Skadepoliklinikken Brot/røntgen

Skadepoliklinikken Brudd/røntgen tar imot pasientar som har ein akutt skade i armar eller bein. Har du hovudskade eller ryggskade, skal du til den allmennmedisinske legevakta, Bergen Legevakt.


Kontaktar du oss same dag som du har skada deg, kan du komme hit i tidsrommet 08:30 – 22:15.


Har du skada deg for to eller fleire dagar sidan, bør du kontakte Skadepoliklinikken på dagtid i tidsrommet 08:30 – 15:00, eventuelt ta kontakt med fastlegen din.


Dersom du kjem til Skadepoliklinikken med ein eldre skade på kveldstid, vil du bli tilvist til å komme tilbake for undersøking neste dag. På dagtid er kapasiteten til å ta imot pasientar større.  


Skadar som skjer om natta etter kl. 22:15 og som ikkje kan vente til neste dag, blir vurderte av lege ved Allmennlegevakten og ved behov vil pasienten bli innlagd på sjukehus. 

Fann du det du leita etter?