Plastikkirurgi og brannskade

Ved "Avdeling for plastikk-, hånd- og rekonstruktiv kirurgi og Nasjonalt brannskadesenter" blir pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar behandla når operasjonsindikasjonen gir grunnlag for behandling i det offentlege helsevesen. Aktiviteten er fordelt mellom sengepost og poliklinikk.

Les meir om Plastikkirurgi og brannskade

Plastikkirurgi og brannskade

Hos oss blir pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar behandla. Avdelinga er ei av fem under Kirurgisk klinikk.   

Avdelinga har totalt 23 sengeplassar. Brannskadeavsnittet er en del av avdelinga og  har åtte senger. Plastikkirurgisk sengepost har 15 senger.

Avdelinga disponerer også sju senger ved pasienthotellet Haukeland Hotell som ligg like ved sjukehuset.

Barna som blir lagt inn ved avdelinga held til på Barnekirurgen, post 1, i Sentralblokka.

Avdelinga utdannar spesialistar i plastikkirurgi. Medisin- og sjukepleiarstudentar i grunnutdanning får også undervising og praksis ved avdelinga.

Om behandling og kirurgi

Her finn du informasjon om generell behandling og kirurgi som blir utført hos oss. Vi utfører:

  • Handkirurgi
  • Mammakirurgi
  • Microkirurgi
  • Tumorkirurgi
  • Korrigering av urogenitale misdanningar
  • Intersex
  • Leppe-kjeve-ganespalte
  • Mindre brannskadar
  • Rekonstruktiv kirurgi

I forbindelse med skadekirurgi har avdelinga spesiell kompetanse i bløtvevsdekning av sår og defektar. Plastikkirurgane har hovudansvaret for behandling av pasientar med nekrotiserande bløtvevsinfeksjonar.

Etter større skader eller operasjoner på grunn av malign sykdom kan det være behov for kirurgisk rekonstruksjon og oppbygging av kjevene. Behandlinga går føre seg ved Kjevekirurgisk avdeling i samarbeid med øyre-nase-halsavdelinga og plastikkirurgisk avdeling.

Leppe-kjeve-ganespalte

Avdelinga har fleirregionale funksjonar i forhold til barn med leppe-kjeve-ganespalte. Barna blir behandla i tverrfaglege team og blir følgt frå dei er fødd fram til vaksen alder.

Etter fødselen blir barnet tilvist til eit av dei to sentera for spalte i Norge, enten i Bergen eller Oslo. Spalteteamet behandlar:

  • Barn med leppe-kjeve-ganespalte
  • Barn med skjult ganespalte
  • Barn og vaksne med talevanskar som blir vurdert for kirurgisk behandling


Barn som skal ha leppeoperasjonar blir innlagde på Barneklinikken.

Barn og ungdom som skal ha operasjonar som ganelukking, beintransplantasjon eller andre operasjonar på svelg og nase blir innlagde på Barnekirurgen. Pasientar i alderen 16– 18 år blir i nokre tilfelle innlagde på Kirurgisk klinikk, Post 4 Plastikkirurgi / karkirurgi.

Les meir om behandlingstilbodet for leppe-kjeve-ganespalte

Aktivitet

Her går føre seg både utgreiing, dagkirurgi og kontroll av pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar.

Dagkirurgi

Poliklinikk operativ eining, har to operasjonsstuer kor det dagleg blir utført kirurgi som arrkorreksjon, håndkirurgi, fjerning av hudsvulstar og andre operative inngrep. Her blir og utført meir omfattande operasjonar som krev narkose. I fjor blei det utført ca 1700 dagkirurgiske inngrep.

Kontroll og etterbehandling

Ei rekkje pasientar som har blitt operert for handskadar treng opptrening over lengre tid. Dei blir følgt opp av fysioterapeut og ergoterapeut med spesiell kompetanse i rehabilitering av slike skader. I fjor utgjorde denne gruppa 1252 av konsultasjonane ved poliklinikken.

Refusjon av bandasjemateriell

Brukarar med kroniske/ alvorlige sår kan søkje HELFO om å få dekka utgiftar til bandasje materiell. 

Kva skal til for at du får dekka utgiftene?

Legen må bekrefte at:

  • Du har kroniske og alvorlige sår og fistlar – som for eksempel kreftsår, trykksår (liggesår), venøse leggsår, diabetiske sår og arteriosclerotiske sår
  • Behovet for materiellet må vare minst tre månader i løpet av eit kalenderår
  • Materiellet må være kjøpt på apotek eller hos bandasjist
  • Det ikkje er heimesjukepleie som steller såra
  • Om såra blir stelt av heimesjukepleie, er det kommunen som skal dekke utgiftene – og du kan ikkje søke HELFO om dekning av disse utgiftene

Brukarar som får godkjent refusjon betaler eigendel (1775,- kr per 17.01.16). På beløp overstigande dette, dekker HELFO 90 % og bruker 10 %. Denne eigendelen inngår ikkje i frikortordninga for helsetenester.

Første gang du søker om slik dekning, er det vanlegvis legen som fyller ut skjemaet «Søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell» (pdf)

Dersom søknaden blir godkjent, vil du få tilsendt eit vedtak i posten frå HELFO. Dette vedtaket gjeld for eit kalenderår av gongen.

