Helse Bergen har fleire stader man kan ta blodprøver.
Om du ikkje skal leggast inn eller til poliklinisk kontroll same dag, så er det enkleste å besøke vår prøvetakingsstasjon i Zander Kaaes gate 7 i Bergen sentrum, ved sida av Jernbanestasjonen og Hotell Terminus, med inngang frå gateplan i nordenden av bygget. Det er mogleg å bli sleppt av/henta like framfor inngangen, og ein kan parkera bilen i Bygarasjen. Det er også enkelt å koma seg dit med Bybanen, buss og tog.
I Zander Kaaes gate 7 tar vi også i mot urinprøvar, fecesprøvar og spyttprøvar til kortisol. Åpningstid er måndag til fredag 08.00 til 14.00.
Googlekart til Zander Kaaes gate 7Skal du leggast inn eller til poliklinisk kontroll same dag må du komme til oss i Sentrablokka på Haukelandomsrådet. Der held vi til i 2. etasje. Her kan vi også ta i mot spesialprøvar med særleg kort haldbarheit: kapillær syre/base, venøs base /bikarbonat, laktat, TEG. Spesialprøvar ein ikkje kan ta hos fastlege, eller som av bestemde årsaker må sendast til prøvetaking på Haukeland universitetssjukehus. Ulike forskings-/prosjektprøvar.
Barn under 6 år blir tilviste til laboratoriet på Barne- og ungdomsklinikken på Haukelandsområdet.