Måltid / buffet
Post 2 har eigen buffet, med eige ansatt personale.
Det vert lagt stor vekt på at maten skal sjå fin ut, ha rett temperatur og vere innbydande.
Frukost kl 08.00-09.00
Lunsj kl 12.00-13.00
Middag kl 15.30-13.30
Kveld kl 19.30-20.30
Det er og mogleg å få enklare rettar utanom desse tidene. Det er etablert ein eigen meny med smørbrødvariantar, graut, supper, eggrettar og liknande.
Kl 10.15-11.30 går buffetpersonalet rundt med ein trillevogn. Her kan ein få servert diverse smårettar og drikke direkte ved senga.
Opphaldsrom
Post 2 har ein daglegstove i vestfløya. Her kan du sjå TV, høyre musikk, bruke spel, dvd og leiker. I tillegg har me fleire sittegruppar i korri
Sjukehuset si kantine i 3. etasje, samt kafé/ sittegruppe i 0. etasje i Sentralblokka kan óg nyttast.
Bruk av PC
Det er variabel trådlaus dekning på posten. Vi har bærbare PC-ar til utlån.
Pasientgrupper og behandlingsansvarlege overlegar:
Hovud/ halskreft: Ása Karlsdottir, Marianne Brydøy, Jorunn Brekke , Therese Strømsli (konst),
Testikkelkreft (testis): Marianne Brydøy, Ása Karlsdottir, Therese Strømsli (konst),
Peniskreft: Ása Karlsdottir
Kreft i spiserøyr(øsofagi)og magesekk (ventikkuli): Nils Glenjen, Bente Abelseth
Bukspyttkjertelkreft ( pancreas): Bente Abelseth, Nils Glenjen
Hudkreft (unntatt føflekkreft): Marianne Brydøy og Therese Strømsli (konst),
Blaut- og beinvevskreft (Sarcomer): Dorota Goplen, Åse Hjelle (konst), Valen og Clement Stig Trovik (ortoped)
Hjernesvulstar (Tumor cerebri): Øystein Fluge, Dorota Goplen, Jorunn Brekke
Lungekreft (Cancer pulm): Svein Inge Helle, Al-Zubaydi, Inger Marie Sandvik (konst.)
Prostatakreft: Svein Inge Helle, Al-Zubaydi og Inger Marie Sandvik (konst.)
Kreft i urinvegar (nyrebekken, urinleiar og urinblære): Svein Inge Helle, Al-Zubaydi, Christian Ekanger, Inger Marie Sandvik (konst.)
Lymfekreft (Lymfomer): Turid Løkeland, Øystein Fluge, Anne Turid Bjørnevik, Renate Galleberg (konst)
Kreft i skjoldbruskkjertelen (Thyroidea ): Øystein Fluge, Anne Turid Bjørnevik, Renate Galleberg (konst)
Høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte (HMAS): Turid Løkeland
Pleiepersonalet sine oppgåver
Våre hovudoppgåver er knytt til utgreiing, behandling og pleie av pasientar frå Helse Vest. For dei fleste pasientane har vi ein regional funksjon, i tillegg har vi ein lokalfunksjon for nokon av pasientgruppene.
Behandlinga vi yter er hovudsakleg cellegiftbehandling, strålebehandling og varmebehandling.
Vi er eit nasjonalt sarcomsenter, som medfører at vi har ansvaret for den pre- og postoperative behandlinga av pasientar med denne kreftforma.
Vi har óg ansvaret for alle pasientane som får autolog stamcellehøsting (HMAS). Posten får difor av og til henvist pasientar med andre diagnosar i tillegg til postens eigne.
Symptomlindring og oppfølging under- og etter behandling er sentrale oppgåver. Dei fleste kurane vi gir, påverkar pasienten sin beinmarg, slik at dei er meir utsette for infeksjonar. Difor vert nokre av pasientane innlagt mellom kurane.
Vi har eit sterkt fokus på barn som pårørande. Vi tilbyr familiesamtaler, rettleiing og hjelp til foreldra og prøver å legge forholda til rette for å gjere posten barnevennleg.
Det blir lagt mykje arbeid i å koordinere og planlegge utskrivingar.
