HELSENORGE

Våre einingar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

Verksemda ved MBF er organisert i seksjonar som utfører analysar innan sitt fagfelt (analytiske seksjonar) eller som tar vare på andre funksjonar og oppgåver i laboratoriet (ikkje-analytiske seksjonar). Alle seksjonar deltar i blodprøvetaking på sengepostar eller i avdelinga sine poliklinikkar.

Analytiske seksjonar

MBF - Barne- og ungdomsklinikken (MBF-BUK)

Utfører klinisk-kjemiske-  og hematologiske analysar for Barne- og ungdomsklinikken. Seksjonen har ansvar for drift og opplæring i pasientnær analytisk verksemd ved Marie Joys hus. Laboratoriet har døgndrift.

MBF - Kvinneklinikken (MBF-KK)

Utfører klinisk-kjemiske- og hematologiske analysar for Kvinneklinikken og Augeavdelinga. Laboratoriet utfører også diverse analysar i sæd og navlestrengsblod. Seksjonen har ansvar for drift og opplæring i pasientnær analytisk verksemd ved Kvinneklinikken. Legar ved Kvinneklinikken har medisinskfagleg ansvar for sædanalysane. Laboratoriet har døgndrift.

MBF - Kysthospitalet i Hagevik (MBF-KiH)

Ufører klinisk-kjemiske-, hematologiske- og koagulasjonsanalysar for Kysthospitalet i Hagevik. Seksjonen har i tillegg ei transfusjonseining som er organisert under Avdeling for immunologi- og transfusjonsmedisin (AIT). Laboratoriet er opent på dagtid og har beredskapsvakt kveld/natt.

MBF-Voss (Laboratoriet på Voss sjukehus)

Utfører klinisk-kjemiske, hematologiske- og koagulasjonsanalysar, enkelte mikrobiologiske analysar samt blodtypeserologiske analysar innan transfusjon for Voss sjukehus og lokale legekontor. Avdeling for immunologi- og transfusjonmedisin (AIT) har ein tappestasjon lokalisert på Voss sjukehus, som blir bemanna av bioingeniørar ved MBF-Voss. MBF-Voss har eigen poliklinikk og ansvar for drift og opplæring i pasientnær analytisk verksemd ved Voss sjukehus. Laboratoriet er opent på dag- og kveldstid, med beredskapsvakt på natt.​

Nevro/Revmalab

Utfører nevroimmunologiske spesialanalysar samt SR- og urinanalysar for Nevrologisk- og Revmatologisk avdeling. Legar ved Nevrologisk avdeling har medisinskfagleg ansvar for spesialanalysar. Seksjonen held til i Gamle hovudbygg.

Seksjon for allergi- og proteinanalysar

Utfører klinisk-kjemiske- og cellebaserte allergologiske analysar, samt kvantitativ og kvalitativ analyse av spesifikke proteinar.

Seksjon for automatiserte analysar

Utfører analysar innan medisinsk biokjemi og eit utval av klinisk farmakologiske analysar. Seksjonen har døgndrift.

Seksjon for hematologi- og koagulasjonsanalysar

Utfører hematologiske- og koagulasjonsanalysar. Seksjonen har også ansvar for hematologiske analysar ved Kreftavdelinga sin poliklinikk i Parkbygget. Seksjonen har døgndrift.

Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar

Utfører kvantitering av lege- og rusmiddel og deira metabolittar, både i serum og i andre biologiske materiale. Rusmiddelanalysar blir hovudsakleg utført ved analytisk eining for LC-MS/MS metodar.

Seksjon for pasientnær analysering (PNA)

Seksjonen har ansvar for å utføre osmometri, SR
- og blodgassanalysar. Seksjonen har driftsansvar for alle blodgassinstrumenta, både i eiga avdeling og ved kliniske avdelingar der det er utplassert pasientnært utstyr. Seksjonen har ansvar for drift og opplæring i bruk av pasientnære instrument, strimmelanalysar i urin og urin mikroskopi.

Seksjon for porfyrianalysar

Utfører diverse hematologiske spesialanalysar, samt porfyri- og spormetallanalysar. 

