Stråleterapiseksjonen skal saman med avdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus, gje eit strålebehandlingstilbod til pasientane i Helse Vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane).
Kvart år får ca. 1880 personar strålebehandling hos oss. På stråleterapiseksjonen arbeider det stråleterapeutar som tar hand om pasientane ved den daglege behandlinga.
I samband med strålebehandling vil kroppen reagera på strålinga i større eller mindre grad. Dei fleste reaksjonane er lokale og vil kunne variera mykje frå person til person.Informasjonsskriva under vil difor bare fungera som ei rettleiiing, og gjer ikkje ein eksakt oversikt over korleis akkurat du vil oppleva behandlingsperioden. Dei er berre meint å gjera deg bevisst på, kva for erfaringar ein kan gjera seg underveis.
Spør alltid personalet om noko er uklart i samband med den informasjonen du får på avdelinga.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma er alltid ope, og er opne for alle.
Les meir om stilleromma
Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Gjenståande tekn: 255
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.