Vi har plass til 22 barselkvinner. Vi har ni tomannsrom, der halvparten av romma har eige bad/toalett. I tillegg har vi fire enkeltrom med eiga bad. Vi ønskjer å legge til rette for ein meir familievennleg barseltid, og har derfor opna opp for at partnar kan vere til stades saman med mor og barn heilt til de skal reise heim frå sjukehuset. Les meir om dette her
Barseltida
Målet for barselomsorga er i størst mogleg grad å leggje denne til rette ut frå den enkelte kvinne, barn og familie sine behov, ressursar og situasjon. Forutan omsorg og oppfølging av barselkvinner og nyfødde etter ukompliserte fødslar, behandlar avdelinga barselkvinner som har gjennomgått kompliserte svangerskap og fødslar.
Liggetida hos oss er individuell og tilpassa behovet til mor og barn. Etter keisarsnitt, ligg kvinna vanlegvis i 3-4 dagar.
Ro og kvile for mor og barn
Vi oppmodar om at alle mobiltelefonar er satt på lydlaus. Ro og kvile er to viktige faktorar for ei god barseltid. Erfaringane våre viser at mange mobilsamtaler, eigne og andre sine, kan vere forstyrrande.
Visittid kun for dei næraste
Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og ha nok tid og ro til å komme i gang med bl.a amminga. Vi ser at kvinnene som har fødd blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss.
Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til dei aller næraste. Den første tida heime bør óg avgrensast til dei aller næraste.
Kva skjer når du er hos oss?
Vi prioriterer å støtte og hjelpe mor og far, så de skal føle seg trygg på mating og stell av den nyfødde før heimreise. Ammerettleiing blir særleg vektlagt. I løpet av det første døgnet vil barnet ditt vil bli undersøkt av barnelege. Då er det fint om ein av de foreldre er til stades. Du kan stille spørsmål og ta opp ting du meiner det er viktig at barnelegen kjenner til.
Før heimreise får du informasjon om kor og kven du kan ta kontakt med om du treng rettleiing, råd eller hjelp etter heimkomsten. Det kan og hende det blir avtala heimebesøk med jordmor eller du får med deg ein avtale om time hos jordmor på Barselpoliklinikken når du reiser.