Kven jobbar ved Spinaleininga?
Behandling og rehabilitering av pasientar med ei ryggmargsskade er avhengige av at mange forskjellige yrkesgrupper samarbeider tett med den ryggmargsskadde sjølv. Dette tverrfaglege arbeidet bygger på erfaring og kompetanse, difor er det viktig at dette er spesialisert i eigne einingar.
- 2 overlegar
- 1 ass. lege
- 1 avd. sjukepleiar
- 1 fagutviklingssjukepleiar
- 20 stillingar for pleiepersonell
- 3,6 fysioterapeutar
- 2 ergoterapeutar
- 1 sosionom
- 1 postsekretær
- 1 brukarkonsulent
Les meir om kva dei forskjellige yrkesgruppene gjer ved Spinaleininga:
Ved Spinaleininga er det to faste overlegar. Ein av desse er dagleg leiar for Spinaleininga. I tillegg kjem ein lege i spesialisering (LIS), som skiftes ut med om lag 6 mnd mellomrom. Alle legane er del av legestaben i Nevrologisk avdeling.
I avdelinga skal overlegane ha løpande kontakt med pasienten, koordinere behandlingsopplegg og følgje opp rehabiliteringsplanen for den enkelte pasienten.
Etter utskriving frå avdelinga har overlegane ansvar for å organisera nødvendige polikliniske kontrollar.
Det er avdelingsoverlegen ved nevrologisk avdeling som har det samla ansvaret også for pasientane ved Spinaleininga.
Hovudansvarsområder for legane i avdelinga:
- Gje informasjon om skadenivå, omfang og prognose. Tek stilling til tilvisninger og varigheit av oppholdet.
- Medisinsk oppfølging av skaden.
- Halde kontakt med andre spesialistar i og utanfor sjukehuset.
- Kartleggje, informere om og behandle andre følgjer av skaden, som til dømes endringar i seksualfunksjon, infeksjonar, depresjon, søvnforstyrringar, endringar i blodtrykksregulering, osb.
- Har ansvar for sjukemelding og for å gje nødvendig medisinsk informasjon i forbindelse med søknader til NAV, forsikringsselskap, hjelpemiddelsentralen og eventuelt kommunale instansar.
- Leier inntaksmøte, informasjons- og planleggings-/målsettingsmøte.
- Overlegane har ansvar for etablering av nettverk for behandling av ryggmargsskadde i Helseregion Vest.
Sjukepleietenesta ved Spinaleininga består av sjukepleiarar, hjelpepleiarar og pleieassistentar. Ved innlegging får du 2-3 kontaktpleiarar som har hovudansvar for deg overfor resten av pleiegruppa den tida du er hjå oss. Sjukepleietenesta er ein del av det tverrfaglege teamet og jobbar i tett samarbeid med dei andre faggruppene for at du skal få best mogleg utbytte av opphaldet hjå oss.
Alt etter dine ressursar og behov, ynskjer vi å vegleia, støtta, assistera og utfordra deg i forhold til dagleglivets aktivitetar, og hjelpa deg til å oppnå størst mogleg grad av sjøvlstende, eller på best mogleg måte administrera dine assistentar / hjelparar.
Kontaktsjukepleiarar
Du får dine eigne kontaktpleiarar, som skal følgja deg gjennom heile opphaldet hjå oss.
Kontaktpleiarane har ansvar for å:
- Legga til rette opphaldet på posten for deg, slik at du får best mogleg utbytte av tida her.
- Vera eit bindeledd mellom deg og det andre personalet.
- Hjelpa deg med eventuelle problem av praktisk, sosial og kjenslemessig karakter.
- Følgja opp rehabiliteringsprosessen, og vegleia deg i å overta ansvaret for praktiske gjeremål etterkvart som du mestrar desse.
- Delta på planleggings-/målsettingsmøte og heimebesøk saman med deg og resten av teamet.
- Kontaktpleiarane er også tilgjengeleg for dine pårørande.
