Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk post 5 nord - blodsjukdommar

Hos oss behandlar vi pasientar som er innlagde for utreiing eller behandling av hematologiske sjukdommar som leukemi, myelomatose eller djup venetrombose (DVT).

På denne posten har hovudvekta av pasientane blodsjukdommar.

  • Leukemi
  • Myelomatose
  • Myelodysplastisk syndrom
  • Djup venetrombose
  • Aplastisk anemi
  • Mb. Waldenstrøm
  • Hårcelleleukemi og andre meir sjeldne blodsjukdommar

Avdelinga driv også autolog stamcelletransplantasjon og vi har nasjonal funksjon for allogen stamcelletransplantasjon, beinmargstransplantasjon. 

Vi har to 4-mannsrom, eitt dagbehandlingsrom, eitt undersøkings/samtalerom og sju einerom. Tre av eineromma er overtrykksisolat.

Av tilsette har vi sjukepleiarar, kreftsjukepleiarar, hjelpepleiarar, postsekretær og åtte hematologar, to av dei er professorar. Vi har også ein fysioterapeut til stades på posten dagleg og vi har sosionom ved behov.

Vi oppfordrar pårørande til å besøke pasientar. På grunn av nedsett immunforsvar hos enkelte pasientar, ønskjer vi at besøkande ikkje er forkjølte, har pågåande infeksjonar eller andre sjukdommar.

Barn under 14 år kan dessverre ikkje besøke posten på grunn av mogleg smitte/infeksjonar som dei kan vere berarar av.

Blomar i jord eller blomeoppsatsar kan ikkje bli tatt med inn på posten. Dersom ein pasient er isolert kan det heller ikkje bli tatt med blomebukettar.

Ta kontakt med oss dersom noko er uklart.

Korleis kan barn og ungdom reagere?

Når ein i familien blir sjuk, kan barn og ungdom sin kvardag bli prega av uro og angst. Barn er flinke til å observere omgivnadane sine, og tolkar endringar som oppstår på sin eigen måte. Barn som manglar kunnskap, kan ha fantasiar eller tankar om sjukdommen som er verre enn det som verkeleg er. Nokre barn kan og skulde seg sjølve for at ein i familien er blitt sjuk.

Samtale og informasjon

Vi anbefaler å snakke med barn og ungdom for å få vite kva dei tenker om situasjonen. Ved å informere barn og ungdom om sjukdom og behandling, kan det bli enklare for dei å takle familien sin nye situasjon. Vårt råd er å vere ærlig og konkret når du informerer og svarer på spørsmål.

Barn og ungdom kan og ha behov for å samtale om kva dei skal svare når andre i nærmiljøet snakkar om den sjuke. Sjukepleiarane ved avdelinga kan vere til hjelp med å svare på spørsmål frå barna. Vi har og ein eigen sjukepleiar som har spesialisert seg på barn som pårørande.

Kontakt med sjukehuset

Det kan vere lurt at barn og ungdom så tidlig som mogleg kjem til sjukehuset for å besøke den sjuke og sjå korleis vedkomande har det. Slik får ein gjerne eit realistisk bilde av situasjonen. Dersom det er vanskeleg å få til, kan det hjelpe og snakke saman på telefon. Det går og an å sende bilde av den sjuke og bilde frå avdelinga.

Forståing for barn og ungdom sine val

Sjølv om det blir anbefalt at barn og ungdom kjem på besøk, må dei ikkje bli tvinga til noko dei sjølve ikkje har lyst til. Gi dei tid. Når dei blir informert, har dei gjerne ikkje så mykje å spørje om. Det er viktig at dei sjølve får regulere kor mykje eller lite dei vil snakke om det. Ver ekstra merksam på typiske tidspunkt kor barn eller ungdom vanlegvis plar fortelle noko om seg sjølve, for eksempel når dei kjem heim frå skulen eller når dei legg seg om kvelden.

Informasjon til nærmiljøet

Vi anbefaler å informere helsesøster, skule og/eller barnehage om situasjonen, slik at barna kan bli sett og ivaretatt i ein vanskeleg situasjon.

Besøk på sjukehuset

Barn og ungdom som kjem på besøk må ha nær relasjon til pasienten. Før besøket bør dei vere førebudde på kva som ventar dei. Det må og avtalast med personalet før barn skal inn på avdelinga. Dette for å avklare om barnet er friskt og om omgivnadane på avdelinga er friske.