Personalet på sengepostane
Det faste personalet omfattar spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar og postsekretær.
Det er eit nært samarbeid med fysioterapeutar, sosionomar, klinisk ernæringsfysiolog og sjukehusprest. Avdelinga har jamleg studentar i praksis.
Andre samarbeidspartnarar
Vi arbeider tett med palliativt team og andre spesialeiningar på sjukehuset. På same måte prøver vi få til eit nært samarbeid med lokalsjukehusa og pleie- og omsorgstenesta. Vi formidlar også kontakt med Sunniva Klinikk for Lindrande behandling, Røde Kors palliativ avdeling, Kreftforeninga og andre aktuelle instansar.
Organisering av sjukepleietenesta
Post 1:Pasientane vert delt inn i 2 team (gruppe1 og gruppe2) ut i frå kva diagnose dei har.Kvar gruppe består av sjukepleiarar, hjelpepleiar og legar som har ansvar for pleie og behandlinga under opphaldet i avdelinga. Pasient og pårørande vil dermed få eit begrensa tal av personalet å forhalde seg til. Ved ny innlegging, kjem ein i hovudsak tilbake på same gruppe.
Post 2: Pasientane vert delt inn i 4 team (rødt, gult, blått og grønt) ut i frå kva diagnose dei har.
Kvart team består av sjukepleiarar, hjelpepleiar og legar som har ansvar for pleie og behandlinga under opphaldet i avdelinga. Ved ny innlegging, kjem ein i hovudsak tilbake på same team.
Besøk
Besøk: Besøkstida på sjukehuset er frå kl. 17.00-20.00. Vi praktiserer utvida besøkstid frå kl 12-20 eller etter avtale med personalet.
På fleirsengsrom: Her kan det vere behov for å avgrense besøka inne på rommet.
Det er ein fordel om ein kan nytte fellesareal til å ta imot besøk.
Mange av pasientane våre har eit lågt immunforsvar. Vi oppmodar til besøkande å vise omsyn til dette.
Barn på besøk: Avdelinga har fokusert på å ha barnevennlege postar. Det er muleg å låne spel, bøker, leiker, teiknesaker m.m.
Dagsrutinar på post
Vaktskifte: kl 07.00 - 07.30
Frukost: kl 08.00 - 09.00
Legevisitt: ca kl 09 - 11
Lunsj: kl 12.00-13.00(varm/kald)
Vaktskifte: kl 14.30 - 15.30
Middag: kl 15.30 - 16.30
Kvelds: kl 19.30 – 20.30
Vaktskifte: kl 21.30 – 22.00
Buffet
Postane er tilknytt buffet-servering i eigne lokale. Vi prøver å gje eit variert og appetittvekkande tilbod, med stor grad av individuell tilpassing.
Blomster
Pasientane er utsett for infeksjonar. Det er derfor nødvendig å ta nokon førehandsreglar i avdelinga. Berre avskorne blomster kan bli tatt med til pasientane. Er pasienten isolert på rommet pga infeksjonsfare, er det ikkje høve til å ha blomar på rommet.
Bruk av mobiltelefon
Det er lov å bruke mobil på sengepostane. Sjukehuset har skilta område der mobilbruk ikkje er lov. Vi ber om at ringelyden blir sett så lågt som muleg, og at ein viser omsyn. Vi ber om at det ikkje blir tatt bilete som kan vise andre pasientar.
Tv/video/ elektroniske spill
Det er tilgang til TV på kvart sengerom. I tillegg er det TV i fellesareal/dagligstue. Video og X-box/ Playstation kan lånast ut.
Bruk av eigen PC
Det er tilgang på trådlaust nettverk på sjukehuset. Noko ulik dekking på sengepostane.
Verdisaker/pengar
Det blir tilrådd å ikkje oppbevare verdisaker/pengar på rommet. Det er minibank i 0. etg i Sentralblokka. Postane har ingen deponeringsmulegheit for verdisaker.
Permisjonar
Etter avtale med personalet kan ein reise på permisjon. Reiseutgifter må ein dekkje sjølv. Det er eigne reglar for pasientar frå andre kommunar utanom Bergen. Ta kontakt med personalet.