Nokre dagar etter at du er kome til oss, vil vi få i stand eit målmøte, der heile teamet er med. Hensikta med dette møtet er å utarbeida kortsiktige og langsiktige mål for opphaldet ditt hjå oss. Du og dine nærmaste pårørande er sjølvsagt med på dette møte.
Spinaleininga har 3,6 stillingar for fysioterapeutar. Fysioterapeutens oppgåve er å hjelpa deg til å ta i bruk dine fysiske og psykiske ressursar slik at du med din funksjonshemming blir rusta til å meistra kvardagen best mogeleg.
I treninga med fysioterapeut blir det lagt vekt på bevegelse, uthaldenheit, balanse, kroppsbehersking, styrke. I tillegg er teknikktrening sentralt; f.eks.: av/påkledning, forflytning og rullestolskøyring. Det er viktig at det du gjer med fysioterapeuten overføras til alle daglege aktivitetar på avdelinga.
I byrjinga skjer treninga ofte på rommet ditt. Fysioterapeuten vil hjelpa deg med øvingar for å bevara bevegelse i alle ledd og hjelpa deg opp i ståseng. Ved behov vil du også få hjelp med puste-/ og hosteøvingar.
Etter kvart vil treninga skje på treningssalen og den tek ei meir aktiv form der du gradvis tek sterkare del i aktivitetane. Fysioterapeuten vil også hjelpa deg med utprøving og tilpassing av ulike hjelpemiddel som du har behov for.
Mot slutten av opphaldet ditt vil treninga stort sett bestå i eigentrening, mestring av utandørs rullestolkøyring, eventuelt bassengtrening og andre aktivitetar for styrke og uthaldenheit.
Dersom du har behov for fysioterapi etter utskriving frå Spinaleininga, tek me kontakt med fysioterapeut i heimkommunen din, eventuelt direkte kontakt med eit fysikalsk institutt.
Fysioterapeuten har desse hovudansvarsområda:
- Gje informasjon om skadenivå og omfang i samarbeid med resten av teamet.
- Igangsetting av trening som kan bestå av: lungefysioterapi, gjennombeveging/ tøyingar, ståtrening, styrke-, balanse-, forflytning- og funksjonsøvingar, gangtrening med skinner og krykker og rullestolskøyring.
- Utprøving og tilpassing av hjelpemiddel som f. eks.: manuell rullestol, forflytningsbrett, easyslide og ståhjelpemiddel.
- Utprøving og tilpassing av ortopediske hjelpemiddel som f. eks.: korsett, krage, skinner, sko etc.
Spinaleininga har 2 ergoterapeutar tilknytta avdelingen. Ergoterapeuten har fokus på at du skal bli mest mogleg sjølvstendig i daglege gjeremål (Activities of Daily Living - ADL) som å kle på deg, utføra personleg hygiene, tilbereda eit måltid, eta, forflytta deg, nytta pc osv.
Ved innkomst til avdelinga vil ergoterapeuten kartlegga kva du klarar å gjennomføra av aktiviteter i dagleglivet, kva du treng hjelp til, og kva som er årsaka til aktivitetsvanskane. Årsaka til aktivitetsvanskar kan vera tapt eller nedsett fysisk funksjon, og/eller dårleg tilrettelagt fysisk miljø.
Mange daglege gjeremål krev god handfunksjon og finmotorikk. Ergoterapeuten har derfor fokus på å trena handfunksjon og trene på, og legga til rette for, eit funksjonelt grep. Dette skjer gjennom spesifikk handtrening og ved bruk av aktivitetar (mellom anna lunchgruppe og påkledingstrening).
Når det fysiske miljøet (bustad, arbeidsplass, studiestad osv) bidreg til redusert deltaking og sjølvstende, gjev ergoterapeuten råd og vegleiing, og søker om nødvendige hjelpemiddel som kan legga til rette det fysiske miljøet rundt deg. Tidleg i forløpet vil ergoterapeut på Spinaleininga oppretta kontakt med kommunal ergoterapeut for å avtale heimebesøk der ein kartlegger moglegheit for tilrettelegging i egen bustad. Tilrettelegging skjer i tett samarbeid mellom deg, Spinaleininga, heimkommunen din og Hjelpemiddelsentralen.
