Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intensivmedisinsk seksjon

Intensivmedisinsk seksjon er ei serviceavdeling for alle avdelingar på Haukeland universitetssjukehus når det gjeld avansert medisinsk behandling og overvaking av alvorleg og kritisk sjuke pasientar. Intensivpasientar har akutt eller trugande svikt i sentrale organfunksjonar, som til dømes pustefunksjon eller blodsirkulasjon. Seksjonen har spesialutdanna personale, er prega av høg ressursbruk og utstrekt bruk av medisinskteknisk utstyr.

Det er alltid ein intensivsjukepleiar til stades hos pasienten. Eit intensivopphald kan vare fra under eitt døgn til mange veker. Intensivbehandling er eit tverrfagleg samarbeid mellom ”moderavdelinga”, intensiv og eventuelt andre avdelingar/yrkesgrupper.

Seksjonen har fire enkeltrom, to dobbeltrom og eitt tresengsrom. Vi må derfor ta omsyn til at dei fleste pasientane deler rom med andre pasientar

Behandlinga pågår så lenge det er håp om betring og overleving. I nokre tilfelle er ein intensivpasient så alvorleg sjuk at det ikkje er håp om overleving.

Som pårørande står du i ein stressande og usikker situasjon. Vi håpar du vil ha nytte av informasjonen under, og at du kan få svar på nokre av spørsmåla dine. Vi er her for deg og dine næraste.

Telefonnummer til sentralen i avdelinga er 55 97 24 50 eller 55 97 24 51.
Vi set pris på at du presenterer deg med namn og slektskap/relasjon til pasienten når du ringjer. 

Du kan ringje til intensiv heile døgnet og få snakke med den sjukepleiaren som har 
ansvar for pasienten. Det er fint om du prøver å ringe oss utanom sjukepleiarane sine vaktskift: 07.00 - 07.30, 14.30 - 15.00 og 21.30 - 22.00. Vi vil gjerne snakke med deg, men vi ber om forståing for at vi ikkje alltid har mogelegheit for å snakke i telefonen, ring gjerne igjen seinare. Det er ikkje telefonar ved pasientsengene. 

 

Legar på avdelinga:

Legane har ein felles previsitt før dei går hovudvisitten, som oftast mellom kl. 09.00 og 11.00. Intensivlegane har tilsyn med pasienten gjennom heile døgnet, avhengig av pasienten sin tilstand. Det vil som oftast vere mange legar med ulike spesialitetar involverte. Intensivlegane vil normalt koordinere legetilsynet.

Previsitt på Intensiv der alle intensivlegene er samlet sammen med ansvarsvakt, ansvarlig sykepleier

 

Det er berre dei næraste pårørande som har rett på informasjon om pasienten (jamfør Lov om pasientrettigheter). Familien bør ha ein eller to kontaktpersonar som igjen oppdaterer dei andre pårørande. Dette er lurt både for dykkar eigen del og også mest praktisk for oss. Ofte er det mange som ønsker å vite korleis det går med pasienten. Vi vil då be andre som ringer om å snakke med kontaktpersonane.

Desse vil få fortløpande informasjon av personalet under intensivopphaldet, og vi oppfordrar deg til å spørje dersom det er noko du lurer på. Det er som oftast lege og sjukepleiar i samarbeid som gir informasjon. Det er best om du/de er tilgjengelege for dette på dagtid og om du ønskjer å snakke med lege er det om de avtaler tidspunkt med ansvarleg sjukepleiar. På kveld og natt er det færre legar til stades og dei må ofte prioritere pasientretta arbeid.

Mange synest det kan vere vanskeleg å hugse og forstå all informasjon, be gjerne om at vi gjentar. Det finst ingen dumme spørsmål! Det kan også vere lurt å notere informasjon, og skrive ned spørsmål etter kvart som dei dukkar opp.

Besøk hos pasienten

Som pårørande er du ein ressurs både for pasienten og for personalet. Du er velkommen til å vere hos din næraste i besøkstida (12-14 og 17-19). Den intensivsjukepleiaren som har ansvaret for pasienten, vil tilretteleggje for besøket.


Sidan all aktivitet (stell og undersøkingar) med og rundt pasienten ikkje alltid kan planleggast må du av og til vente før du kan kome inn på rommet. Ved stell og undersøkingar av andre pasientar på rommet, kan personalet be deg om å forlate 
pasientrommet ei stund. Vi ønsker å finne gode løysingar for alle, med hovudfokus på pasienten sitt beste.

