Måltid/ buffet
Eininga har eige personale med kokk for matlaging og servering. Det blir lagt stor vekt på at maten skal sjå fin ut, ha rett temperatur og vere innbydande.
Frukost kl 8.00- 9.00
Lunsj kl 12.00-13.00
Middag kl 15.30-16.30
Kveld kl 19.00-20.00
I tillegg kjem trillevognserveringa kl 10.15-11.30.
Det er muleg å få enklare retter også utanom desse tidene. Det er etablert ein eigen meny med smørbrødvariantar, graut, supper, eggrettar og liknande.
Opphaldsrom
Posten har eigen spisestove og TV-stove til fri disposisjon, samt tilgong til fellesareale i underetasjen( Atriet).
I tillegg har posten eit rom som pårørande kan nytte til overnatting ved behov.
Samtalerom
Vi har eige samtalerom som brukast til informasjons- og familiesamtaler.
Trimrom
Posten har eige trimrom der pasientar kan trene saman med fysioterapeut på dagtid. Rommet kan også nyttast til undervisning og evt andre ting etter avtale.
Bruk av PC
Kvar sengeplass har ein tilhøyrande terminal med TV, radio, internettilgong og telefon. Telefon gjennom denne terminalen er gratis.
I tillegg er det lagt opp trådlaust nettverk i heile bygget.
Pasientgrupper og behandlingsansvarlege overleger
Brystkreft (ca.mammae): Oddbjørn Straume, Hans-Petter Eikesdal, Åse Haug, Cornelia Schuster, Tori Hartwig (konst), Sindre Molvær og Vidhi Shukla (konst).
Kreft med ukjent utgangspunkt (origo incerta): Åse Haug, Tori Hartwig (konst) og Vidhi Shukla (konst).
Føflekkkreft (Mal.melanom): Oddbjørn Straume, Hans-Petter Eikesdal,Cornelia Schuster og Tori Hartwig (konst).
Nyrekreft(ca.renis): Oddbjørn Straume og Åse Haug.
Tarm (ileum, colorectal, ani): Katrin Hämmerling,Inger Marie Løes, Sigrunn Sebjørnsen, Unn Hege Lilleøren (konst), Marit Holen (konst) Ingrid Rekeland (konst) og Unn Lilleøren (konst).
Nevroendokrine svulstar: Katrin Hämmerling, Sigrunn Sebjørnsen og Unn Lilleøren (konst).
Lever / galleveier: Katrin Hämmerling Og Inger Marie Løes.
Pleiepersonalet sine oppgåver
Våre hovudoppgåver er knytt til utgreiing, behandling og pleie av pasientar frå Helse Vest For dei fleste pasientane har vi ein regional funksjon, i tillegg har vi ein regional funksjon for nokre pasientgrupper og lokal funksjon for andre.
Hovudsakleg er det strålebehandling og/ eller cellegiftbehandling som pasientane blir lagt inn for. Symptomlindring og oppfølging under og etter behandling er sentrale oppgåver. Vi har som mål at pasienter får god pleie og symptomlindring, og at pasienter og pårørende har tilstrekkelig informasjon rundt sin situasjon.
Det blir lagt mykje arbeid i å koordinere og planlegge utskrivingar. Mange av våre pasientar har langtkomen kreft. Vi samarbeider blant anna med primærhelsetenesta, Sunniva Klinikk for Lindrande behandling og Røde Kors sjukeheim, palliativ eining.
Dei siste åra har vi hatt spesielt fokus på barn som pårørande. Vi tilbyr familiesamtaler, rettleiing og hjelp til foreldra og prøver å gjere posten barnevennleg.
Dagsrutinar på post
Vaktskifte: kl 07.00 - 07.30
Frukost: kl 08.00 - 09.00
Legevisitt: ca kl 09 - 11
Lunsj: kl 12.00-13.00(varm/kald)
Vaktskifte: kl 14.30 - 15.30
Middag: kl 15.30 - 16.30
Kvelds: kl 19.30 – 20.30
Vaktskifte: kl 21.30 – 22.00
Telefontider
Vi ber om forståing for at vi må avgrense omfanget av at pårørande vender seg til personalet. Dette for å vere tilgjengeleg for kontakt utanom aktivitetstoppar i avdelinga og for å kunne ha oppdaterte opplysningar. Sjå info om tidspunkt under den aktuelle post.
Buffet
Postane er tilknytt buffet-servering i eigne lokale. Vi prøver å gje eit variert og appetittvekkande tilbod, med stor grad av individuell tilpassing. Sjå også info under aktuell post.
Blomster
Pasientane er utsett for infeksjonar. Det er derfor nødvendig å ta nokon førehandsreglar i avdelinga. Berre avskorne blomster kan bli tatt med til pasientane. Er pasienten isolert på rommet pga infeksjonsfare, er det ikkje høve til å ha blomar på rommet.
Bruk av mobiltelefon
Det er lov å bruke mobil på sengepostane. Sjukehuset har skilta område der mobilbruk ikkje er lov. Vi ber om at ringelyden blir sett så lågt som muleg, og at ein viser omsyn. Vi ber om at det ikkje blir tatt bilete som kan vise andre pasientar.
Tv/video/ elektroniske spill
Det er tilgang til TV på kvart sengerom. I tillegg er det TV i fellesareal/dagligstue. Video og X-box/ Playstation kan lånast ut.
Verdisaker/pengar
Det blir tilrådd å ikkje oppbevare verdisaker/pengar på rommet. Det er minibank i 0. etg i Sentralblokka. Postane har ingen deponeringsmulegheit for verdisaker.
Permisjonar
Etter avtale med personalet kan ein reise på permisjon. Reiseutgifter må ein dekkje sjølv. Det er eigne reglar for pasientar frå andre kommunar utanom Bergen. Ta kontakt med personalet.