Dersom du har behov for elektrisk rullestol i forflytning, vil ergoterapeut saman med deg søka om hensiktsmessig stol. Nav, v/Hjelpemiddelsentralane, låner ut nødvendige hjelpemiddel på varig utlån, utan kostnad. Ergoterapeuten bidreg også til søknad om tilrettelagt bil der det er nødvendig.
Spinaleininga har ein stilling for sosionom (sosialkonsulent). Haukeland universitetssjukehus har som mål å gje pasientane ei fullstendig behandling. Dette betyr at det ikkje berre er dei fysiske / medisinske sidene ved ei behandling som er viktig, men at det kan ha stor betyding for ei behandling korleis ein meistrar sine praktiske og personlege problem.
Ryggmargsskader fører ofte med seg mange spørsmål og problem i forhold til bustad, arbeid, økonomi, fritid, familie- og samlivssituasjon. Mange ønsker å ordna opp i dette sjølv, men dersom du ønsker det, kan sosionomen hjelpa deg med å finna fram til eigna tiltak for at du skal meistra ein endra livssituasjon.
Sosionomens arbeidsområde:
- Informasjon og råd om rettar, stønader og ytingar etter bl.a. trygde- og sosiallovgiving.
- Bistand ved søknadar ( f.eks. søknad om ny bustad, søknad om trygdeyting, søknad om støttekontakt).
- Formidla kontakt med offentlege og private hjelpeinstansar (eks. på offentlig hjelpeinstans: trygdekontor, eks. på privat hjelpeinstans: advokat).
- Samarbeida med det andre personalet når det gjeld tilrettelegging av f.eks. bustad og arbeidsplass.
Sosionomen oppsøker alle nye pasientar på avdelinga, for å helsa på dei og tilby dei samtale. Du kan også be lege eller sjukepleiar om å få samtale med sosionom. Tilbodet om samtale gjeld også pårørande, foreldre, barn, ektefelle, då desse ofte har like stort behov for informasjon om rettar o.l. som pasienten sjølv.
Sosionomen legg stor vekt på at du sjølv skal koma i direkte kontakt med dei aktuelle hjelpeinstansane.
Når du har vore innlagt nokre veker, skriv sosionom, på vegne av Spinaleininga, eit brev til den eller dei som har ansvar for personar med nedsette funksjonar i kommunen din eller bydelen din. Dette er fordi det er ein fordel å koma i gang med samarbeidet med hjelpeapparatet i kommunane så tidleg som mogleg. Samarbeid for at du skal kunna meistra din nye livssituasjon utanfor sjukehuset så godt som mogleg starter altså tidlig i rehabiliteringa. Dette samarbeidet er sjølvsagt avhengig av at du gjev ditt samtykke.
Brukarkonsulenten som sjølv har ein ryggmargskade, skal vera der som ein likemann til pasientane. Ho skal kunne dela sine erfaringar med både hjelpemiddel og andre praktiske utfordringar, og det å leva med ein funksjonshemming i forhold til seg sjølv og andre.
Både pasientar og pårørande kan koma med sine spørsmål og tankar. Dersom fysioterapeut, ergoterapeut eller sjukepleiar ser det hensiktsmessig at brukarkonsulenten er med på noko som å vise påkledning, treningssituasjon, deling av erfaring eller andre ting tar dei kontakt med brukarkonsulenten.
Brukarkonsulenten har desse ansvarsområda:
- Er med på aktivitetsgruppa og har kveldsaktivitetar.
- Har ansvar for allmøta, som er ein onsdag i månaden.
- Har eit tett samarbeid med sosionomen ang. spørsmål om rettar og andre aktuelle ting.
- Kan informera om aktuelle foreiningar og liknande.
Sist oppdatert 06.07.2023