Pasientane våre er svært utsette for infeksjonar. Vi ber derfor om at du vaskar hendene før og etter besøk hos pasienten. Spør oss om råd dersom du er forkjøla eller har vore i kontakt med andre sjuke menneske.  

Av omsyn til alle pasientane ber vi om:
• At du ventar på pårøranderommet dersom du ikkje kan kome inn på pasientrommet.
• At berre to besøkande går inn til pasienten samtidig.


Du kan henge frå deg yttertøy på pårøranderommet, men la ikkje verdisaker liggje 
utan tilsyn. For å unngå infeksjonar og allergiske reaksjonar kan vi dessverre ikkje ha blomar på pasientromma. Vi ber deg også om å unngå bruk av sterk parfyme.

Å vere pårørande til ein alvorleg/kritisk sjuk pasient kan vere ei stor påkjenning. Ein kan reagere ulikt i slike situasjoner, men dei fleste vil vera usikre og engstelege.

Det er naturleg at du som pårørande, særleg til barn, ønskjer å vere mest mogleg hos pasienten. Det er likevel viktig å ikkje slite seg heilt ut, og vi er alle tente med at du får nok mat, kvile og frisk luft. Vi vil informere og ta hand om deg så godt som 
vi kan. For mange kan vener og familie elles vere ein viktig ressurs i ei vanskeleg tid.

Vi på avdelinga kan formidle kontakt for pårørande som ønskjer å samtale med andre faggrupper på sjukehuset.
• Sjukehusprestane kan kontaktast heile døgnet. Dei har kompetanse og erfaring i å møte menneske i krise og i vanskelege situasjonar. Dei er først og fremst medmenneske som vil lytte til deg i din situasjon. Dersom du ønskjer det kan Prestetenesta formidle kontakt med representant for andre trus- eller livssynssamfunn.
• Sosionomar kan hjelpe med rettleiing om praktiske, økonomiske og sosiale problem.

 

Kven er næraste pårørande til intensivpasientar? 

I utgangspunktet er det berre ”næraste pårørande” som kan besøkje pasienten. 
Pasienten har ofte sjølv opplyst om kven dette er. I dei tilfella der vi ikkje veit dette, vil næraste pårørande vere den som har hatt varig/jamn kontakt med pasienten med utgangspunkt i denne rekkefølga: 
Ektefelle/partnar, barn, foreldre, søsken, besteforeldre og andre familiemedlemmer som står pasienten nær (Pasientrettighetsloven §1-3). Vi er opne for at også andre pårørande kan kome, men då etter avtale med pasienten sjølv/pårørande og ansvarleg sjukepleiar/lege.

Kommunikasjon med intensivpasienten

Intensivpasientar kan vere alt frå heilt vakne til djupt sovande/i koma. Vi kan ofte ikkje vite sikkert kor mykje ein pasient får med seg, og tek derfor alltid utgangspunkt i at pasienten høyrer det vi seier. Sjølv om pasienten ikkje gjev respons, oppfordrar 
vi deg til å snakke med vedkommande og gje deg til kjenne. Pasientar som er delvis vakne, vil gjerne merke at du er der, sjølv om dei ikkje er i stand til å gje deg tilbakemelding.

Parkerings- og reiseutgifter

Det er mogleg å parkere mot avgift på sjukehusområdet. Utgifter til reise og parkering for pårørande til vaksne pasientar blir ikkje dekka av sjukehuset. 
Pårørande til langtidspasientar kan få skjemaet ”Attestasjon for pasienter med langtidsopphold som har rett til parkeringskort til redusert pris”. Ved å levere utfylt skjema i resepsjonen i sentralblokka, får ein kjøpe 1- eller 2-vekers parkeringskort til kr. 350,- per veke


Pårøranderom på Intensiv

Pårørenderom på Intensiv med sofakrok
Bildetekst

Vi har to pårøranderom. I periodar kan vi ha svært mange pårørande i avdelinga. Plassen vil då bli avgrensa, og må delast på så godt råd er.

 

Dersom det blir for trongt, kan du/de eventuelt ta ein tur i kantina i 3.etaskje eller i venteområdet ved Pasientbiblioteket i 0.etasje. Det er ikkje tilrettelagt for overnatting på våre pårøranderom.