Hormonlaboratoriet

Det eldste spesiallaboratoriet for hormonanalysar i Noreg. Læra om hormonsystemet kallast også endokrinologi. Endokrinologiske utgreiingar omfattar i stor grad måling av hormonkonsentrasjonar i serum/plasma, urin og spytt.​

Ikkje-analytiske seksjonar

Preanalytisk seksjon

Mottar, registerer og fordeler både interne prøvar og prøvar frå eksterne rekvirentar. Seksjonen driftar laboratoriet sin telefonsentral og administrerer utsending av svarbrev og eventuell viderforsending av prøvar. Preanalytisk seksjon har ansvar for prøvetaking i Poliklinikk for prøvetaking i Sentralblokka​, for prøvetakingseininga i Zander Kaaes gate og prøvetakingseininga ved Region Nordhordland Helsehus i Knarvik. 

Andre einingar ved MBF​

Forskningsgruppa ved Hormonlaboratoriet

​Forskingsgruppa ved Hormonlaboratoriet er knytt til MBF Helse Bergen og Klinisk institutt 2 (K2), Universitetet i Bergen. 

I Forskningsgruppa er hovudfelta for forsking:

  • Fedme og diabetes
  • Hormonar og brystkreft
  • Massespektrometri og steroidhormonar

IKT-gruppa

​IKT-gruppa har ansvar for drift av laboratoriedatasystemet, er rådgivende i IKT-relaterte spørsmål i avdelinga, og er brukarstøtte mot primærhelsetenesta når det gjeld elektroniske meldingar.

Kvalitetsgruppa

​Kvalitetsgruppa ved MBF blir leia av kvalitetsleiar, og er rådgivande for kvalitetsarbeidet i avdelinga, kontakt med Norsk akkreditering, og er blant anna ansvarleg for Elektronisk kvalitetshåndbok, Synergi og Kompetanseportalen ved MBF. ​

​​Legegruppa ved Hormonlaboratoriet

Legegruppa ved Hormonlaboratoriet er medisinsk ansvarleg, driv med rådgiving og forsking innen analyser knyttet til fagfeltet endokrinologi som analyseres ved MBF. ​

Legegruppa klinisk farmakologi

Legegruppa i klinisk farmakologi er medisinsk ansvarleg, driv med rådgiving og forsking innen analyser knyttet til fagfeltet klinisk farmakologi som analyseres ved MBF.

Legegruppa medisinsk biokjemi

Legegruppa i medisinsk biokjemi er medisinsk ansvarleg, driv med rådgiving og forsking innen analyser knyttet til fagfeltet medisinsk biokjemi som analyseres ved MBF.

​NAPOS

NAPOS - Nasjonal kompetansetjeneste for porfyrisjukdommar

Noklus Hordaland

Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus) arbeider med kvalitetsforbetring av laboratoriearbeid i primær- og spesialisthelsetenesta. Hovudkontoret ligg i Bergen (Haraldsplass Diakonale sykehus), og laboratoriekonsulentar (bioingeniørar) og legespesialistar er tilknytta 23 ulike sjukehus. I Hordaland er Noklus organisert som ein seksjon under MBF. Noklus har avtale om samarbeid med dei fire regionale helseføretaka. Sjå meir på Noklus si heimeside.  

RELIS Vest

RELIS Vest er eit tilbod til helsepersonell i helseregion Vest om produsentuavhengig legemiddelinformasjon.

​Personal- og driftsstøtte

​Personal- og driftstøtte gruppa har ansvar for rekruttering, turnusplanlegging og permisjoner. Samarbeid med Høgskulen på Vestlandet for planlegging av studentar sin praksis. Har overordna HMS ansvar for alle ansatte ved avdelinga og følgjer opp eit inkluderende arbeidsliv (IA), samt bidrar i planlegging og utførelse av kurs og større sosiale arrangement som avdelinga arrangerer. ​

SOReg

Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi. Dette er eit nasjonalt kvalitetsregister for overvektsopererte pasientar. 

Fann du det du leita etter?