Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Erfaringspanel - psykisk helse og rus

Brukarane av våre tenester har levde erfaringar som helsevesen, brukarar og pårørande treng. Vi har eit eige erfaringspanel for psykisk helse og rus som ivaretar at erfaringskompetansen til brukarar og pårørande blir høyrd.

Ein mann og ei kvinne som sit ved eit møtebord.

Kva er eit erfaringspanel? 

  • Rådgivande organ for divisjonen
  • Medlemmane representerer si eiga erfaring, og ikkje nødvendigvis ein organisasjon
  • Brukarane må sjølve få vere med å utforme korleis brukarmedverkinga bør sjå ut
  • Tar i mot innspel frå brukarar og pårørande, og bringar det vidare
  • Formidlar erfaringskompetanse
  • Set fokus på sentrale problemstillingar i psykisk helsevern
  • Deltar i grupper og prosjektarbeid
  • 18 medlemmar, divisjonsdirektør og sekretær

Korleis jobbar vi?

  • ​Erfaringspanelet jobbar med sakar knytt til tenesteutvikling der klinikkane har behov for direkte tilbakemelding frå pårørande og pasientar med eigenerfaring.
  • Det betyr at brukarane sine stemmer blir tilgjengelege for dem som leiar det daglege arbeidet i divisjonen. 
  • Våre erfaringar med systemet kan bidra til endringar og utvikling av tenestene. 
  • Vi ønsker å vere ein samarbeidspart for betre tenester, og vi kan samla tilby ein «erfaringspool» med ulike erfaringar til ulike formål.

Lurer du på noko? Kontakt oss!

Ove Vestheim
Leiar, Erfaringspanelet 

Hans Olav Instefjord​
Direktør, Divisjon Psykisk helsevern​

Christian Ohldieck​
Avdelingsdirektør, Avdeling for rusmedisin


Poster om Erfaringspanelet vann pris for beste poster under temaet kvalitetsutvikling på Sykepleiesymposiet 2015. Solveig Bartun Rob presenterte posteren som har tittelen «Psykisk helsevern søker hjelp til å hjelpe», og tok imot prisen på kr 3000,- til panelet. Følgjande grunn blei gitt:

  • Psykisk helse er eit satsingsområde i Helse Bergen
  • Psykisk helse har stort fokus på brukarmedvirking på mange felt
  • Prosjektet er spannande og har fokus på erfaringskompetanse
  • Tiltalande poster med avpassa bruk av illustrasjonar og fargar

Plakat for erfaringspanel. Grafisk illustrasjon
 

Sist oppdatert 29.06.2022