Gastrokirurgisk avdeling

På Gastrokirurgisk avdeling kjem pasientar til undersøking og behandling av sjukdom og skader i fordøyelsessystemet. Det omfattar både fordøyelsesorgan (matrøyr, magesekk, tarm og endetarm) og tilhøyrande indre organ (lever, galle og bukspyttkjertel).
Les meir om Gastrokirurgisk avdeling

Gastrokirurgisk avdeling

Om organisasjon og leiing

Gastrokirurgisk avdeling er ein av fem fagavdelingar i Kirurgisk klinikk. , leia av klinikkdirektør  John-Helge Heimdal

Forløpskoordinator

På avdelinga har vi to forløps-/kreftkoordinatorer som du kan ta kontakt med dersom du er tilvist eller er under utgreiing for kreft eller har fått påvist kreft.

Forløpskoordinatoren vil veilede deg gjennom utgreiinga og vere kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt med disse. De skal ta hverandres telefon ved fravær.

Kristine Skulstad  er forløpskoordinator for pasientar med kreft i:

  • Tynntarm
  • Tjukktarm
  • Endetarm

Ho treff du måndag til fredag, mellom klokka 08:30 og 14:30 på tlf: 55972814

Tove Halvorsen Næss er forløpskoordinator for pasientar med kreft i:

  • Spiserør/magesekk
  • Lever/galle
  • Bukspyttkjertel

Ho treff du måndag til torsdag, mellom klokka 08:30 og 14:30 på tlf: 55970699

Informasjon til pasientar

Informasjonsbrosjyrar Om gastroenterologisk kirurgi Planlagt innlegging Eit døgn på post Etter operasjonen Systematisk oppfølging Utskriving Refusjon av bandasjemateriell


Å jobbe på gastrokirurgen 1 og 3 


Les meir om korleis det er å jobbe med oss 

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Kirurgisk ekspedisjon  i 5. etasje i Sentralblokka.

Telefon
Ekspedisjon - 55 97 28 42 , mån-fre kl. 08.30-15.00
Kirurgen 1- 55 97 34 00
Kirurgen 3 - 55 97 35 03
Poliklinikk - 55 97 27 98 , mån-fre kl. 08.00-15.30
Innleggingstelefon - 55 97 39 30 , mån-fre kl. 09.00-11.00
Du kan også kontakte oss via de påloggbare tjenestene på Helsenorge:
Sentralblokka
Besøksadresse
Haukelandsveien 22(Kart)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

På grunn av koronavirus-utbrotet er det innført ei midlertidig rettighetsendring for pasientreiser frå 12.mars, som gjer at pasientar no får dekka eigen bil med tilleggsutgifter.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover. Vi tar imot bestillingar for pasientar med behov der det ikkje er mistanke om smitte.

Pasientar kan søke om å få dekka reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Koronavirus: Adgangskontroll på sjukehuset

Det er innført adgangskontroll på haukelandområdet for å ivareta smittevern for pasientane. Under smittesituasjonen med koronaviruset må vi avgrense talet på besøkande til sjukehuset. Berre pasientar som treng følgje kan ha pårørande med inn på sjukehuset.
Dette kun etter avtale med avdelinga.

Barn/unge og fødande kan ha med seg éin pårørande.

Les mer om adgangskontroll på sjukehuset

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta imot besøk også utanom visittida. Viss pasienten deler rom med nokon, er det av omsyn til den/dei andre fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtaler besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.
Det er hyggeleg med blomar, men på grunn av liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og liknande er det ønskeleg at dette vert begrensa. Det kan jo vere vel så kjekt å få ein blom etter at ein har komme heim.