Vi anbefaler å:

  • Forklare sjukdommen og behandlinga på en lettfatteleg måte, for eksempel å førebu barnet på kva som har hendt og korleis behandlinga verkar.
  • Førebu barnet på eventuelle endringar av utsjånad, eventuelt vise bilde før besøket.
  • Forklare utstyret som er ved senga, for eksempel intravenøsstativ med pumpe og alle slangane som går inn i pasienten.

Barn og ungdom ønskjer ofte å bidra med noko. Dei kan ta med seg ei teikning eller eit bilde av seg sjølve. Dei kan og bli ivaretatt ved å få vere til nytte for eksempel med praktiske ting som å hente eit glas vatn, noko utstyr eller liknande når dei er på besøk.

På avdelinga kan vi dele ut boka «Kjemomannen Kasper» som er aktuell ved kreftsjukdom. Den gir ei fargerik og illustrert forklaring på kreftsjukdom og behandling, og kan være eit hjelpemiddel i samtale med barn. Vi har og ein film som heiter ”Jeg har ikke gjort leksene mine i dag, min mor fikk kreft i går…”. Filmen viser barn og ungdom sin reaksjon og behov for informasjon når nokon i familien blir alvorleg sjuk. Vi har og brosjyrar om dette temaet.

Forholdsreglar ved besøk

Som en konsekvens av den medisinske behandlinga har mange pasientar eit svekka immunforsvar. Derfor må ein ta nokre forholdsreglar når barn kjem på besøk til avdelinga. Besøk av barn må planleggast godt og avtalast med personalet på førehand. Barna må vere friske og ikkje ha infeksjonar i øvre luftvegar, tarm, hud, eller ha barnesjukdommar. Det er spesielt viktig at barna ikkje er smitta av vasskoppevirus.

Barn som har blitt utsatt for smitte kan ikkje komme på besøk. Vasskoppar smittar ved direkte kontakt (dråpesmitte) 1-2 dagar før utslettet kjem, og sjølvsagt når ein har utslett og væskefylte blemmer. Tida frå barnet blir smitta og til sjukdommen bryt ut er 10-23 dagar. Smitte blir overført også i denne perioden. Barn og ungdom som har hatt vasskoppar er ikkje smitteberarar. Vi vil spørje dokke om infeksjonar når besøk blir planlagt og når barna kjem.

God handhygiene er viktig. Sjukepleiar vil informere og rettleie dokke med tanke på handhygiene, og er i samarbeid med dokke ansvarleg for å rettleie barnet. Talet på barn må avgrensast til 2-3 per besøk. Det er viktig at ein vaksen følgjer barna og er på avdelinga under besøket.

Vi tar atterhald ved smittsamme sjukdommar og ”epidemiar” utanfor sjukehuset. Då vil vi vurdere kvart enkelt tilfelle. Snakk med personalet først.

Besøk på rom med beskyttande isolasjon

Barn skal følgje retningslinjene for besøk på beskyttande isolat i samsvar med prosedyrar på avdelinga. Personalet rettleier i forhold dette. Barna må ha med eige reint tøy og innandørssko til bruk i isolatet. Dersom barna skal ut av isolatet og inn igjen, må dei på ny skifte om til reint tøy. Barn skal ikkje leike på golvet, det blir rekna som skitten sone. Barna kan ha nokre få leiker på rommet så lenge ein av foreldra er isolert. Større barn og ungdom skal følgje same retningslinjer som vaksne.

Besøk på rom med smitteisolasjon

Barn skal følgje retningslinjene for bruk av verneutstyr i samsvar med prosedyrar på avdelinga. Personalet rettleiar.

Vi anbefaler at barn under 12 år ikkje får besøke smitteisolat, med mindre det finst sterke psykososiale grunnar for å tillate det. Barn er vanskelege å lære opp og styre i forhold til smitteførebyggande tiltak.

Det er ønskeleg at barnet er i følgje med ein vaksen under besøket. Det er nødvendig at barn på lik linje med vaksne ikkje oppheld seg på andre stader ved sjukehuset før og etter besøk på rom med smitteisolasjon, for å unngå smittespreiing.

Still gjerne spørsmål til personalet.

Kontakt

Telefon

Telefontider: Kl 11.00 - 13.30 og 17.00 - 19.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 7. etg. nord i Sentralblokka.

Besøkstider: kl 17.00 - 20.00 alle dagar.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

​Her finn du praktisk informasjon og rutinar for inneliggande pasientar ved posten.

Sjå all praktisk informasjon for pasientar på posten

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Myelomatose
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
    Myelomatose
    29.
    oktober
    2024
    2 dagar