Frivilligkorps
Eit møte med sjukehuset kan vere eit av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit nytt korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.
Les meir om dei frivillige.Internett
Vi ønskar å gi god informasjon om sjukehuset og våre tilbod til befolkninga generelt, og pasientar og pårørande spesielt. Alle avdelingane har eigne webkontaktar og er ansvarlege for at innhaldet på dei einskilde avdelingane er oppdatert og fagleg rett.
Intranett
Intranettet til Haukeland heiter «Innsiden» og er den primære kommunikasjonskanalen i sjukehuset.
Intranettet er viktig for å halde dei tilsette oppdaterte på viktige hendingar i sjukehuset. Men intranettet er like viktig som ei felles arbeidsflate. Alle avdelingane på Haukeland bruker «Innsiden» som eit arbeidsverktøy og intern kommunikasjonskanal i si avdeling.
Vi bruker SharePoint som publiseringsløysing og er derfor fleksibel med tanke på tilgangsstyring og tilrettelegging for kvar einskild funksjon og avdeling.
Kultur
Kommunikasjonsavdelinga har ansvar for mange av kulturaktivitetane og trivselstiltaka på sjukehuset. Ein av våre tilsette er ein "kulturbryggar", og har som arbeidsoppgåve å legge til rette for små og store trivselstiltak for pasientar, tilsette og pårørande. Kulturbryggaren er også bindeleddet mellom sjukehuset og dei som ønskjer å gi eit bidrag. Mange vil gi pengar, andre vil bidra med tenester som kan gjere kvardagen for pasientane på sjukehuset litt betre, til dømes gjennom konsertar.
Ønskjer du kontakt med kulturbryggaren vår, kan du sende mail til atle.halvorsen@helse-bergen.no eller ringe 95 89 04 09.
Kunstutval
Kunst og utsmykking av sjukehuslokala er også ein del av ansvaret til Kommunikasjonsavdelinga. Det er nedsett eit kunstutval som skal ha eit blikk for korleis sjukehuslokala er utsmykka.
Lytteposten
Har du noko du har lyst til å fortelle oss? Noko du er fornøgd med eller misfornøgd med? Da kan du kontakte Lytteposten.
Dette er eit tilbod til pasientar og pårørande som ønskjer å gi ei tilbakemelding om korleis dei har opplevd møtet med sjukehuset. På den måten kan vi få viktig informasjon som vi kan lære av og bruke i vidareutviklinga av tilbodet til pasientar og pårørande.
Telefon: 95 89 05 55 (tirsdag og torsdag kl. 11-15)
E-post:
lytteposten@helse-bergen.no
Les meir om LyttepostenMediekontakt
Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med dei rette personane så langt råd er.
Kontakt Kommunikasjonsavdelinga på info@helse-bergen.no
Vi les kun e-post kvardager i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
Telefon: (+47) 55 97 60 00 - kvardagar kl. 08.00 - 15.30
Vakttelefon: (+47) 95 89 04 45 - utanom vanleg kontortid. Vi har heimevakt og er ikkje til stades på sjukehuset. Førespurnader som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.
Les meir om mediekontaktPasientbibliotek
Pasientbiblioteket på Haukeland tilbyr utlån av bøker, filmar, musikk, aviser og tidsskrift til pasientar og pårørande. Boktraller med eit utval frå biblioteket blir òg trilla rundt til avdelingane. Pasientbiblioteket finn du i tredje etasje i Sentralblokka på Haukeland. Her kan pasientar og pårørande komme innom for ein prat, låne ei bok eller slå seg ned med ei avis.
Opningstider: Måndag, onsdag og fredag Kl. 11.30-15.30. Tysdag og torsdag Kl. 11.30-17.30.
Telefon: 55 97 33 10
E-post: pasientbiblioteket@helse-bergen.no
Les meir om Pasientbibloioteket på sjukehusetStrategisk rådgiving
Kommunikasjonsavdelinga bidrar med rådgiving i ulike prosjekt i sjukehuset og til klinikkar og avdelingar i ulike saker som treng satsing på kommunikasjon. Rådgivarane bistår i prosessen frå utarbeiding av strategiplanar til operativt arbeid for å sette planane ut i livet.
Tekst og foto/video
Vi har journalistar og fotograf/videofotograf som lager saker til intra- og internett. Ein stor del av arbeidet gjeld produksjon av pasientinformasjon. Vi har også medarbeidarar med grafisk kompetanse som bistår i utforming av ulike typer pasientinformasjon.
Leiing
Leiar: Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, 90 13 37 71
Nestleiar: Spesialrådgjevar Ragnhild Dårflot Olsen, 99 22 45 76