 

 

 

 

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma


Overnatting for pårørande

 Vi har to rom i 3.etasje der det er mogleg å overnatte. I utgangspunktet gjeld dette berre for ei natt og det er dei pårørande med størst behov som får førsteretten. 
Vi formidlar gjerne kontakt med Haukeland Hotell eller andre overnattingsstader i nærleiken. 


Måltid

Vi har dessverre ikkje noko kjøkken på avdelinga. Det er kiosk og kafé i 0. etasje (parkeringsdekket) og ei kantine i 3.etasje i Sentralblokka.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 


 
Sjukemelding

Våre legar kan dessverre ikkje skrive sjukemeldingar til pårørande, men du kan få ei skriftleg stadfesting på at pasienten er innlagt på intensiv. Dersom du treng sjukemelding, må du ta dette opp med fastlegen din. Pasienten vert sjukemeldt av ”moderavdelinga” sine legar. 

 

Mobiltelefonar

Desse kan verke forstyrrande på livsviktige medisinske apparat, også når det ikkje pågår samtale. Dei må derfor vere i flymodus når du er inne på pasientrommet. 
Mobiltelefon kan brukast på møterom og pårøranderom.

 

Alternativ behandling

Dersom du/de ønsker å bruke slik behandling i tillegg til tradisjonell medisin, er vi opne for at healarar eller andre kan kome. Dette må ikkje vere til hinder for den behandlinga vi gjev pasienten, og vi vil vite når dei kjem og kva dei skal gjere.

Det er vanleg at intensivpasientar hugsar lite eller ingenting frå sjølve intensivopphaldet. Nokon har uklare og til dels ubehagelege minne og førestellingar frå opphaldet. Felles for dei fleste er at intensivopphaldet representerer eit ”tomrom” i livet, og for nokre kan dette vere plagsamt i ettertid. Mange opplever dessutan at fasen etter eit intensivopphald inneber både fysiske og psykiske endringar. Forskning har vist at ei dagbok, med faktisk informasjon om det som skjedde under intensivopphaldet, kan vere nyttig i ettertid. Slik kan ein lettare forstå og takle det ein har vore gjennom.

 

 

 

Avdelinga skriv derfor dagbøker for ein del av pasientane, særleg dei vi reknar med 
blir på intensiv meir enn nokre få dagar. Intensivsjukepleiar informerer meir om dagbok og oppfølging for dei dette gjeld.

Foreldre/fosterforeldre til barn (<18 år) har rett til å vere hos barnet så mykje dei ønsker. Andre pårørande kan besøkje barnet berre etter avtale med avdelinga. Nokre prosedyrer er slik at vi av hygieniske årsaker ønsker at berre personalet er 
til stades. Vi ber om forståing for dette.


Stell

Sjølv om vi overvaker og passar på barnet kontinuerleg, er det viktig at de som foreldre/føresette deltek litt i nokre gjeremål i den grad de ønsker. Dette kan de avtale med den sjukepleiaren som har ansvar for barnet. Ta gjerne ein telefonsamtale med barnehage eller skule. Då vil personalet der bli betre i stand til å forklare for dei andre barna kvifor venen/veninna er borte frå skulen. Dersom barnet har søsken, kan det også vere lurt å snakke med personalet i deira barnehage/skule slik at dei står betre rusta til å møte eventuelle reaksjonar.

Leikar

Koseleike og bilde kan takast med heimefrå, men av hygeniske årsaker ønsker vi å avgrense talet til 2 – 3. Ballongar kan ein ikkje ta inn i avdelinga grunna latexallergi.


Matkupongar

Som foreldre til barn under 18 år får de utdelt matkupongar som de kan bruke i sjukehuset si kantine. Desse får de av den sjukepleiaren som er hos barnet eller av den som sit i sentralen på intensiv.


Reise- og parkeringsutgifter

I samsvar med forskrift om barn sitt opphald i helseinstitusjon er det berre når barnet er alvorleg/livstrugande sjukt at begge foreldra har krav på å få dekka overnatting, kost og reise. Når barnet blir overflytta til vanleg avdeling, er det som regel berre den eine av foreldra som får dekka desse utgiftene. 
 
