Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En bygning med trær og planter foran seg

Spinaleininga

Spinaleininga (Spinalenheten) i Bergen er ein del av ved Nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Forutan sengeposten med 12 senger, har vi fysioterapiavdeling med terapibasseng, ergoterapiavdeling og ei eiga fløy med kontor og møtelokale.

Behandling av pasientar med ryggmargsskade representerer heilt spesielle utfordringar for behandlingsapparatet, både i den akutte fasen og i den langsiktige oppfylginga. For å kunna gje desse pasientane eit best mogeleg tilbod har all internasjonal forsking vist at det er hensiktsmessig å knyta denne omsorga til spesielle einingar.

Sosial - og helsedepartementet vedtok difor i 1995 at det skal vere tre spinaleiningar i Noreg (Helsetilsynets veiledningshefte «Behandling av ryggmargsskadde i Norge»). Desse er i dag lokalisert til Ullevål universitetssjukehus / Sunnaas sjukehus i Oslo, Haukeland universitetssjukehus i Bergen og St. Olavs hospital i Trondheim. 

ABC for deg med ryggmargsskade - informasjonshefte frå Landsforeningen for ryggmargsskadde

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Spinaleininga ligg i 1. etasje i Gamle hovudbygg.
Logg inn for å endre time

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

ABC for deg med ryggmargsskade

ABC for deg med ryggmargsskade er informasjon til deg som nylig har fått en ryggmargsskade og til dine pårørende.
Gå til informasjonsboka
kvinne sitter i seng+rullestol.foto

ABC om ryggmargsskade - for helsepersonell

Denne informasjonen er tilpassa deg som jobber med personer med ryggmargsskade, i spesialisthelsetjenesten, private rehabiliteringssentre eller i kommunen.
Gå til informasjonsboka
tilsette i gang.foto

Kven kjem til oss?

Her kan du lese om kva pasientar som kjem til oss på Spinaleininga, og kva tilbod vi har til pasientane våre.
Les meir

Kven jobber hos oss?

Vil du vita meir om personalet ved avdelinga og kva fagpersonar vi sammarbeider med kan du lese om dette her.
Les meir om oss