Blindtarmbetennelsehttps://helse-bergen.no/behandlinger/blindtarmbetennelseBlindtarmbetennelseBBlindtarmbetennelseBlindtarmbetennelseBlindtarmbetennelseBlindtarmbetennelse
Bukspyttkjertelkrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/bukspyttkjertelkreftBukspyttkjertelkreftBBukspyttkjertelkreftBukspyttkjertelkreftBukspyttkjertelkreftBukspyttkjertelkreft
Crohns sjukdom - operasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/crohns-sjukdom-operasjonCrohns sjukdom - operasjonCCrohns sykdom - operasjonCrohns sykdom - operasjonCrohns sykdom - operasjonCrohns sykdom - operasjon
Divertikkelsykdom i tarm (divertikulitt)https://helse-bergen.no/behandlinger/divertikkelsykdom-i-tarm-divertikulittDivertikkelsykdom i tarm (divertikulitt)DDivertikkelsykdom i tarmDivertikkelsykdom i tarmDivertikkelsykdom i tarmDivertikkelsykdom i tarm
Endetarmsfremfallhttps://helse-bergen.no/behandlinger/endetarmsfremfallEndetarmsfremfallEEndetarmsfremfall - operasjonEndetarmsfremfall - operasjonEndetarmsfremfall - operasjonEndetarmsfremfall - operasjon
Galleveiskrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/galleveiskreftGalleveiskreftGSáhppeborasdávdaGalleveiskreftGalleveiskreftGalleveiskreft
Gastroøsofageal refluks, operasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/gastroosofageal-refluks-operasjonGastroøsofageal refluks, operasjonGGastroøsofageal refluks, operasjonGastroøsofageal refluks, operasjonGastroøsofageal refluks, operasjonGastroøsofageal refluks, operasjon
Kolangiokarsinomkirurgi ved galleveiskrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/kolangiokarsinomkirurgi-ved-galleveiskreftKolangiokarsinomkirurgi ved galleveiskreftKGalleveiskreft - KolangiokarsinomkirurgiGalleveiskreft - KolangiokarsinomkirurgiGalleveiskreft - KolangiokarsinomkirurgiGalleveiskreft - Kolangiokarsinomkirurgi
Leverkrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/leverkreftLeverkreftLVuoivvasborasdávdaLeverkreftLeverkreftLeverkreft
Navlebrokkhttps://helse-bergen.no/behandlinger/navlebrokkNavlebrokkNNavlebrokkNavlebrokkNavlebrokkNavlebrokk
Spiserørs- og magesekkrefthttps://helse-bergen.no/behandlinger/spiserors-og-magesekkreftSpiserørs- og magesekkreftSČotta ja čoavji - boras dávddaSpiserørs- og magesekkreftSpiserørs- og magesekkreftSpiserørs- og magesekkreft
Tarmslyng (Ileus)https://helse-bergen.no/behandlinger/tarmslyng-ileusTarmslyng (Ileus)TTarmslyng (Ileus)Tarmslyng (Ileus)Tarmslyng (Ileus)Tarmslyng (Ileus)
Ulcerøs kolitt, operasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/ulceros-kolitt-operasjonUlcerøs kolitt, operasjonUUlcerøs kolitt - operasjonUlcerøs kolitt - operasjonUlcerøs kolitt - operasjonUlcerøs kolitt - operasjon
Whipple's operasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/whipples-operasjonWhipple's operasjonWBukspyttkjertelkreft - Whipple’s operasjonBukspyttkjertelkreft - Whipple’s operasjonBukspyttkjertelkreft - Whipple’s operasjonBukspyttkjertelkreft - Whipple’s operasjon

Gastrokirurgisk poliklinikkhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/gastrokirurgisk-avdeling/gastrokirurgisk-poliklinikkGastrokirurgisk poliklinikk
Seksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgihttps://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/gastrokirurgisk-avdeling/seksjon-for-kolorektal-gastroenterologisk-kirurgiSeksjon for kolorektal gastroenterologisk kirurgi
Seksjon for øvre gastroenterologisk kirurgihttps://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/gastrokirurgisk-avdeling/seksjon-for-ovre-gastroenterologisk-kirurgiSeksjon for øvre gastroenterologisk kirurgi
Stomiklinikkenhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/gastrokirurgisk-avdeling/stomiklinikkenStomiklinikken

Fann du det du leita etter?