Ta vare på kvitteringar og dokumentasjon. Fyll ut skjemaet ”Pasientreiser - krav om 
dekning av utgifter”. Dersom de ikkje har fått skjemaet på moderavdelinga, må de be om det under opphaldet. Send utfylt skjema med dokumentasjon til adresse oppgjeven på skjemaet (innan 6 mnd. etter utskriving).

Barn som pårørande

Barn og ungdom som har nære familiemedlemmer på intensiv, er hjarteleg velkomne til å besøkje den sjuke på intensivavdelinga. Vi oppfordrar til at barn og ungdom får informasjon om den sjuke sin tilstand. Planlegg besøket saman med ansvarleg sjukepleiar, særleg når barnet kjem til avdelinga for første gong. Det er ikkje eit mål at eit slikt besøk skal vere langvarig. 

Teknisk utstyr og alarmar:

På Intensiv er medisinsk-teknisk utstyr viktige hjelpemiddel for å kunne overvake og behandle pasienten på best mogleg måte. Alt slikt utstyr kan og skal gje oss alarmar når verdiar går over eller under innstilte, definerte grenser. Alarmane er der for å gje ein ekstra tryggleik. Det at en alarm går, tyder sjeldan at pasienten er i akutt fare. Det er ei melding til oss som er vane med å skilje mellom viktige og mindre viktige alarmar, og handle deretter. Behandling med respirator (pustemaskin). Vi brukar respiratorbehandling når pasienten si eiga evne til å puste ikkje er god nok. Respiratoren bles inn ei blanding av oksygen og luft, anten gjennom ei maske pasienten har rundt munn/nase, eller gjennom ein tube (eit plastrøyr) plassert i luftrøyret. For at pasienten skal ha det så godt som mogleg, utan for mykje ubehag, gjev vi oftast smertelindrande og roande medisin (sovemedisin) når pasienten har tube i luftrøret. 


Når vi ser at respiratorbehandlinga kjem til å vare fleire dagar, erstattar vi ofte tuben med ein trakealkanyle. Pasienten får då narkose og med eit lite inngrep plasserer vi ein kort kanyle direkte gjennom huda på halsen og inn i luftrøyret. Slik avlastar vi dei kjenslevare områda i munn og svelg, og pasienten kan vere meir vaken med 
mindre ubehag. Når pasientar får respiratorbehandling gjennom ein tube, går det ikkje luft forbi stemmebanda. Derfor kan ikkje pasienten lage lyd og heller ikkje snakke. Stemma vil kome tilbake når tuben/trakealkanylen blir fjerna.


Overvakningsutstyr/monitorar

Skjermen over hovudenden på senga gjev inga behandling i seg sjølv, men viser blant anna hjarterytme, blodtrykk og surstoffinnhald i blodet. Dette er heilt nødvendig informasjon for å kunne overvake pasienten. Ofte vil skjermen også vise 
andre tal frå frå meir kompliserte målingar.

Infusjons- og sprøytepumpe

Dette er pumper som sørger for at medisinar og væsker blir tilførte med jamn fart. Dette kan for eksempel vere smertelindrande og roande medikament eller medisiner mot lågt blodtrykk. Dei fleste intensivpasientar får medisinar og væsker tilført rett i blodet (intravenøst). Ernæring gjev vi anten direkte i magesekken via ein sonde eller rett i blodet, dersom pasienten ikkje et sjølv.

Døgnrytme

På dagtid er det stor aktivitet i avdelinga. Stell, legevisittar, fysioterapi, ei rekke prosedyrar og undersøkingar blir utførte på dagtid. Pasientane blir fort slitne. For å få nødvendig ro og kvile, er det viktig at dei i periodar vert skjerma for forstyrrande sanseinntrykk. 


Vi har faste besøkstider, og prøver å ha ein mest mogleg normal døgnrytme med ro og kvile om natta.

Ansatte i hvit uniform i hjertet av Intensivavdelingen

 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kvar finn du Intensiv?


Intensivavdelinga er plassert i Sentralblokka i 1. etasje i ”sør” (hovudinngangen er i 0. etasje). Følg skilt til Intensivmedisinsk seksjon. Når du skal inn på avdelinga, som er lukka, må du ringje på ringeklokka på venstre side ved inngangsdøra og seie kven du er og kven du skal besøke.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Aktuelle saker