ta bilete, film eller lydopptak av andre barn og vaksne uten at det er avtalt. 

Folketrygda dekker utgifter for psykiatrisk utgreiing og behandling. Føresette må halda barnet med klede og utstyr under opphaldet. Barneposten dekker andre utgifter som mat, medisinar og liknande.  

Pleiepenger  
Før opphaldet vil ofte lokal poliklinikk søkje om pleiepengar til føresette. Stønadene blir administrerte gjennom Nav-trygd. Dersom foreldre fremmar krav om trygdeytingar til barna sine, vil Nav-trygd ofte innhente nødvendige opplysningar (om behandling og tilstand) frå oss.  

Parkering  
Ved behov for parkering vil de få attestert eit utfylt skjema på heimebesøket slik at de kan kjøpe 1- eller 2-vekers parkeringskort til kr. 350 pr. veke. Det kan skrives ut inntil 3 kort samtidig per pasient per opphald. Korta kan fornyast etter behov. Parkering skjer i Sentralblokken.   

Pasientar har gjennom «Forskrift om barns opphold i helseinstitusjon» rett til å få dekt transport- og parkeringsutgifter ettersom sjukehuset kallar dykk inn for å bli med barnet til behandling. Ved utskriving vil det bli utlevert eit refusjonsskjema som de fyller ut. Hugs å ta vare på kvitteringar då dei skal vere vedlegg til skjemaet. 

Dekning av reiseutgifter   
Du har rett til å få dekt nødvendige utgifter når du skal reise til og frå behandling. Hovudregelen er at du får dekt billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå næraste behandlingsstad. Avstanden til behandlingsstaden må vere minst tre kilometer, og reisa må kosta meir enn lokal minstetakst. Permisjonsreiser for innlagde pasientar blir ikkje dekt. Heller ikkje når avdelinga heilt eller delvis held stengt i helg, høgtid eller ferie. Du ordnar reisa sjølv og kan fremme krav om refusjon i etterkant.   

For å få refundert utlegget du har i samband med reisa, må du fylle ut eit reiserekningsskjema og sende det til Helseforetakenes senter for Pasientreiser. Hugs å leggje ved alle kvitteringar og ei stadfesting på at du har vore til behandling, Reiserekningsskjema finst på www.pasientreiser.no.   

Har du spørsmål til utfyllinga av skjemaet, kan du ringe Pasientreiser 05515 eller sjå eksempel på utfylt skjema på www.pasientreiser.no 

​Det er frivillig å være innlagt på Barneposten. Vi har ikke anledning til å låse dørene ut av posten, eller hindre barn i å forlate posten hvis de ønsker det. Det er ledsager (foreldre) sitt ansvar å følge med på hvor barnet er. Hvis en som ledsager/forelder er bekymret for at barnet skal stikke av fra posten er det viktig å ta opp denne problemstillingen med personalet slik at man kan gjennomgå gjeldende rutiner.