Utgiftene dine blir dekka ved at du fyller ut og sender inn skjema. «Kvitteringsskjema for utgifter som kan dekkes etter folketrygdloven» (pdf)

  • Krav om refusjon skal setjas fram innan 6 månader året etter du hadde utgifta. Dvs. innan 30. juni påfølgjande år. Det er krav til original og spesifisert kvittering
  • Søknaden sendes det HELFO-kontor brukaren er tilknytt
  • Dersom ein ikkje er i stand til å betale eigenandel sjølv, kan det søkjast om dekning til bidrag for dette hos HELFO

For utfyllande informasjon - sjekk dine pasientrettar på helsenorge.no

Kontakt

Oppmøtestad

Du finn oss i Sentralblokka.

  • Telefon - ekspedisjon: 55 97 28 42
  • Brannskadeavsnittet: 55 97 35 60
  • Post 4: 55 97 35 50
  • Poliklinikk operativ enhet: 55 97 28 05, telefontid Kl. 09.00-11.00 og 13.00-14.30, måndag, onsdag og fredag
  • Leppe-kjeve-gane spalte teamet: 55 97 62 86, telefontid Kl. 09.30-11.00 og 13.00-14.30, måndag, onsdag og fredag


Logg inn for å endre time

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.


Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.


Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​

Brannskadarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskadarBrannskadarBBrannskaderBrannskaderBrannskaderBrannskader
Brannskade - elektrisk brannskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskade-elektrisk-brannskadeBrannskade - elektrisk brannskadeBBrannskade - Elektrisk brannskadeElektrisk brannskadeElektrisk brannskadeBrannskade - Elektrisk brannskade
Brannskade - Flammeskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskade-flammeskadeBrannskade - FlammeskadeBBrannskade - FlammebrannskadeFlemmebrannskadeFlammebrannskadeBrannskade - Flammebrannskade
Brannskade - Kjemisk brannskade / etseskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskade-kjemisk-brannskade-etseskadeBrannskade - Kjemisk brannskade / etseskadeBBrannskade - Kjemisk brannskade / etseskadeKjemisk brannskade / etseskadeKjemisk brannskade / etseskadeBrannskade - Kjemisk brannskade / etseskade
Brannskade - kontaktskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskade-kontaktskadeBrannskade - kontaktskadeBBrannskade - KontaktskadeBrannskade - KontaktskadeBrannskade - KontaktskadeBrannskade - Kontaktskade
Brannskade - rehabilitering og etterbehandlinghttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskade-rehabilitering-og-etterbehandlingBrannskade - rehabilitering og etterbehandlingBBrannskade - rehabilitering og etterbehandlingBrannskade - rehabilitering og etterbehandlingBrannskade - rehabilitering og etterbehandlingBrannskade - rehabilitering og etterbehandling
Brannskade - skåldingsskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/brannskade-skaldingsskadeBrannskade - skåldingsskadeBBrannskade - SkåldingsskadeSkåldingsskadeSkåldingsskadeBrannskade - Skåldingsskade
Brystreduserende operasjon, mannhttps://helse-bergen.no/behandlinger/brystreduserende-operasjon-mannBrystreduserende operasjon, mannBBrystreduserende operasjon, mannBrystreduserende operasjon, mannBrystreduserende operasjon, mannBrystreduserende operasjon, mann
Fysioterapi etter brannskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/fysioterapi-etter-brannskadeFysioterapi etter brannskadeFBrannskade - fysioterapiBrannskade - fysioterapiBrannskade - fysioterapiBrannskade - fysioterapi
Hudtransplantasjon ved brannskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/hudtransplantasjon-ved-brannskadeHudtransplantasjon ved brannskadeHBrannskade - hudtransplantasjonBrannskade - hudtransplantasjonBrannskade - hudtransplantasjonBrannskade - hudtransplantasjon
Kutan abscess, furunkel og karbunkelhttps://helse-bergen.no/behandlinger/kutan-abscess-furunkel-og-karbunkelKutan abscess, furunkel og karbunkelKKutan abscess, furunkel og karbunkelKutan abscess, furunkel og karbunkelKutan abscess, furunkel og karbunkelKutan abscess, furunkel og karbunkel
Leppe-kjeve-ganespaltehttps://helse-bergen.no/behandlinger/leppe-kjeve-ganespalteLeppe-kjeve-ganespalteLLeppe, kjeve- og ganespalteLeppe, kjeve- og ganespalteLeppe, kjeve- og ganespalteLeppe, kjeve- og ganespalte
Mikroti, rekonstruksjon av ytre øyrehttps://helse-bergen.no/behandlinger/mikroti-rekonstruksjon-av-ytre-oyreMikroti, rekonstruksjon av ytre øyreMMikroti - rekonstruksjon av ytre øretMikroti - rekonstruksjon av ytre øretMikroti - rekonstruksjon av ytre øretMikroti - rekonstruksjon av ytre øret
Mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskaderhttps://helse-bergen.no/behandlinger/mottak-og-akuttbehandling-ved-alvorlige-brannskaderMottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskaderMBrannskade - mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskaderBrannskade - mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskaderBrannskade - mottak og akuttbehandling ved alvorlege brannskadarBrannskade - mottak og akuttbehandling ved alvorlige brannskader
Operasjon av brannskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/operasjon-av-brannskadeOperasjon av brannskadeOBrannskade - operasjonBrannskade - operasjonBrannskade - operasjonBrannskade - operasjon
Sårstell etter brannskadehttps://helse-bergen.no/behandlinger/sarstell-etter-brannskadeSårstell etter brannskadeSBrannskade - sårstellBrannskade - sårstellBrannskade - sårstellBrannskade - sårstell

Brannskadehttps://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/plastikkirurgi-og-brannskade/brannskadeBrannskade
Plastikkirurgihttps://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/plastikkirurgi-og-brannskade/plastikkirurgiPlastikkirurgi